Debatt ● Dag Rune Olsen
Ny statsråd, men politikken ligg fast
Dag Rune Olsen ønskjer UH-sektoren og nordområda si nye minister Oddmund L. Hoel velkomen til jobben som statsråd. Han vil både kritisere og utfordre regjeringa — og lovar ein prat om det nye museet i Tromsø.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Sjeldan, om nokon gong, har ein statsråd for forsking og høgare utdanning hatt så stor innsikt i og kunnskap om sektoren han skal ha ansvar for, som når Oddmund Løkensgard Hoel no rykker opp frå posten som statssekretær. Det vil openbert lette arbeidet hans i møte med sektoren.
Ny
statsråd betyr likevel ikkje ny politikk; han er forplikta på Hurdalsplattforma,
grunnlaget for denne regjeringa. Det betyr ikkje at den nye statsråden står utan
handlingsrom. Han kan sette sitt tydelege stempel på politikken regjeringa har for
forsking og høgare utdanning, gjennom prioriteringar og korleis punkta i
Hurdalsplattforma blir tolka og implementert.
Som statssekretær
har Hoel allereie vore svært sentral i arbeidet med å forme meldingane som
hans departement snart legg fram. Både i meldinga om profesjonsutdanningane og
meldinga om opptak til høgare utdanning vil vi truleg kunne spore Hoels
politikk for sektoren. Skal eg spå, får institusjonane større fridom — under betydeleg
ansvar.
Ny statsråd betyr likevel ikkje ny politikk; han er forplikta på Hurdalsplattforma, grunnlaget for denne regjeringa. Det betyr ikkje at den nye statsråden står utan handlingsrom.
Universitets- og høgskolelova gir statsråden vide fullmakter i styringa av institusjonane. Marsjordren frå statsråden kjem i det årlege tildelingsbrevet og forpliktar styra. Ein kan hevde at viljen til å detaljstyre sektoren har vore aukande. På den andre sida blir både måla og resultatkrava forma i dialog med institusjonane, og blir fastsette i utviklingsavtalen forankra i institusjonane gjennom styrevedtak.
Hoel vert også ein nordområdeminister. Plattforma regjeringa styrer på, seier at nordområda er Noregs viktigaste strategiske satsingsområde. Fordi den nye statsråden går inn i ei regjering med denne ambisjonen, har eg den same forventninga til Hoel som eg har til kollegaane hans i regjeringa.
Nordområdepolitikk er geo- og sikkerheitspolitikk, totalberedskap gjennom aktivitet og busetting, det er helsepolitikk og klimapolitikk — og det er politikk for møte mellom minoritets- og majoritetssamfunn, for å nemne noko. Det gir kvar av dei 20 statsrådane eit ansvar — og vi føreset eit engasjement — for eit fokus på nordområde på feltet dei styrar.
Oddmund Løkensgard Hoel skal jobbe med korleis forsking og høgare utdanning skal bidra til at nordområda er Noregs viktigaste strategiske satsingsområde. Det gjer han blant anna ved å sikre finansiering av fleircampus-institusjonar og fleksible, desentraliserte utdanningar. På hans del av statsbudsjettet ligg no COAT, eit av verdas store arktiske observasjonssystem som gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om klimaendringar i Arktis og kva konsekvensar dei har.
Den første saka UiT kjem til å snakke med statsråd Hoel om, er nok planane om eit nytt museum.
Den første saka UiT kjem til å snakke med statsråd Hoel om, er nok planane om eit nytt museum. Dette blir ein viktig arena for at ein ny generasjon skal få kunnskap om raske og store endringar i arktisk natur og samfunn. Museet vil også gi UiT betre føresetnadar for å formidle samisk og kvensk språk, kultur og historie, ei viktig nasjonal oppgåve.
Det siste året har Statsbygg, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, vurdert kor det nye museet bør ligge, og kva kostnad og samfunnsnytte det vil ha. Førre veke kom konklusjonen: Det nye museet bør ligge i Tromsø sentrum, på tomta som allereie er regulert og blir kjøpt for formålet. UiT håpar no regjeringa så raskt som mogleg går vidare med konseptet som Statsbygg anbefaler og gir startskotet til eit forprosjekt.
Regjeringsplattforma har også ambisjonar for forsking, og her siterer eg: «Vidareføre treprosentmålet i forskingspolitikken og leggje fram ein strategi for at forsking og utvikling i næringslivet skal utgjere to prosent av BNP innan 2030». Det er ikkje tvil om at det norske næringslivet må forske meir dersom vi både skal lukkast med den grøne omstillinga, sikre internasjonal konkurransekraft og velferd og utvikle oss vidare frå ei råstofforientert verdiskaping mot eit meir kompetanseintensivt næringsliv. Då blir det interessant å sjå om løysinga til regjeringa blir meir forsking i næringslivet finansiert gjennom offentlege midlar eller om de lukkast med å stimulere næringslivet til sjølv å investere i forsking.
Sjølv ikkje med Hurdalsplattforma i botn og innsikt frå sektoren i ryggen, er Hoel sikra gjennomslag for sektoren i regjeringa. UiT og dei andre institusjonane i kunnskapssektoren skal både kritisere og utfordre regjeringa.
I tillegg til dette bør vi ta jobben med å spele statsråden god når han møter resten av regjeringa for å konkretisere regjeringsplattforma, skape tiltak av stortingsmeldingar og prioritere knappe ressursar. Då treng vi ein statsråd som på førehand har fått eit solid faktagrunnlag og korrekte beskrivingar av situasjonen, formidla i så gode møte som vi allereie har hatt fleire av med Oddmund Løkensgard Hoel.
Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager