Debatt ● 11 NIFU-forskarar

Forskingsetikken på spel

Om det som skjer på Gaza i dag, og ansvaret som det israelske sivilsamfunnet har, ikkje er nok – kva skal til for at norske institusjonar innfører akademisk boikott?

Vi meiner at norske forskingsleiarar ikkje kan skyve den akademiske fridomen framfor seg, når forskingsetikken gjer det uforsvarleg å samarbeide med israelske forskingsinstitusjonar., skriv dei 11 Nifu-forskarane. Arkivfoto: Det palestinske flagget vaia frå Christiestøtta på Museplassen i Bergen våren 2024.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Innlegget frå tilsette ved UiO, UiB og OsloMet i Khrono 11. juni sette igjen norske forskings- og utdanningsinstitusjonars samarbeid med israelske institusjonar på agendaen. Spørsmålet om akademisk boikott og norske forskingsinstitusjonars rolle i det internasjonale landskapet har vore diskutert i fleire rundar. Vi har, i likskap med mange kollegaar ved NIFU, og ved andre forskingsinstitusjonar i Noreg, støtta opp under krav om akademisk boikott. Spørsmålet har diverre berre blitt stadig meir relevant, og direktør Vibeke Opheims nylege svar på NIFUs posisjon gjev oss høve til å trekkje fram nokre viktige prinsipielle spørsmål.

Den israelske krigføringa på Gaza har auka i intensitet og bestialitet, og verda står overfor krigsbrot mot den palestinske sivilbefolkninga som er på høgd med, eller kvalifiserer til, etnisk reinsking, lovbrot mot menneska og folkemord. Dei systematiske krigsbrota som krigføringa og okkupasjonen samla sett utgjer er godt dokumenterte.

Vi veit frå ei mengd litteratur om folkemord og massevald at for at slike overgrep skal kunne bli utførte av land som ikkje er autokrati eller diktatur, så er det naudsynt med støtte, eller i det minste stillteiande aksept, frå institusjonar og sivilsamfunn. Med den systematikken og den ideologiske forankringa som er naudsynt for det vi ser på Gaza, er det ikkje lenger mogleg å sjå på det institusjonelle Israel som nøytrale aktørar.

Israel er også avhengig av kopling til og samarbeid med vestlege land og økonomiar, også innan forsking og utdanning. Vidare samarbeid bidrar til å legitimere israelske forskingsinstitusjonars handlingar og rolle i det israelske sivilsamfunnet og bidrar til å oppretthalde støtta eller stillheita som er instrumentelle i overgrepa på Gaza.

Opheim trekkjer i likskap med fleire leiarar i norsk akademia fram akademisk fridom, og ønskjer ikkje styre kven norske forskarar skal samarbeide med. Akademisk fridom er ein grunnleggjande verdi og vi forventar at norske forskingsleiarar forsvarer denne for både norske og utanlandske forskarar.

Det er derimot ikkje slik at norske institusjonar ikkje kan og faktisk legg føringar på kven forskarane kan samarbeide med og korleis. Forskingsetiske prinsipp er grunnleggjande verdiar, og det er institusjonanes ansvar å sikre at forskingsetikken blir varetatt. Dette er fordi vitskapleg aktivitet generelt føreset denne etikken, men desse verdiane er også plasserte i den institusjonelle strukturen for å unngå at det er enkeltforskarar som skal bere byrda av heile det forskingsetiske systemet – og konsekvensane som følgjer av dei. Å overlate ansvaret til enkeltforskarar om å bli verande i forskingsprosjekt eller trekkje seg under dekke av akademisk fridom har den konsekvensen at institusjonane forlèt det forskingsetiske ansvaret sitt, og gjer enkeltforskarane meir sårbare.

Å la vere å innføre boikott fordi myndigheitene ikkje har slike retningslinjer er imidlertid å ikkje ta det ansvaret som den institusjonelle autonomien kviler på.

11 NIFU-forskarar

På den andre sida har institusjonane også skyvd ansvaret oppover, og peika på at det ikkje finst nasjonale retningslinjer mot samarbeid med israelske institusjonar. Men det er forskingsinstitusjonane sjølve som ber ansvaret for akademisk fridom og forskingsetikken, sjølv om slike retningslinjer burde vore på plass for lenge sidan. Her har både norske myndigheiter og EU svikta. Å la vere å innføre boikott fordi myndigheitene ikkje har slike retningslinjer er derimot å ikkje ta det ansvaret som den institusjonelle autonomien kviler på.

Vi meiner at norske forskingsleiarar ikkje kan skyve den akademiske fridomen framfor seg, når forskingsetikken gjer det uforsvarleg å samarbeide med israelske forskingsinstitusjonar. Den akademiske fridomen til palestinske forskarar er ikkje berre radikalt truga, men for palestinske forskarar er det i dag eit grunnleggjande eksistensielt spørsmål. Dei miljøa vi som internasjonalt vitskapleg fellesskap også har eit ansvar for, blir systematisk utsletta framfor auga våre. Den akademiske fridomen til norske forskarar kviler også på at den ikkje går utover andres.

Norske forskingsinstitusjonar bør og skal forsvare den akademiske fridomen for enkeltforskarar, men dei kan ikkje gjere det utan også å forsvare forskingsetikken. Det er innlysande at norske institusjonar kan og skal ta ansvar, og konsekvensane, når forskingsetikken kollapsar. Dette er eit grunnleggjande ansvar og vi legg til grunn at det finst ei grense for når forskingssamarbeid blir uforsvarleg. Vi vil difor utfordre leiarane ved norske forskingsinstitusjonar på følgjande: Om det som skjer på Gaza i dag, og ansvaret som det israelske sivilsamfunnet har, ikkje er nok – kva skal til for at norske institusjonar innfører akademisk boikott?

Forfattarane av innlegget er alle forskarar ved NIFU: 

Håkon Høst
Maria Njølstad Vonen
Jon Furholt
Lina Ingeborgrud
Stephan Daus
Torstein de Besche
Ørjan Arnevig Samuelsen
Jannike Gottschalk Ballo
Christina Vogsted Drange
Henrik Karlstrøm
Marianne Takvam Kindt

 

 

Powered by Labrador CMS