Debatt ● Arvid Hallén og Gunnar Yttri
Byråkratiet seinkar Universitetet på Vestlandet
Nokut set universitetssøknaden til Høgskulen på Vestlandet på vent i trekvart år. Arbeidet har hopa seg opp i det statlege forvaltingsorganet. «Liggetid» har blitt formalisert rutine.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
19. juni leverte Høgskulen på Vestlandet (HVL) søknad om å verte akkreditert som universitet til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut). Responsen uroar. Med tilvising til kapasitet og knappe ressursar kan ikkje Nokut byrja på handsaminga av søknaden før i april 2025. Følgjeleg kan ikkje Universitetet på Vestlandet verta verkeleg før eit godt stykke uti 2026.
HVL er Vestlandets største utdannar av grunnskulelærarar, barnehagelærarar, sjukepleiarar og ingeniørar. I det heile tilbyr me eit rikt spekter av profesjons- og arbeidslivsretta utdanningar. Med nær 16000 studentar og 2000 tilsette, og campus i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord, utgjer HVL ein stor kunnskapsressurs på Vestlandet. Me kvalifiserer årleg 3 000 kandidatar. Våre kandidatar går ut i, formar og skapar arbeidslivet. Langt dei fleste gjer det på Vestlandet.
Å byggja høgskulen vår om til Universitetet på Vestlandet er ein offensiv for å styrka kvaliteten i utdanning og forsking. Universitetet på Vestlandet vil stå sterkare i konkurransen om studentar, fagfolk og forskingsmidlar. Me vert ein meir attraktiv samarbeidspart på Vestlandet, i Noreg og internasjonalt.
Universitetet på Vestlandet vil spela ei endå sterkare rolle i samfunns- og arbeidsliv. Sidan skipinga i 2017 har HVL arbeidd målretta for å stetta dei krav som er sette for å verta universitet i Noreg. Dialogen mellom HVL og Nokut har i alle desse åra vore god, jamn og profesjonell. Og når Nokut fører tilsyn, så stiller og leverer HVL på tid uavhengig av kva arbeidsoppgåver me elles står oppe i.
Me har slik hatt ei rimeleg forventing om at Nokut set i gang ein grundig og framdriftsorientert prosess når universitetssøknaden frå HVL endeleg ligg føre. Det å verta sett i korta av dyktige fagfelle og gjerne måtta forbetra oss på vegen, er ein viktig del av dette. Tidsbruk til kritiske faglege vurderingar og gode administrative prosedyrar må me sjølvsagt gjera rekning med.
Det vil gagna utdanning og forsking og det omkringliggjande samfunnet å rusta landet med eit system som kan handtera dette både grundig og effektivt.
Arvid Hallén og Gunnar Yttri
Men at eit nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga formelt opererer med «liggetid» på over trekvart år før handsaminga kan byrja, er korkje heldig eller rimeleg for HVL. Det kan heller ikkje vera godt for ein utdanningssektor i rivande utvikling og med store føreliggjande samfunnsoppgåver.
I desse dagar er nye krav til nye universitet i Noreg i kjømda. Styresmaktene siktar mot det enkle og smidige. Det er venta at fleire høgskular og vitskaplege høgskular i nær framtid vil søka om universitetsstatus. Det vil gagna utdanning og forsking og det omkringliggjande samfunnet å rusta landet med eit system som kan handtera dette både grundig og effektivt.
Nyeste artikler
Bygde egen ChatGPT for å formidle forskning. — Vi må tenke nytt
Kunstig intelligens er en avsporing
Universitetet i Bergen vil boikotte eksamensavgift
Lærerutdanning i krise: Mindre undervisning, og undervisere som sliter
Magne Haakstad (1942-2024)
Mest lest
Dag O. Hessen innklaget til forskningsetisk utvalg
For fem år siden vant han nobelprisen. Nå er 13 av artiklene hans trukket
Om min «plagiering» og bruk av egen tekst
Realnedgang for universiteter og høgskoler, mer til fagskoler
Ny rangering: Disse rektorene leder Nordens beste universiteter