akademisk fridom

Dømt til 15 år i fengsel for å forske på konflikt

Doktorgradsstipendiat Bahruz Samadov fryktar for eige liv. Eit grovt angrep på akademisk fridom, ifølgje internasjonale organisasjonar.

Mann med briller i fargerik skjorte står på gate foran stor bygning
Bahruz Samadov, som er doktorgradsstipendiat i Praha, er fengsla av aserbajdsjanske styresmakter etter forskingsarbeid i Nagorno-Karakh og publisering av kritikk mot regimet.

Den aserbajdsjanske statsvitaren, aktivisten og doktorgradsstipendiaten Bahruz Samadov har i fleire samanhengar ytra seg kritisk mot styresmaktene i heimlandet. I juni 2025 blei han dømt til 15 års fengsel for høgforræderi i ei lukka rettssak.

5. februar vart saka hans avvist av ankedomstolen i Baku og Samadov overført til høgrisikofengselet Umbaki.

Ei rekke internasjonale organisasjonar, blant dei Scholars at Risk, Amnesty International og norske SAIH, har protestert mot fengslinga og står no bak ein kampanje for å få sett Samadov fri.

Stipendiat i Praha

— Det er ei svært alvorleg sak og eit angrep på akademisk fridom som bør angå alle, studentar og akademikarar, også her i Noreg. Når samarbeid mellom forskarar blir gjort straffbart, går det på sjølve infrastrukturen i det internasjonale forskarfellesskapet, seier Henriette Reierson Johnstone, leiar i SAIH — Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond.

Ung kvinne i mørk genser står foran vegg med oransje plakat
Den alvorlege trusselen mot akademisk fridom i USA dominerer mediebildet. — Kanskje kan dette opne ein arena for å ta opp trusselen mot akademisk fridom i fleire land, seier Henriette Reierson Johnstone.

Dommen mot Samadov bygger på at han har forska på militær involvering i den betente konflikten mellom Aserbajdsjan og Armenia om Nagorno-Karabakh-regionen, og at han har hatt kontakt med armenske studentar og aktivistar.

Samadov, som er stipendiat ved Karlsuniversitetet i Praha, har i fleire år vore del av eit større nettverk av akademikarar, journalistar og aktivistar som har utfordra det autoritære regimet i heimlandet og krigføringa i Nagorno-Karabakh.

Håper på engasjement

Forholda i fengselet skal vere svært dårlege og gi grunn til alvorleg bekymring for helsa og tryggleiken til Samadov. I eit brev som Samadov fekk publisert 31. januar skriv han at han fryktar for eige liv.

SAIH har kontakta norske styresmakter i håp om at dei skal engasjere seg i saka. Saman med Amnesty International og Scholars at Risk har dei også sendt brev direkte til aserbajdsjanske styresmakter.

SAIH-leiar Henriette Johnstone håper norske akademikarar som engasjerer seg i diskusjonen om akademisk fridom også vil engasjere seg i denne saka.

— Når dei nasjonale garantiane sviktar, som her i Aserbajdsjan, er den internasjonale responsen avgjerande. Norsk akademia har eit ansvar for å vise solidaritet når kollegaer blir kriminalisert for arbeidet sitt, seier ho.

Powered by Labrador CMS