Debatt oddmund løkensgard hoel

KPMG seier at NFR har mangla kontroll over tildelingsnivået

Rapporten frå KPMG underbyggjer behovet for nytt styre i Forskingsrådet, skriv statssekretæren i Kunnskapsdepartementet.

Med tilvising til regelverket er KPMG klar på at det er styret og administrasjonen i NFR som er ansvarleg for at verksemda blir drive i samsvar med regelverket medan eigardepartementa skal sikre at dette skjer, skriv statssekretær Oddmund Hoel.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Carina Hundhammer i Abelia kommenter 30. juni rapporten KPMG har levert om økonomistyringa i Noregs forskingsråd (NFR). Ho omtalar rapporten som fasiten, men er merkeleg lite oppteken av kva fasiten faktisk seier.

Rapporten er den eksterne vurderinga av økonomien i Forskingsrådet som regjeringa bad det nye styret gjennomføre. Gjennomgangen skulle sikre at Forskingsrådet sine eigne tal for det økonomiske uføret var korrekte. Det gjer han til gagns.

Rapporten stadfester at Noregs forskingsråd (NFR) har lova bort nærare 1,8 milliardar kroner meir enn budsjettet og late vere å innarbeide Solberg-regjeringa sine eingongskutt på 1,7 milliardar i budsjetta sine. På toppen kjem at Solberg-regjeringa gjenbrukte nærare 600 millionar av avsetningane, totalt altså meir enn 4 milliardar kroner. Det er fasiten.

Regjeringa sparar ikkje ei krone på at det nye styret i Forskingsrådet må ta grep for å få kontroll på økonomien.

Oddmund Løkensgard Hoel, statssekretær i Kunnskapsdepartementet

Biletet er i det store og det heile det same som låg til grunn då regjeringa sette inn eit nytt styre for å handtere den alvorlege økonomiske situasjonen.

KPMG viser til at Forskingsrådet har god styring på forpliktingane overfor forskingsmiljøa og betaler ut kontraktsfesta midlar. Det skulle vel eigentleg berre mangle, men KPMG seier samstundes òg at NFR har mangla kontroll over det samla tildelingsnivået.

Sagt meir teknisk på s. 12:

«Det gjennomførast imidlertid ikkje ein systematisk måling og aggregering av de faktiske tildelingsnivåene for tilskuddsforvaltningen som heilskap.»

NFR har heller ikkje samla informasjon over tid om kor mykje av avsetningane som faktisk var bunde opp i framtidige forpliktingar. Fasiten er at NFR har delt ut mykje meir pengar enn Stortinget har løyvt. NFR har med andre ord hatt kontroll på detaljane, men ikkje heilskapen. Den heilskapen har me no.

Med tilvising til regelverket er KPMG klar på at det er styret og administrasjonen i NFR som er ansvarleg for at verksemda blir drive i samsvar med regelverket medan eigardepartementa skal sikre at dette skjer. Det har me gjort ved å utnemne eit mellombels styre som har den sterke kompetansen som no trengst på løyvingsreglement, offentleg økonomistyring og økonomiforvaltning.

Hundhammer er også kritisk til at regjeringa påpeikar at ansvaret for den økonomiske situasjonen ligg ein annan stad. Det er rett og rimeleg at ansvaret blir plassert der høyrer heime.

Det økonomiske rotet i NFR var noko den nye regjeringa og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe fekk i fanget. Det er eit problem dels skapt av Solberg-regjeringa sine eingongskutt og manglande styring av NFR, og dels av NFR sjølv, som har delt ut langt meir pengar enn Stortinget har løyvt. Ansvaret vårt er å rydde opp.

Så forstår eg godt at denne situasjonen skapar uro i forskingsmiljøa. Det er ikkje eit resultat av at regjeringa brukar mindre pengar på forsking. Det var den førre regjeringa som kutta i forskingsbudsjetta.

Regjeringa sparar ikkje ei krone på at det nye styret i Forskingsrådet må ta grep for å få kontroll på økonomien. Me arbeider derimot saman for å sikre at dette blir handtert på ein måte som gir ei mjukast mogleg landing for dagens og framtidas forskarar.

Norske forskingsmiljø er dei siste åra tilført meir pengar enn nokon gong før fordi NFR har gått ut over budsjetta sine. Store svingingar i forskingsløyvingane er ikkje heldig for den langsiktige planlegginga. Den nye regjeringa har bede NFR planleggje ut frå eit stabilt høgt nivå på forskingsløyvingane.

I år går 10,7 milliardar til NFR, neste år truleg om lag det same. Det er ei vidareføring av nivået frå tidlegare år om ein då ser bort frå eingongskutta til førre regjering.

Regjeringa kjem til å gje forskingsmiljøa langsiktigheit og høge løyvingar også framover. Slik skal me bidra til at Noreg kan lukkast endå betre med å utvikle og ta i bruk ny kunnskap som skapar verdiar og løyser samfunnsutfordringar.

Les også:

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS