politikk

Har stilt 150 spørsmål — 10 handla om forsking

Medlemmene i Utdannings- og forskingskomiteen har stilt 150 skriftlege spørsmål på Stortinget. Om for eksempel E39 gjennom Møre og Romsdal.

Simen Velle (FrP) stiller spørsmål til forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland (A) under muntlig spørretime onsdag 7. januar 2026.
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) får spørsmål frå Simen Velle (FrP) under munnleg spørjetime tidlegare i år.

Er Framstegspartiets representant mest interessert i forsking og høgare utdanning — og Kristeleg folkeparti minst?

Truleg blir det ein for enkel konklusjon. Men ei oppteljing Khrono har gjort viser at det er Simen Velle frå FrP, som sidan Stortinget opna i haust, har stilt flest skriftlege spørsmål til statsråden for forsking og høgare utdanning, Sigrun Aasland (Ap).

Av dei elleve spørsmåla han stilte var seks inne på temaet.

Joel Ystebø (KrF). Har ein del spørsmål, men svarer ikkje.

KrFs Joel Ystebø er også blant dei som har stilt flest skriftlege spørsmål i løpet av denne tida på tinget — 19 for å vere eksakt. Men ingen handlar om forsking, og berre eitt om utdanning over ungdomsskulen.

I Stortinget kan representantane stille tre typar spørsmål: dei munnlege, skriftlege og interpellasjonar. Khrono har gjort ei oppteljing av dei skriftlege spørsmåla frå dei 15 representantane som sit i utdannings- og forskingskomiteen.

Sidan Stortinget opna i fjor haust og fram til 25. mars i år, har representantane stilt totalt 150 skriftlege spørsmål til regjeringa. 

Kor mange gjekk til statsråd Aasland og handla om høgare utdanning og forsking?

Erling Sande (Sp) er seg sjølv lik.

27.

Kor mange av dei handla på ein eller annan måte spesifikt om forsking?

10.

56 av 2178

Ikkje at representantane er forplikta til å halde seg til arbeidsområdet for komiteen dei sit i. Men er det likevel slik at spørsmåla er ein liten spegel av dei politiske prioriteringane?

Jonas Stein, som er både statsvitar og viserektor ved UiT Noregs arktiske universitet, svarer med ei klassisk drøfting.

— På ein måte kan ein tenke at det er bra at politikarane ikkje blandar seg for mykje inn, og at få spørsmål er eit uttrykk for det. Akademisk fridom er jo å ha fridom til å forske utan innblanding, seier han — på den eine sida.

På den andre:

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er mykje meir populær/upopulær enn Sigrun Aasland. Han fekk 334 skriftlege spørsmål, nokre av dei frå Utdannings- og forskingskomiteen.

— Dersom få spørsmål er uttrykk for mangel på merksemd, kan det også vere eit dårleg teikn, med tanke på at vi er avhengige av finansiering og gode rammevilkår for å kunne halde fram med å forske.

Og kva skjer då?

Litt både og på den eine og den andre sida, meiner Jonas Stein, førsteamanuensis i statsvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet — og viserektor ved det same universitetet.

— Då vil vi slite med å få til den omstillinga som Noreg — og resten av verda — må gjennom. Det dreier seg om energi, om teknologi, for eksempel kunstig intelligens, og berekraft. Dette burde bekymre politikarane meir. Ingenting av dette skjer utan å satse på forsking, det er derimot fullstendig avhengig av forsking. Framtidsnæringane er avhengig av dei gode hovuda, seier Stein.

Det som i alle fall verkar klart, er at spørsmål om høgare utdanning, og særleg forsking, sjeldan får det til å koke i hovuda til stortingsrepresentantane: 

Samla frå alle dei 12 faste komiteane på Stortinget kom det 2178 skriftlege spørsmål i perioden Khrono har sett på

56 av dei var retta til forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (fram til 25. mars).

Sunniva Holmås Eidsvoll (SV) spør om kunst.

Over til Kari

Det er i komiteane på Stortinget grunnarbeidet blir gjort, politikken forma og innstillingane spikra. Utdannings- og forskingskomiteen har som namnet indikerer ansvaret for nettopp forsking og utdanning, både den lågare og høgare. Spørsmåla er, som det heiter på Stortinget sine nettsider, «et viktig bidrag til å sette saker på dagsordenen».

Monica Molvær (H) vil vite kvar vegen går.

Då er det kanskje ikkje så rart, partiboka tatt i betraktning, at for eksempel Erling Sande i Senterpartiet sitt eine spørsmål om forsking var: Kan statsråden gje eit oversyn over korleis dei tildelte statlege forskingsmidlane fordeler seg på mottakarar i dei 19 valkrinsane i Norge?

Eller at SV-representant i komiteen, Sunniva Holmås Eidsvoll, er meir interessert i å vite når forskings- og høgare utdanningsministeren vil sørge for at kunstnarisk utviklingsarbeid blir inkludert i Forskingsrådets mandat?

Eidsvoll er på delt andreplass frå toppen av lista om ein skal rangere etter kor mange spørsmål ho har stilt statsråd Aasland. Av 25 stilte, skriftlege spørsmål var 4 innanfor kategorien høgare utdanning og forsking.

Andreplassen deler Eidsvoll med Hege Bae Nyholt (Rødt), som også stilte fire av spørsmåla sine til Aasland.

Hege Bae Nyholt (Rødt) er også seg sjølv lik.

Statistikken viser at komiteen ofte er interessert i å få svar på heilt andre ting enn utdanningsspørsmål. Dei gongane dei er inne på temaet, er det den andre ministeren i Kunnskapsdepartementet, kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap), som får mest å svare på.

Til dømes har Venstre-leiar og komitémedlem Guri Melby fordelt dei 19 spørsmåla sine slik: 3 til Nordtun, 6 til Aasland og 10 til statsrådar i andre departement eller statsministeren.

Ikkje som utanriks

Kva er det som får den unge FrP-kometen Simen Velle til å fyre av alle desse spørsmåla — og er han så interessert i forsking og høgare utdanning som det kanskje kan sjå ut til?

Guri Melby (V) spør om både det eine og det andre.

 — Eg kjenner absolutt på eit ansvar for å stille spørsmål om utdanningspolitikken når eg sit i denne komiteen. Mange opplever at forsking- og utdanning er eit felt som liknar på utanriks, på den måten at det ikkje er så skarpe konfliktlinjer. Det er eg ikkje eining i, svarar Velle på Khronos munnlege spørsmål.

Velle peikar på spørsmålet om tryggleiksutfordringane i akademia i samarbeid med visse land. På dimensjoneringa av studietilbodet — og kor mykje pengar staten skal bruke på dette. På spørsmålet om privat finansiering av forsking.

— Dei som ikkje nyttar sjansen til å stille spørsmål, går glipp av ei viktig moglegheit vi har som politikarar. Eg kjem til å halde fram med å bruke denne, seier den unge FrP-politikaren.

Khrono har både skriftleg og munnleg prøvd å kome i kontakt med den endå litt yngre Joel Ystebø frå KrF for å stille han eit spørsmål om kvifor han stiller så mange spørsmål, men ingen om forsking og høgare utdanning. Han har ikkje svart.

Ystebø er ikkje åleine om la forskings- og høgare utdanningsministeren vere i fred.

Det gjeld også Monica Molvær frå Høgre. To av hennar tre spørsmål gjekk til kunnskapsministeren, det tredje dreidde seg om ei avklaring for E39 gjennom Molde — som naturlegvis kan verke relevant for ein representant frå Møre og Romsdal.

På ein måte har FrP både topp- og botnplasseringa.

Lill Harriet Sandaune frå FrP stilte fire spørsmål, men ingen til Aasland. Derimot eitt til kunnskapsministeren og tre til helse- og omsorgsministeren.

Betyr dette at politikarane gløymer å stille spørsmål om dei viktigaste spørsmåla?

Tja.

Barnehagen

— Politikarane er opptatt av veljarane, ofte av kva som skjer i mediebildet der og då, av lokale saker. Rundt forsking og høgare utdanning er det ikkje alltid så mykje konflikt, seier Jonas Stein, noko Velle altså ikkje stiller seg bak. 

— Politikarane har dessutan eitt spreidd mandat til å følgje opp ulike felt, alt frå barnehagar til toppforsking. Forsking kan vere komplekst og litt teknisk. Barn i barnehagen er mykje lettare for mange fleire å forhalde seg til, seier Stein.

Lill Harriet Sandaune (FrP) stiller omsorgsfulle spørsmål.

Og så er det faktisk sånn, som Erna Solberg hadde det med å seie, ei ikkje spesielt spørjande frase dei fleste andre politikarar no har adoptert:

— At også forskarar har barn i barnehagen.

Komplekst?

— Eg evnar å bry meg om og ta ansvaret også for det som er komplekst. I dette ansvaret ligg det å ikkje berre bry seg om kva som er kult i VG. Dette er ein del av jobben som stortingsrepresentant, seier Velle.

— To tankar i hovudet på same tid, legg han til, det er eit prinsipp og for så vidt ein floskel som bør gjelde også for politikarane i utdannings- og forskingskomiteen.

Powered by Labrador CMS