Debatt ● Johanne Raade, Jan Gunnar Winther, Aysa Ekanger og Bror-Magnus S. Strand
Derfor har UiT signert Barcelona-erklæringa
Openheit har ein grunnleggjande verdi for forsking og kunnskapsutvikling, skriv forfattarane frå UiT.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Openheit har ein grunnleggjande verdi for forsking og kunnskapsutvikling. Til det betre for forskinga og samfunnet, har forskinga blitt stadig meir open. Dette gjeld fleire delar av forskingsprosessen: forskingsresultat blir publiserte med open tilgang, forskingsdata blir delt ope, det same med kjeldekode, lab-bøker, og så vidare. Men forskingsinformasjonen – det vil seie metadata om forskingsresultat, finansiering, organisasjonar, bidragsytarar og så vidare – er derimot framleis i stor grad låst bak betalingsmurar og i proprietære system. Dette hindrar rettvis tilgang, fordi det ikkje er alle forskingsinstitusjonar som kan ta seg råd til å kjøpa dyre tenester som Scopus eller Web of Science. Internasjonale universitetsrangeringar støttar seg også på slike lukka system for forskingsinformasjon. Dette gjer at kåringane blir lite transparente.
UiT Noregs arktiske universitet er det første norske universitetet som signerer Barcelona-erklæringa for open forskingsinformasjon. Dette er ikkje berre ei symbolsk handling, men ei konkret forplikting til å bidra til meir opne, transparente og rettvise system for forskingsinformasjon. Her er fire grunnar til at UiT har signert Barcelona-erklæringa:
- Openheit som norm. Openheit og transparens er ein styrke som gir eit betre grunnlag for beslutningsprosessar, kunnskapsdeling, samarbeid og innovasjon. Barcelona-erklæringa forpliktar oss til å gjera openheit til standarden for forskingsinformasjon. Dette gjeld ikkje berre i forskingsproduksjonen, men også informasjon vi brukar på andre måtar, slik som metadata for å evaluera forsking og forskarkarrierar, og som eit grunnlag for strategiske avgjersler.
- Meir rettvise system og tenester. For å oppnå openheit må me bruka system som støttar opne standardar. Mange forskingsdatabasar i dag, som Scopus og Web of Science, avgrensar tilgangen til metadata. Dette skapar ulikskapar i kven som kan bruka informasjonen. Opne løysingar, som OpenAlex, gir fri tilgang til bibliografiske data. Slike løysingar er avgjerande for å sikra rettvis tilgang til forskingsinformasjon.
- Stønad til opne infrastrukturar. Openheit krev robuste infrastrukturar. UiT bidrar allereie gjennom ulike tenester, med ope vitenarkiv (Munin), dataarkiv (DataverseNO), og publiseringskanal (Septentrio) som gjer metadata fritt tilgjengelege for alle. Ved å signera Barcelona-erklæringa forpliktar vi oss til å støtta, utvikla og bruka opne infrastrukturar, og det er ei investering i framtidas forskingssystem.
- Samarbeid for openheit. Overgangen frå lukka til opne system krev kollektiv innsats. Barcelona-erklæringa oppfordrar til samarbeid mellom institusjonar for å dela erfaringar og koordinera tiltak. Å vera ein del av denne globale rørsla er ein styrke for UiT. UiT er det første norske universitetet til å signera Barcelona-erklæringa, vi håpar vi ikkje blir det siste. Vi oppfordrar alle norske universitet og forskingsinstitusjonar til å bli med. Saman skapar vi eit forskingssystem der openheit er norma, ikkje unnataket.
Nylige artikler
Det amerikanske ekkoet i Helgheim-debatten
Forskningsintervjuene ble en befriende møteplass for Bente
150 år med ingeniørutdanning er historia om menneska som bygger Noreg
Stipendiaten fikk en melding på LinkedIn som skulle snu opp ned på alt
Sats på russiskfaget — tre enkle tiltak
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager
Så mye tjente «kjendisene» i akademia