Asheim vil ikkje ha grense for bruk av konsulentselskap i utdanningssektoren
PR- og konsulenthjelp. Det bør ikkje setjast noko tak på kor mykje pengar utdanningsinstitusjonane kan bruke, meiner forskings- og høgare utdanningsminister, Henrik Asheim.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Jeg kan ikke på generelt grunnlag ta stilling til hvor mye statlige universiteter og høyskoler bør bruke på konsulenter. Jeg mener uansett det ikke bør settes en grense», seier Henrik Asheim (H) i svar til Senterpartiets utdanningspolitiske talskvinne, Marit Knutsdatter Strand (Sp), etter at ho retta spørsmål til statsråden om konsulentbruken i sektoren.
Det er merkeleg at statstråden ikkje er meir opptatt av at løyvingar til høgare utdanning går til nettopp det.
Marit Knutsdatter Strand (Sp)
Bakgrunnen er Khronos artiklar om konsulentutgiftene ved Nord universitet. Strand ville mellom anna vite kva statsråden meinte var grensa for pengebruk på konsulentar går før det går ut over samfunnsoppdraget, forskinga og utdanningstilbodet.
Nord universitet har brukt rundt fire millionar kroner på private konsulentselskap i samband med omstrukturering av studiestader og til PR-hjelp. Nyleg har universitetet i tillegg inngått ein millionavtale med Ernst&Young for å få konsulenthjelp i nedbemanningsprosessen for Fakultet for lærarutdanning, kunst og kultur.
Statsråd Asheim meiner den «enkelte institusjon bør selv vurdere behovet for å bruke konsulenter ut ifra blant kompetanse og andre ressurser».
Det svaret er Strand ikkje fornøgd med.
— Eg meiner det er feil bruk av pengar å hyre inn konsulentar så hyppig for å få til omstilling og spare pengar. Det er merkeleg at statstråden ikkje er meir opptatt av at løyvingar til høgare utdanning går til nettopp det, seier Strand.
Nyeste artikler
Reagerer på samskipnadens respons da samboeren banket henne opp på studenthybelen
Budsjett- eller ledelseskrise ved norske universitet?
Organistyrket er vel framleis den einaste lovpålagde musikarstilling i landet
Praktisk kunnskap og profesjonsutdanningene
Færre skal jobbe ved Nord universitet. — Blir nokre krevjande rundar
Mest lest
Gruppa skal jobbe for mangfold og likestilling. 14 av 16 er kvinner
Stipendiat ble tvunget til å avslutte sin doktorgrad. Tapte rettssaken
Misforstått om plagiat
Økende arbeidsledighet blant nyutdannede jurister
Over halvparten leverte negativt driftsresultat