Debatt ● Øystein Monsen

Eg er ein «ung» forskar — kvifor les eg ikkje meir?

Når den direkte instrumentelle lesinga tek så mykje plass, forsterkar det dei negative tendensane til intellektuell einsretting, einardyrking og sneversyn som allereie ligg i akademia.

Eg er oppvaksen med både fransk litteraturteori, russiske romanar og tysk samfunnsanalyse. Om nokon skal ha føresetnadar for å lese heile vitskaplege bøker, er det meg, skriv forfattaren. — At eg ikkje føler at eg kan prioritere den typen lesing trur eg heng saman med ein grunnleggande endra samfunnsrolle for forskarane.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Når akademikarar og studentar sine lesevanar har endra seg, kan det ha tre forklaringar: Dei individa som søker seg til desse rollene kan ha endra seg, rollene sjølv kan ha endra seg, eller lesinga sin rolle har endra seg. 

Mi meining er at alle desse tre faktorane speler inn.

Eg er ein «ung» forskar, og temmeleg privilegert kva gjeld forskingstid (eg har ikkje undervising i det heile). Likevel kjenner eg meg veldig igjen når eg les Hillesund sin soge om akademikarar sine lesevanar; eg òg ser på h-indeks og siteringar når eg vel artiklar. 

Eg går heller ikkje ordentleg i djupa av heile teksten når eg les artiklar — som regel er eg ute etter noko heilt konkret og praktisk nyttig. Sist eg prøvde å lese ei heil bok om mitt fagområde (The Dialectical Biologist av Levins og Lewontin), laut eg kapitulere av di det vart for vanskeleg og tok for mykje tid. 

Det illevarslande her er min bakgrunn: Eg kjem frå det bergenske akademiske mellomlag, og er oppvaksen med både fransk litteraturteori, russiske romanar og tysk samfunnsanalyse. Om nokon skal ha føresetnadar for å lese heile vitskaplege bøker, er det meg.

At eg ikkje føler at eg kan prioritere den typen lesing trur eg heng saman med ein grunnleggande endra samfunnsrolle for forskarane. 

Frå å vere intellektuelle, danna inn i ein elitær, humanistisk tradisjon tufta på bredde og sjølvutvikling, er ein no i større grad ein reindyrka produsent. Det heng naturlegvis saman med utviklinga i akademia elles, og er ein internasjonal trend. 

Eg treff regelmessig svært intelligente menneske med heilt absurde oppfatningar; ein glimrande forskar fortalde meg heilt på alvor at ein ikkje kunne meine noko om støyforureining frå gruvedrift til havs ut frå forsking på støyforureining frå skip, av di det er forskjellige typar støy. 

Dette er ei haldning som gir meining om og berre om ein alltid tenkjar ut frå kva som er ansvarleg å skrive i ein vitskapleg artikkel. Med andre ord: Det gir berre meining om ein er ein veltilpassa forskar.

Når den direkte instrumentelle lesinga tek så mykje plass, forsterkar det dei negative tendensane til intellektuell einsretting, einardyrking og sneversyn som allereie ligg i akademia. 

Det gir dei som har oppnådd høg status ein grunn til å forsvare eit system som fungerer for dei (i denne samanhengen gir mykje av elitemotstanden mot den opphavlege versjonen av plan S meining), og gjer intern opposisjon svært vanskeleg. 

Ein ung akademikar vert raskt sosialisert inn i eit system som ein lyt meistre for å gjere suksess; om ein meistrar det, vil ein vanlegvis ikkje lenger sjå poenget med motstand. 

Effektiv opposisjon måtte ha kome frå ein organisert undergrunn med disiplin som får sjølvproletariserte ml-arar til å sjå ut som puddingar; ein lyt eventuelt gå inn som karrierist, jobbe knallhardt for å oppnå sine faste stillingar og store løyvingar og  gjere opprør.

Det er verdt å merke seg at dette systemet fungerer svært bra når det gjeld å produsere nyttig kunnskap. 

I mi fagkrins ser ein store framsteg på meir eller mindre månadleg basis på eit vis eg ikkje trur ville skjedd utan dette ekstreme produksjonsfokuset — det ein kan seie er akademiets kjerneoppgåver, altså produksjon av kunnskap og teknisk kompetanse, er altså teke i vare. 

Problemet er at ein dannar folk som tenkjer på kunnskap som ein bestillingsvare, og på samfunnssamtalen som ein marknadsplass. 

Det føreset at dei som skal sette kunnskapen ut i livet gjer det på rett vis. Det er ein form for ukritisk tenking som går føre seg; vitskapsfolk er ikkje lenger intellektuelle med ansvar for å påverke verda, men reine tekniske spesialistar med eit snevert mandat for å finne ut av spesifikke problemstillingar og elles halde seg ved sin lest. 

Konsekvensane får tenkjetankane ta seg av.

Det heile er kanskje best oppsummert av salige Tom Lehrer sin song om Wernher von Braun:

«Once the rockets go up,
who cares where they come down?
That’s not my department,
Says Wernher von Braun»

Powered by Labrador CMS