studiebarometeret

Ho er ein av landets mest nøgde lærarstudentar

UiT si nett- og samlingsbaserte grunnskulelærarutdanning i Harstad har landets mest nøgde lærarstudentar. — Ein har klart å skapa eit studentmiljø sjølv om me bur ulike stader, seier student Hege Bustos.

Det er ikkje aktuelt for Hege Bustos å fytta frå Harstad. No tek ho lærarutdanning i heimbyen.
Publisert Oppdatert

— Eg bestemte for mange år sidan at eg ville verta lærar. Men det har ikkje vore eit tilbod i Harstad.

Fakta

Studiebarometeret for 2023

  • Om lag 29.000 andre- og femteårsstudenter har svart på hvordan de opplever kvaliteten på studiene. 
  • Den omhandler 1900 studieprogram
  • Det er Nokut som gjennomfører spørreundersøkelsen på vegne av Kunnskapsdepartementet. 
  • Undersøkelen er gjennomført for ellevte gang.
  • Svarprosent: 40

Det seier Hege Bustos. Ho er ein av om lag 15 studentar som no tek grunnskulelærarutdanning i Harstad. 

Hausten 2022 starta UiT Noregs arktiske universitet eit nett- og samlingsbasert tilbod der. I fjor vart det starta tilsvarande på Finnsnes, og hausten 2024 vert det tilbod i Narvik.

Studentane i Harstad er nøgde, det viser mellom anna Studiebarometeret. Studiet kjem heilt på topp blant norske grunnskulelærarutdanningar når ein ser på kor nøgde studentane totalt sett er med utdanninga.

30.000 studentar svara

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) gjennomfører kvart år spørjeundersøkinga Studiebarometeret på vegner av Kunnskapsdepartementet. I 2023 var det nesten 30.000 studentar som svara på korleis dei opplever kvaliteten på studia.

Ein av påstandane studentane skulle ta stilling til, var «Jeg er, alt i alt, tilfreds med studieprogrammet mitt». Svara dei 5, var dei heilt samde, 1 betyr at dei ikkje er samde.

Ser ein på alle landets utdanningar under eitt, er det studentar som studerer religion som er mest nøgde. Verken lektorutdanninga eller grunnskulelærarutdanninga gjer det særleg godt totalt sett, men når ein går inn og ser på berre grunnskulelærarutdanninga, finn ein at det finst nøgde studentar også her.

— Når me ser det store biletet, viser denne undersøkinga at norske studentar er nøgde med den utdanninga dei får, sa Nokut-direktør Kristin Vinje då tala vart lagt fram i februar.

Digitale treff kvar veke

Med ektefelle og tenåringsbarn var det ikkje aktuelt for Bustos å flytta frå Harstad. Som fleire andre av studentane på studiet har ho jobba som ufaglært i grunnskulen.

— Når ein har jobba i skulen, er ein kanskje både meir motivert for studiet og veit kva ein går til, seier Bustos.

Ho seier at noko av det ho synest er mest positivt, er at studentane ser ein samanheng i alt som vert gjort i studiet.

— Og ein har klart å skapa eit studentmiljø sjølv om me som er studentar bur ulike stader.

Det har vore viktig, seier Kari Anne Sæther, studieprogramleiar for grunnskulelærarutdanninga trinn 1—7 ved UiT.

— Me har ikkje så mange fysiske samlingar, for det veit me kan vera vanskeleg å få til. Men me har digitale samlingar kvar veke, og dei fysiske samlingane me har, er studentaktive. Me har ei fast lærargruppe, me jobbar tverrfagleg og me har dramalærar inne. Alt i alt prøver me å tilby eit heilskapleg studium, seier ho.

Sæther peikar på at faglærarane på tvers av fag har samarbeidd tett om å både planlegga og utvikla undervisninga.

— Me er ganske sikre på at det at me er så samkøyrde, gjer utdanninga både betre og meir heilskapleg for studentane.

UiT fekk midlar frå HK-dir til prosjektet. Bakgrunnen er lærarmangel i regionen, seier Sæther.

— Regionen har ønskt seg grunnskulelærarutdanning. Det vart difor vedteke at me skal ha eit kull på desse tre plassane.

Khrono skreiv fredag at fleire lærarutdannarar ønskjer at både arbeidsgivarar og kommunar kjem på bana i arbeidet med å rekruttera til lærarutdanning. Student Hege Bustos er samd.

— Eg meiner kommunane må koma på bana og tilby studentane gode avtalar. For eigen del er det jo Harstad kommune eg skal jobba i, seier ho.

Studiebarometeret 2023, grunnskulelærerutdanningane

Her finn du dei mest nøgde lærarstudentane
UiT 1-7, studiestad Harstad4,7
NLA Høgskolen 1-7, studiestad Oslo4,6
USN 1-7, studiestad Vestfold4,3
USN 5-10, studiestad Notodden4,1
HVL 1-7, studiestad Stord4,1
Nord 5-10, studiestad Nesna
HVL 1-7, studiestad Sogndal3,9
NTNU 1-7, studiestad Trondheim3,7
USN 1-7, studiestad Notodden3,7
UiA 1-7, studiestad Kristiansand3,7

Kjelde: Nokut, Studiebarometeret, fleire studieprogram har så låg svarprosent at dei ikkje er med

Har aktive lærar inne i undervisninga

Drama og tverrfaglegheit vert altså peika på som to suksessfaktorar ved UiT. Det same nemner Per-Ludvik Kjendlie, dekan ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN).

Per-Ludvik Kjendlie
Per-Ludvik Kjendlie er dekan ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN)

Også USN har to studieprogram høgt oppe på studiebarometeret: Vestfold med 4,3 og Notodden med 4,1.

Tilbodet på Notodden er nett- og samlingsbasert. Begge stader nyttar universitetet mellom anna dramakompetanse, simulering av praksissituasjonar og har det dei kallar profesjonsverkstad. Slik skal dei bu studentane på arbeidslivet som ventar.

— Me har òg inne det me kallar praksislærar II, som er lærarar som jobbar i skulen, inne i alle lærarutdanningane. Dette er noko profesjonsmeldinga peikar på at er ønskeleg, så her er me framfor, seier Kjendlie nøgd.

Som i Harstad vert det på Notodden jobba mykje med å laga gode studentmiljø, sjølv om mange av møtepunkta er digitale.

— Den første fysiske samlinga er lang, og med mange aktivitetar som bygger både sosialt- og læringsmiljø. På førehand har programleiarane hos oss jobba mykje med å setja saman læringsgrupper. Me ser at me skårar høgt på spørsmål om læringsmiljø på Notodden, trass i at det er eit nett- og samlingsbasert studium, seier Kjendlie.

Store variasjonar

Både USN og UiT har lærarutdanning fleire stader, og ikkje alle skårar like høgt. 5. — 10. i Vestfold, 1. — 7. i Drammen og begge tilboda i Tromsø ligg meir midt på treet.

— Kva er det de ikkje får til alle stader?

— Studentane seier at det er fint med tett oppfølging mindre grupper og at det er kjekt å ha sosiale aktivitetar saman. Dette ønskjer me å følgja opp tettare framover på fleire studiestader, seier Kjendlie.

Sæther peikar på informasjon.

— I Harstad har me vore opptekne av det me veit lærarutdanningar skårar dårleg på: Organisering og informasjon. Me har òg tenkt nøye gjennom kva undervisning me tilbyr fysisk og kva me tilbyr digitalt, seier ho.

Store interne variasjonar

Også NLA Høgskolen har variasjonar i sine plasseringar. Grunnskulelærarutdanning (GLU) 1—7 er i toppen, 5—10 får ein skår på 3,2.

— Hadde me visst heilt kva årsaka til dette var, kunne me berre køyrt på! seier Marit Helene Lie, studieprogramleiar lærarutdanninga ved NLA.

Ho seier at for studieprogrammet der NLA får høg samla skår, har studentane òg sagt at dei er nøgde med både læringsmiljø og undervisning.

— Dei har altså opplevd noko som har vore veldig positivt. Lærarutdanninga for 1—7 har færre studentar enn utdanninga for trinn 5—10 hos oss, og me har vore litt uroa for om studentmiljøet har vore godt nok. Men her verkar det å vera godt samhald og studentane kjenner at dei vert sett, så det kan altså skje noko bra òg i små grupper, seier Lie.

Ho seier at svarprosenten er låg. For NLA si grunnskulelærarutdanning i Bergen er det så få som har svara at tala ikkje er med i det materialet som er offentleggjort.

— Det er altså nokre som har vore veldig nøgde som har valt å svara, og nokre som ikkje har vore så nøgde som har valt å svara.

— Brukar de tala eksternt, til dømes når de skal rekruttera nye studentar?

— I lita grad. Me ville helst hatt eit jamnare resultat både over tid og geografi å visa til. Me brukar tala internt. Dei beste tilbakemeldingane trur eg me får når me snakkar direkte med studentane. Me har hatt nokre økter der me seier at «sånn skåra me på dette. Kva trur de?».

Studiebarometeret 2023, grunnskulelærerutdanningane

Her seier dei at dei er minst nøgde
Nord 1-7, studiestad Bodø2,4
Nord 5-10, studiestad Bodø2,4
USN 1-7, studiestad Porsgrunn2,6
USN 5-10, studiestad Porsgrunn2,6
Høgskolen i Innlandet 5-10, studiestad Hamar2,9
Høgskolen i Innlandet 1-7, studiestad Hamar2,9
Høgskolen i Østfold 5-10, studiestad Halden3,1
Høgskulen i Volda 5-103,1
Nord 1-7, studiestad Levanger (samlingsbasert)3,1
NLA 5-10, studiestad Oslo3,2

Kjelde: Nokut, Studiebarometeret. Fleire studieprogram har så låg svarprosent at dei ikkje er med

Søknadsfrist 15. april

Søknadsfristen til Samordna opptak går ut ved midnatt 15. april. Som Khrono har skrive, er lærarutdannarane spente på om dei klarar å fylla studieplassane i år.

— Eg håpar først og fremst at nedgangen stoppar, sa Asle Holthe i helga. Han er  dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet.

Powered by Labrador CMS