fagskular
Dette studenttalet har dobla seg på sju år: — Ein juvel i utdanningssystemet vårt
Stadig fleire studentar vel å utdanne seg ved ein av fagskulane i landet.
Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning viser at talet på fagskulestudentar i Noreg har dobla seg sidan 2017.
I 2024 var det over 34.000 studentar ved fagskulane, skriv regjeringa i ei pressemelding.
— Denne regjeringa satsar på fagskulane — ein juvel i utdanningssystemet vårt. For å lukkast med den grøne og digitale omstillinga vi skal gjennom, er vi heilt avhengige av fagskulane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Ofte lang arbeidserfaring
Studentane ved fagskulane har ofte lang arbeidserfaring og studerer ved sidan av jobb, står det i pressemeldinga frå regjeringa.
72 prosent av studentane følgde nett- eller samlingsbaserte utdanningar ved fagskulane i 2024. 74 prosent var deltidsstudentar, men det er store forskjellar mellom dei ulike fagområda. Fleire av utdanningane er kortare løp tilpassa folk i arbeid.
Direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Sveinung Skule, meiner tala som no blir lagt fram tyder på at ein har lukkast med målet om tilgjengelege utdanningstilbod som er lausrivne frå geografi og livssituasjon.
Sigrun Aasland meiner at mindre detaljstyring og meir pengar frå regjeringa vil føre til at fagskulane får større fridom og betre moglegheiter til å tilpasse utdanningstilboda til skiftande behov i arbeidslivet.
Stortingsmelding
I 2024 var det totalt 419 ulike utdanningstilbod ved fagskulane, og over 34.000 studentar. Det er 2 500 fleire studentar enn i 2023.
63 fagskular, 18 offentlege og 45 private, tilbaud utdanning på 178 lærestadar i 2024. Trenden viser færre små, og fleire store fagskular. Sidan 2017 har talet på fagskular med 100 studentar eller færre gått ned, medan fagskular med over 1 000 studentar har auka.
Våren 2025 la regjeringa fram ei stortingsmelding om høgare yrkesfagleg utdanning. Meldinga vart behandla av Stortinget i mai.

Nylige artikler
Stjerneforskere måtte slutte etter kontakt med Epstein
Har etterlyst Gaza-sak i halvannet år. — Ikke godt nok
Fyrer løs mot rapport om forskning ved universiteter og høgskoler
Rapport med vesentlige feilslutninger
Slutt for denne lønnede utdanningen: — Dette er så viktig
Mest leste artikler
Stenger ute alle søkere fra Iran, Russland, Kina og Nord-Korea
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Berg-Hansen og jeg
Sensitive teknologier: Slik er Norges forskningssamarbeid med «risikoland». Samarbeider mest med Kina om KI
PST-sjef advarer mot spioner på Arctic Frontiers