medisinutdanning
Krevjande å få praksis hos fastlegen
Eit forskingsprosjekt har sett på kva som skal til for at det skal verta lettare for medisinstudentar å få praksis hos fastlegar. Julian Münster har brukt våren på å trena på fastlegeyrket.
Askøy (Khrono): — Når ein har praksis på eit sjukehus føler ein seg av og til som ein betent blindtarm. Ein berre heng på legane.
Julian Münster humrar. Han er på sitt ellevte semester av medisinstudiet ved Universitetet i Bergen, og har praksis ved eit fastlegekontor på Askøy, eit litt langt steinkast eller ein kort båttur unna Bergen sentrum.
— Her får du ein ein-til ein-relasjon, seier Münster.
Medisinstudentane har praksis både på sjukehus og i kommunane fleire gongar i løpet av studiet, før dei så skal ut i LIS1-stillingar
Men å få til praksis hos fastlegar, er ikkje så lett.
— Spesialisthelsetenesta har ei lovpålagd plikt til å finna praksis for medisinstudentane. Men det er ikkje ei slik plikt i kommunane. Spørsmålet er om ein skal få ei plikt.
Det seier Steinar Hunskår.
Han er professor emeritus i medisin ved Universitetet i Bergen, og leiar for FRONESIS-prosjektet som omhandlar «fleire praksisplassar og betre rettleiing for medisinstudentar på fastlegekontora». Det femårige prosjektet (2021—2026) er finansiert av HK-dir gjennom ordninga «Pilotordning for kommunal praksis i helse- og sosialfagutdanningene».
Ringjer rundt
Medisinstudentane skal ha ti veker praksis i det som heiter primærhelseteneste. Men sidan det ikkje er krav til at fastlegar og kommunar skal ta dei inn, kan det vera krevjande å få plass til alle.
— Ofte vert det slik at ein må ringja rundt og spørja folk ein kjenner, seier Hunskår.
Men det handlar ikkje først og fremst om vond vilje. Det handlar ofte om praktiske ting.
— Fastlegane vil gjerne ha studentar. Men ein treng for det første plass til å ta imot dei, rett og slett kontorplass. Og fastlegane seier at dei ønskjer seg meir rettleiarkompetanse. Det har me gjort noko med, og kull to i den ferske rettleiarutdanninga er ferdige no i juni, seier Julie Solberg Knutsen.
Ho har vore knytt til FRONESIS som stipendiat, og er snart klar til disputas.
Starta med det akutte
Ein av legane som har teke imot ein student, er Hannah Knoop. No sit ho saman med Julian Münster på kontoret sitt. Dei drikk kaffi av kvar sin Mummi-kopp.
— Det er skikkeleg stas å få dela gleda over faget, seier Knoop.
Det er knappe ti år sidan ho sjølv var ferdig utdanna, og ho er oppteken av å visa at det går fint å vera ny og slå opp ting når ein er usikker.
— På same måte som ein som fastlege nyt godt av å ha ein relasjon over tid med pasientane, er praksisperioden i allmennpraksis ein stad der studenten får bygd relasjon og verta trygg på legekontoret og legerolla over seks veker, seier Knoop.
Ho seier at å møta ekte pasientar og få hands on-erfaring er uvurderleg, og ofte annleis enn det som står i lærebøkene.
— Det er kjekt å kunne bidra til utdanning av nye legar, og stas å sjå personleg og fagleg vekst gjennom praksisperioden. På legekontoret her er me sju legar, så Julian får vera med fleire av oss. Han har observert, men me har også hatt økter der det er eg som har vore floge på veggen, seier ho.
Men det er den ferdigutdanna legen som har ansvar for behandlinga pasientane får.
Både legevaktteneste, helsestasjon for ungdom, helsestasjon for born og smittevernkontoret er plassar Münster har vore eller skal innom.
— Eg synest måten dei har lagt det opp her på kontoret er god. Her har kvar av legane ein dag der dei har akuttimar, dei andre dagane brukar dei på avtalte timar. No i starten har eg jobba mest med pasientane som kjem inn med noko akutt, seier Münster.
— Kva tenkjer du om fastlegeyrket?
— Eg har vore nyfiken på det, og eg har tenkt på allmennmedisin, seier studenten.
Fastlege Knoop fortel at ho har 700 pasientar på lista si. Det er eit heilt medvite val.
— Då har eg 3,5 dag med pasientar. I dag, som er ein onsdag, startar eg til dømes seint, då har eg hatt tid til å bada i sjøen først. Eg er oppteken av å visa at også som fastlege kan ein ha ein arbeidskvardag som er berekraftig, seier ho.
Fleire studentar, men ikkje fleire plassar
I mange år har ein snakka om ei fastlegekrise i Noreg. Frå 2024 kan det sjå ut som trenden har snudd — sjølv om det framleis er mange nordmenn som manglar ein fast lege, har fleire enn før vald å verta fastlegar. Helsedirektoratet melde i 2024 at det på eit år hadde vorte 237 fleire fastlegar.
Men det er slik at kor du har utdanna deg har noko å seia for kor du vert verande. Vestlandslege-ordninga, som Hunskår står bak, sender medisinstudentar frå Bergen til både Stavanger og Førde, og snart også til Haugesund. Då vert studentane truleg LIS-legar i same område.
Universitetet i Oslo har ein sørlandsmodell, NTNU sender legestudentar til Gjøvik, Levanger og Ålesund, og UiT Noregs arktiske universitet har studieplassar der eit tek dei to siste åra i Bodø eller Hammerfest.
— Det vert fleire legestudentar framover som skal ha praksisplassar utan at det er funne gode løysingar for å sikra dette. Som ei avslutning av FRONESIS-prosjektet vart det i februar halde ein konferanse der ein utfordra hovudaktørane: Kommunane og KS, Den norske legeforening, og Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, seier Hunskår.
Under konferansen var aktørane samla, og noko av det som vart fokusert på, var både kapasitet til å ta imot studentar og at det kostar pengar for fastlegane, som er sjølvstendig næringsdrivande.
I rapporten «Finansiering av praksis i profesjonsutdanningene», som vart skriven av Oslo Economics i 2025, heiter det at: «Selv om fastlegene mottar kompensasjon fra universitetene for å ta imot praksisstudenter, peker koordinatorene på at det kan være utfordrende å få rekruttert nok praksisplasser hos fastleger».
Vidare heiter det at det innan helsefag kan vera ganske kostbart å ha praksisstudentar. «Hvert praksisopphold krever blant annet uniform, ID-kort, tilgang til systemer, kurs, skapplass og mulighet til å bruke medisinsk utstyr i praksisperioden. Innenfor medisin og psykologiutdanningen trekkes også kontorplass frem som en vesentlig kostnad og barriere for å kunne ta imot flere praksisstudenter».
To og to saman?
Formålet med UiB sitt FRONESIS-prosjekt har vore todelt: Å utdanna kompetente fastlegar og andre legar til kommunane, og å bidra til at medisinutdanningane har eit tilstrekkeleg tal praksisplassar i primærhelsetenesta.
Professor Hunskår peikar på at å vera lege er eit ein til ein-fag, og at ein skal trena på alle sidene ved faget når ein har praksis, heilt frå mottak av pasientar til å skriva journal og rekning.
Men likevel er parpraksis, der to legestudentar altså er saman hos same rettleiar, noko som har vorte testa — for å få plass til alle studentane.
— Det er positive erfaringar knytt til å vera to studentar saman, seier stipendiat Julie Solberg Knudsen.
— Det er fleire måtar å gjera det på, men ofte tek ein då annankvar pasient. Begge studentane kan vera i rommet, men ein byter på å gjennomføra konsultasjonen.
På fastelegekontoret på Askøy plar det vera ein praksisstudent i året.
— Det er jo første gong dei har legehatten på, og me ser korleis dei veks i rolla. I starten er det kjempeskummelt, seier lege Hannah Knoop.
— Men så ser me også at dei vert gradvis tryggare på kva dei kan, og ein kan også i løpet av desse vekene få ein personleg relasjon.
— Det er altså nokre pasientar som er innom fleire gongar i løpet av seks veker?
— Det kan det vera. Og å få erfaring med korleis ein nærmar seg folk, er noko av det viktigaste i starten, seier student Münster.
