Debatt ● kåre fuglseth
Fire svake punkt i lærarutdanninga
«Vi må kunne tenkje nytt når det gjeld den femårige lærarutdanninga», skriv professor Kåre Fuglseth.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Den femårige lærarutdanninga GLU (grunnskulelærarutdanning) går til sommaren ut med sitt første kull. Det er på tide å gjere ei overordna vurdering av modellen, slik mellom Utdanningsforbundet har oppmoda til. For den nye regjeringa vil dette vere ei sentral utdanningspolitisk utfordring.
I staden for PEL-faget og masterfaget i fjerde året, kan ein gje studentane ein alternativ veg med to nye skulefag på 30 poeng.
Det er fleire grep i innhald og organisering som bør diskuterast, men det er kanskje fire svake punkt vi må sjå nøyare på:
- Rekrutteringa er ikkje særleg god, særleg i dei nordlegaste fylka.
- Modellen gjer at studentane låsast til utdanninga – det er få eller ingen vegar inn og ut av løpet.
- Studentane kjem ut med særs få fag og …
- etterlyser meir praksis. Eg tek utgangspunkt i utfordringa knytt til studie- og skulefag.
Studentar i GLU for trinna 1–7 kjem normalt ut med fire skulefag, 5–10 med tre. Om dei brukar eitt semester i utlandet, misser dei samstundes eitt undervisningsfag, av di studiar i eit slikt internasjonalt semester ikkje tel som skulefag.
Studentar i GLU 1–7 kjem då ut med berre tre fag, GLU 5–10 med berre to. Dette ser ut til å kunne få konsekvensar for kommunar med små skular som treng fleire lærarar enn før til å dekkje alle skulefaga. Sannsynleg har dette alt ført til nedlegging av skular og ei generell sentralisering, slik mellom anna framtidas distriktsskole har peika på.
Men det er med små grep mogleg å gjere noko med slike negative konsekvensar modellen fører med seg, utan at vi treng å gå attende til førre modell eller gå på akkord med kvalitet. Då er det i det fjerde og femte året ein kan gjere noko.
Her er eit forslag: I staden for PEL-faget og masterfaget i fjerde året, kan ein gje studentane ein alternativ veg med to nye skulefag på 30 poeng. Så kan dei gå rett i arbeid som godkjende lærarar for så å kome attende og gjennomføre resten av utdanninga og nødvendige PEL-studiar medan dei er i jobb eller etter 1–2 år i praksis. Skuleeigar må kunne heilt eller delvis betale for at dei får høve til å fullføre.
Dette vil kunne bøte på alle punkta 1–4 ovanfor. Terskelen med ei lang og einspora utdanning vil bli mindre og kunne lette rekrutteringa, og studentane kjem ut med fleire fag og blir meir brukelege i små skular. Studentane får òg verdifull erfaring dei kan ta med seg inn i arbeidet med masteroppgåva. Oppgåva blir praksisorientert frå nokon som veit kvar skoen trykkjer.
Vi må kunne tenkje litt nytt når det gjeld den femårige utdanninga. Den modellen eg har skissert treng likevel ikkje store endringar i forskrifta. Ein kan utnytte den pedagogiske mastervarianten som alt finst der.
Det blir mindre av den fagdidaktiske spesialiseringa som andre GLU-studentar får, men samstundes ville studentar etter dette alternativet få ein annan type spesialisering: dei blir allmennspesialistar.
Sannsynlegvis ville det vere lurt at éi av lærarutdanningane fekk prøve ut ein slik modell først. Utdanninga på Nesna som snart får eit nasjonalt senter for utdanning i distrikta, er ein naturleg kandidat i så måte.
Nylige artikler
Oi! Universiteter med eierskap i 79 selskaper
NTNU må trekke en tydelig linje mot våpen- og flerbrukssamarbeid
Mer forskningsmidler fra stiftelser og fond? Slik kan det gjøres.
66 tilsette sagt opp ved Københavns universitet
Gir regjeringa skylden for dårlig norsk på studier
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Artikkel om vindskala mest lest i 2025. SNL-sjefen er flau over nummer to på lista
Legger ned campuskafé. — Deprimerende å sitte her
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene