doktorgrader

Ho fekk «strafferunde» på avhandlinga si: Det var tungt

 Først tok det åtte månader før Anne Riise fekk den sakkunnige vurderinga av avhandlinga si. Deretter tok det elleve til før ho leverte på nytt.

Ho vart overraska over at avhandlinga ikkje var god nok, men samstundes fekk Anne Riise ei snikande kjensle av at det kanskje ikkje gjekk vegen.
Publisert Sist oppdatert

Ordet «underkjend» stod ingen stad. Men det var likevel ingen tvil: Anne Riise si avhandling var ikkje godkjent for disputas. Ho kunne levera på nytt, men måtte venta seks månader.

Khrono har fortalt at 113 stipendiatar dei siste åra har fått underkjent doktoravhandlinga si. I tillegg til dei som har levert og anten fått mellombels eller endeleg beskjed om at arbeidet ikkje var godt nok, kjem om lag ein av fem stipendiatar ikkje så langt som til disputas.

Riise ville ikkje gi opp. Ho fortalde først i Khrono sin Min doktorgrad-spalte at ho måtte ta ein «strafferunde».

Det tok elleve månader før ho var i mål.

— Det var tungt, seier Riise.

Tok lang tid før tilbakemeldinga kom

Riise var allereie tilsett ved Institutt for barnevern og sosialt arbeid ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT) før ho gjekk i gang med doktorgraden. Ho var stipendiat ved NTNU, men hadde altså arbeidsplassen sin lenger nord.

— På ein måte var det overraskande å få beskjed om at avhandlinga ikkje var god nok. Eg hadde jobba med dette i mange år, og både rettleiar og eg hadde tenkt at eg var klar då eg leverte. Men så gjekk det åtte månader før eg fekk tilbakemelding frå den sakkunnige komiteen. Sidan det gjekk så lang tid fekk eg ei snikande kjensle av at dette ikkje gjekk vegen, seier Riise.

Det var kappa det var kritikk mot. Det er ofte der kritikken kjem, sa viserektor ved Universitetet i Oslo, Mathilde Skoie, nyleg til Khrono.

— Tilbakemeldinga var strukturert, og likna dei ein får når ein har levert ein artikkel til fagfellevurdering, seier Riise.

Barna måtte venta

Når ein har levert avhandlinga si, har ein ikkje automatisk krav på meir rettleiing sjølv om avhandlinga ikkje vert godkjend. Ein har heller ikkje krav på meir løn dersom ein har brukt opp den tida ein har avtalt. 

Riise hadde allereie ei stilling ved UiT, og tjue prosent forskingstid i stillinga. Det betyr at ho hadde løn i den tida ho måtte bruka på omarbeiding.

— Det var eit omfattande arbeid å få avhandlinga leveringsklar, og det som uroa meg var korleis eg skulle få dette til reint praktisk. Barna mine, som allereie hadde venta på at mor skulle verta ferdig med doktorgraden, måtte få beskjed om at dei måtte venta endå lenger, seier ho.

Riise seier at ho har vore heldig: Rettleiarane ville gjerne hjelpa henne mot målet.

— Det hadde mykje å seia. Eg fekk verkeleg kjensla av at dei ønska at denne avhandlinga skulle gå gjennom, og eg visste at eg kunne ta kontakt med dei heile tida.

Noko av det første ho fekk hjelp til, var å faktisk forstå kva tilbakemeldingane betydde. Deretter tok det altså meir enn seks månader før ho var klar til å levera igjen.

— Som å føda barn

— Generelt angrar eg lite på det eg gjer, sa Riise då Khrono spurde om ho angra på at ho gjekk i gang med ein doktorgrad.

Og angrar gjer ho framleis ikkje, sjølv om ho seier at omarbeidinga var tøff, også psykisk, og at ho har hatt kontakt med lege.

— Det vart jo litt som å føda barn, seier Riise og ler.

— Det er vondt og tøft første gongen, men så gløymer ein det fram til neste runde … 

Litt meir alvorleg seier ho at det å faktisk koma seg gjennom, og i mål, er noko det er stor meistring i. I tillegg opplever ho at ho har forska på noko som er viktig, og at avhandlinga hennar har vore eit viktig bidrag innan hennar forskingsfelt. Heilt konkret har Riise forska på unge mellom 18 og 23 som framleis får oppfølging frå barnevernet.

— Livet skjer

— Når du sjølv har desse røynslene, korleis vil du møta dei du sjølv skal rettleia?

— Eg tek mykje med meg. Ein god relasjon og eit godt samarbeid er viktig, det er greitt å vita at ein er på same lag, seier Riise.

Ho seier også det same som fleire viserektorar Khrono har snakka med: Å ta doktorgrad er ikkje for alle. Riise peikar på at innan hennar fagfelt er mange av stipendiatane vaksne, med familie, og gjerne i jobb medan dei jobbar med avhandlinga.

— Livet skjer. Og det er viktig å forstå den heilskapen ein stipendiat står i.

 

Powered by Labrador CMS