epstein-avsløringane
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Professor og leiar av prestisjetungt institutt ved Columbia-universitetet hadde langvarig relasjon til Jeffrey Epstein.
Richard Axel (79) er kjend som ein av dei fremste medisinske forskarane i verda og var inntil nyleg leiar for det prestisjetunge instituttet for nevrovitskap ved Columbia-universitetet i New York.
Tysdag trekte han seg frå stillinga, etter at det kom fram at han heilt tilbake til 1980-talet har hatt ein vennskapeleg relasjon til Jeffrey Epstein. Samstundes trekte Axel seg frå stillinga som forskar ved Howard Hughes Medical Institute.
Axel fekk i 2004 nobelprisen i medisin saman med Linda B. Buck for å ha oppdaga korleis luktereseptorar og luktesansen fungerer.
Avsløringane om Richard Axel er den siste i rekka av skandalar som også har ramma akademia i kjølvatnet av at dei såkalla Epstein-filene vart offentleggjort i januar.
Hyppig gjest hos Epstein
Studentavisa ved Columbia University, Columbia Spectator, avslørte først banda mellom professoren og Epstein. Ifølgje avisa går den omfattande skriftlege korrespondansen mellom Axel og Epstein over minst ni år, frå 2010 til 2019. Dei skal ha kjent kvarandre sidan 1980-talet.
No er det altså klart at Axel trekker seg frå toppstillingane han har ved universitetet.
Den meritterte professoren er ikkje skulda for å ha gjort noko gale utover kontakten med Epstein. Men ifølgje The New York Times viser dokumentasjonen at han var ein hyppig gjest heime hos Epstein på Manhattan. Axel tok også ei rolle som mellommann for Epstein og sette han i kontakt med aktørar på universitetet.
I ei fråsegn som er publisert på Columbia-universitetet sine nettsider, kallar Alex sambandet med Epstein for ei «alvorleg feilvurdering». Han ber også om unnskyldning for å ha «svekt tilliten til venner, studentar og kollegaer».
Han karakteriserer det som er kome fram om Epstein, som «skrekkeleg», og seier at skaden han har påført så mange «gjer at mi kopling til han er desto meir smertefull og utilgiveleg».
Stjerneforskarar sluttar
Axel er ikkje den første akademikaren som no blir ramma etter offentleggjeringa av Epstein-filene. Khrono har fortalt om korleis avsløringane har ført til at fleire stjerneforskarar har måtta slutte.
I fjor vart det kjent at tidlegare Harvard-rektor Larry Summers ikkje lenger får undervise ved universitetet på grunn av bindingane han hadde til Epstein. Direktøren for MITs Media Lab, Joi Ito, sa opp etter at det i 2019 blei kjent at han hadde hatt nær kontakt og mottatt pengegåver frå Epstein til instituttet.
Etter dei siste avsløringane kom det fram at den kjende språkforskaren og filosofen Noam Chomsky vart permittert frå University of Arizona der han har vore forelesar.
Columbia University skriv på nettsidene sine at dei «ikkje har bevis for at Dr. Axel har brote universitetet sine retningslinjer eller gjort noko ulovleg». Men universitetet gjer det klart at det er rett at han går av som meddirektør for instituttet han leiar. Han skal halde fram med å forske og undervise der, heiter det.
Ifølgje New York Times viser flybillettar at Axel og kona hans etter planen skulle besøke Epsteins private øy i desember 2001. Det er ikkje klart om reisa blei gjennomført.

Nylige artikler
Nesten 600 tvilsmeldinger om studenter som kan være uskikket
Slik lever feilaktig forskning videre. Diskrediterte studier sitert mange tusen ganger
Han kjørte trailer i mange år. Så gikk veien til NTNU
Fagessayet: Ei KI-sikker eksamensform?
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Mest leste artikler
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Epstein-oppvask i akademia: Stadig flere blir strippet for oppgaver
Foreleser mistenkes for å ha funnet opp sin egen «nobelpris» og gitt den til seg selv
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre