Min doktorgrad

Janne Sønnesyn jobbar ved Høgskulen på Vestlandet i saftbygda, og nynorskbygda, Sogndal. Men fleire andre stader er nynorsken under press. Sønnesyn har forska på ungdom som ikkje vel vekk nynorsk når dei byrjar på ungdomsskulen.

— Når ein er stipendiat må ein må hugsa at ein lærer seg eit handverk

Janne Sønnesyn har skrive avhandling om ungdomsskuleelevar sine språkval. Då tilbakemeldingane på teksten hennar kom, prøvde ho å tenkja på at ho faktisk var under utdanning.

— Kan du, heilt kort, forklara kva avhandlinga di handlar om?

— Det handlar om ungdom sine skriftspråkval på ungdomsskulen. Eg har intervjua tiandeklassingar i tre kommunar der nynorsken er under press. Tidlegare er det forska på elevar som byter hovudmål frå nynorsk til bokmål, men eg har vore mest interesserte i dei som har valt å vera nynorskbrukarar.

Fakta

Janne Sønnesyn

Har levert avhandlinga «Språkskifte og språkbevaring på norsk: Elevar sine val av skriftspråk på ungdomstrinnet»

Disputerte ved Høgskulen på Vestlandet 17. november 2023

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Det var gamle Høgskulen i Sogn og Fjordane som lyste ut stillinga, og eg måtte finna eit prosjekt som var i krysspunktet mellom mine og høgskulen sine interesser. Dette var i tillegg eit område der ein treng meir forsking. Det er gjort noko tidlegare, men det er ikkje skrive avhandlingar om emnet.

— Så, kva var sjølve prosjektet ditt?

— Eg har intervjua ungdommar i gamle Os (no Bjørnafjorden, journ.anm..) kommune, Ål kommune og Tysvær kommune. Eg gjorde både ei spørjeundersøking og gruppeintervju. Desse tre har vore stabile nynorskområde, men der nynorsken no er under meir press enn før. Ål er tradisjonelt mest stabil, medan Tysvær har størst innslag av bokmål. 

— Er argumenta til dei som byter at det er lettare å få god karakter i sidemål om ein byter til bokmål som hovudmål?

— Nei, det er verkar som om det er lite strategi som ligg bak byta. Dei som ikkje byter til bokmål seier at dei vil læra nynorsk, dei ser at det er noko dei kan ha bruk for. Dei som byter seier at dei synest nynorsk er vanskeleg. Dei ser ingen nytteverdi, og opplever at nynorsk er utfordrande.

— Kva er funna dine?

— Skuleelevar, òg i nynorskområde, vert lite eksponerte for nynorsk. Det som kanskje overraska meg litt, er kor viktig skulen er. Nettopp fordi ein møter lite nynorsk, til dømes i media, er ein ekstra avhengig av at skulen som struktur fungerer. Eg finn at ungdomsskulen ikkje gir elevane dei stillasa dei treng for å vera gode, trygge nynorskbrukarar. Ein gløymer kanskje at òg nynorskelevar treng opplæring i sitt eige skriftspråk, nettopp fordi ein er så lite eksponert for det. Ungdommen brukar ikkje nynorsk andre stader enn på skulen, når dei skriv meldingar til kvarandre, skjer det gjerne på dialekt. 

— Kva kan skulen så gjera? 

— Eg visste at skulen var ein viktig språkbruksarena, men det som overraska meg var at det for mange er DEN viktigaste og einaste arenaen. Å velja skriftspråk på ungdomsskulen er ein personleg rett, så det er ikkje noko skulen skal blanda seg i. Men eg trur likevel skulane i større grad enn i dag kan våga å tematisera dette med språkbyte.

Eg lova meg sjølv at eg skulle ta master i nordisk òg dersom eg framleis var gira etter å ha levert engelsk.

Janne Sønnesyn

— Noko anna: Du har to mastergrader og ein noverande statsråd som rettleiar?

— Haha, ja. Eg starta med bachelor i engelsk og tok mastergrad innanfor engelsk språk. Så hadde eg nordiskemne som støttefag. Eg lova meg sjølv at eg skulle ta master i nordisk òg dersom eg framleis var gira etter å ha levert engelsk. Så eg leverte mastergrad om bruk av aksentar i Disney-filmar på engelsk og om språkbruk i NRK radio, i nordisk. Oddmund Hoel (som er professor ved HVL og held til i Sogndal, journ.anm..) var hovudrettleiaren min i starten av doktorgradsarbeidet, men gav seg som rettleiar for meg då han vart statssekretær, det vart vanskeleg å kombinera.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert leverte i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva synest du var mest krevjande med doktorgradsperioden?

— Det var tidvis krevjande å balansera stipendiatlivet og livet utanfor, det var storleikar som ikkje heilt var i synk. Når ein er stipendiat er ein dessutan under utdanning. Men når ein sender inn artiklar til fagfellevurdering, vert ein vurdert på same måte som dei meir røynde forskarane. Då må ein prøva å hugsa at ein er i ferd med å læra seg eit handverk.

— Ein annan ny-disputert har i denne spalta samanlikna det å ta doktorgrad med å ta sertifikat.

— Ja, det er eigentleg ein god metafor. For som når ein tek sertifikat for bil er ein ikkje utlært etter å ha levert avhandlinga. Eg har vore heldig og ikkje fått kjempekrasse tilbakemeldingar i fagfellevurderingane, men eg har sjølvsagt fått tilbakemeldingar som krev både omarbeiding og revisjon.

— Har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Å seia «nei» ville vera å lyga … Eg har av og til lurt på kvifor dette var noko eg frivillig gjekk i gang med. Men eg er glad for at eg stod løpet ut, og eg kom i mål nesten til normert til. Det er eit privilegium at jobben min har vore å kunna gå djupt inn i eit tema som er spanande og der eg har sjanse til å vidareutvikla meg.

— Kva skal du bruka doktorgrada til vidare?

— Eg tenkjer på det som eit startskot for vidare forsking. No er eg tilsett ved Høgskulen på Vestlandet og underviser på grunnskulelærarutdanninga. Men eg har òg forskingstid i stillinga mi, og har fleire ting eg har lyst til å forska på, mellom anna med utgangspunkt i det eg har lært og funne gjennom avhandlinga mi.

Powered by Labrador CMS