Debatt ● Anne Natvig

Forsking i blinde

Kulturdepartementet forventar at museum skal ha forsking som si «kjerneverksemd». Dette er nesten umogleg når forskarar i museum ikkje har tilgang til forskingslitteratur.

Her er det vegger som er sanert for asbest i Gunnerusbiblioteket. Flere skal saneres
Forskarar som jobbar på museum må tigge om tilgang frå vener i UH-sektoren, skaffe seg ei bistilling på universitet, eller håpe på velvillige folkebibliotekarar, skriv forfattaren.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Norske museum forvaltar vår felles historie og kulturarv. Det er ein god og viktig ting at museum står for eiga forsking. På den måten bidreg museum til forskingsbasert formidling, både i og utanfor museet. 

Dette var truleg òg tanken bak museumsmeldinga «Musea i samfunnet. Tillit, ting og tid» (Meld. St. 23 (2020-2021)). Den slår fast at musea som mottek driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD-museum) skal legge til rette for og drive forsking sjølve, og dessutan at «forsking er ein del av musea si kjerneverksemd».

Det er med andre ord slik at for å få pengar, må musea forske. Og om ein skal drive med forsking må ein ha tilgang til publikasjonane, og dei ligg ofte bak dyre betalingsmurar. 

Veldig få norske museum har råd til å bruke millionar for å sikre nokon få forskarar denne tilgangen. Det vil seie at dei fleste forskarar i KUD-museum anten må basere seg på det som tilfeldigvis finst av forsking med open tilgang, eller be kollegaer innanfor UH-sektoren om å hjelpe dei med å skaffe artiklar.

Her er nokre døme frå min eigen jobbkvardag. Eg jobbar i Nynorsk kultursentrum, og vi skal lage ei ny utstilling i Aasentunet. Tematikken fell saman med ein artikkel eg jobbar med, språk som premiss for demokrati. Men eg kan ikkje lese forskinga knytt til dette, berre sjå samandraga. 

Kort sagt, som museumsforskar kan eg ikkje gjere jobben min når den mest relevante forskinga ikkje ligg ute med open tilgang.

Anne Natvig

Vi kan kjøpe tilgang for éin og éin artikkel, men som alle forskarar veit, må ein pløye seg gjennom ei rekke tekstar for å finne det som er mest relevant. Å kjøpe éin og éin artikkel gjer arbeidet trått og tungvint. I den komande utstillinga er det ei rekke problemstillingar som skal utforskast, det vil vere nesten umogleg utan tilgang til forskinga. 

Kort sagt, som museumsforskar kan eg ikkje gjere jobben min når den mest relevante forskinga ikkje ligg ute med open tilgang. Kunnskapsgrunnlaget til artikkelen min manglar, og den komande utstillinga står i fare for å ikkje formidle den beste kunnskapen.

Eg trur ikkje det var dette Kultur- og likestillingsdepartementet hadde i tankane då dei skreiv Museumsmeldinga for 6 år sidan. I 2022 publiserte Museumsforbundet eit notat der dei skriv at situasjonen er prekær og føresetnadene for å drive forsking i musea ikkje er god nok. 

Dei peikar også på at å tigge om tilgang frå vener i UH-sektoren, skaffe seg ei bistilling på universitet, eller håpe på velvillige folkebibliotekarar «truer med å skape et kollegium av annenrangs forskere» i musea. 

Til trass for at dette er eit problem som gjeld museumsforskarar i heile Noreg, har ingenting skjedd sidan 2020.

Museumsforskarar i Danmark har hatt same problemet med mangel på tilgang til forsking.

Anne Natvig

Så kva er løysinga når museumsforskarane sit spreidd over heile landet? Dei flotte orda i museumsmeldinga må følgast opp med pengar til å gi tilgang, anten gjennom museet sin næraste høgskule eller universitet, eller via utvida tilgang gjennom Nasjonalbiblioteket eller universitetsbiblioteka. 

Museumsforskarar i Danmark har hatt same problemet med mangel på tilgang til forsking. Eit prosjekt med å gi økonomisk støtte til universitetsbibliotek for å ta inn forskarane i systema har vore vellykka. I tillegg til forskingstilgang har samarbeidet også ført kunnskapsmiljø i museum og UH-sektoren nærare kvarandre.

Dette burde vere mogleg også i Noreg!

Powered by Labrador CMS