Høgskulen i Volda

Opna «verdas finaste mediehus» i Volda

Høgskulen i Volda fekk tysdag endeleg nøklane til sitt flunkande nye mediebygg.

I år skulle Høgskulen i Volda feira femti år med medieutdanning, men feiringa er utsett til neste år. Men nytt bygg har mediestudentane no flytta inn i.
Publisert Oppdatert

Eit nytt mediebygg, som skal samle og huse alle dei populære mediefaga, kring 500 studentar og femti tilsette, har lenge stått høgt på ønskjelista ved Høgskulen i Volda.

I august 2019 fekk rektor Johann Roppen grønt lys av dåverande statsråd Iselin Nybø (V) til bygging av det høgskulen kallar «verdas finaste mediehus».

No er dagen komen: Tysdag er det offisiell opning av det flunkande nye bygget, Sivert Aarflot-huset.

Linda Sune Eriksen i Statsbygg gir QR-nøkkelen til rektor Johann Roppen.

— Ambisjonane har vore klare heile tida. Dette skal vere verdas finaste mediehus. Det håper eg Sivert Aarflot-huset lever opp til, sa avdelingsdirektør Linda Sune Eriksen i Statsbygg.

Like over klokka 11 overrekte byggherre Statsbygg formelt nøklane, som i 2021 er ei QR-kode, til det nye huset til leigetakarane rektor Roppen og mediedekan Kate Kartveit.

— Det har vore overmode å få eitt nytt mediehus og no har vi fått eit glimrande lokale for 50 nye år med medieutdanning her i Volda. Det ligg til rette for at dette skal bli verdas beste mediehus, sa rektor Roppen då han fekk QR-nøkkelen.

Mediedekan Kate Kartveit stilte i bunad under opninga.
Fakta

Fakta om det nye mediebygget

  • Leigetakar: Høgskulen i Volda
  • Byggherre: Statsbygg v/Jens Kristian Hersløv
  • Totalentreprise: PEAB/K.Nordang v/ Lars Ole Tomren
  • Arkitekt: LINK arkitektur
  • Lokale underleverandørar: Tussa installasjon, Egset Ventilasjon, Brænde Rør, Berknes, Ulstein Betong, Ålesund låsservice, Byggmontering Møre
  • Byggeperiode: November 2019 - juli 2021
  • Grunnstein: 1.10.2020
  • Nøkkelseremoni: 26.10.2021
  • Prosjektkostnad: Ca. 220 mill.
  • Inventar/møblar/medieteknisk utstyr: Ca. 30 mill (betalt av HVO)
  • Storleik: Ca. 3.900 m2
  • Kapasitet: Arbeidsplassar til ca. 50 tilsette og ca. 500 studentar
  • Romplan: Fjernsynsstudio, radiostudio, fotostudio, teiknesal, «Framtidslab», møterom, grupperom, osb.
  • Bachelorutdanningar: Journalistikk, PR og kommunikasjon, Medieproduksjon, Animasjon
  • Master: Media practices

(Kjelde: Høgskulen i Volda)

— Glad for å gi høgskulen eit topp moderne mediebygg

Det var tilbake i desember 2018 at høgskulestyret bestemte å gå vidare med entreprenøren PEAB/K.Nordang sitt forslag og Statsbygg kunne starte forprosjektet.

Og i august 2019 kom klarsignalet som høgskulen hadde venta på. Eit regjeringsvedtak gjorde at spadene endeleg kunne setjast i jorda.

— Høgskulen i Volda har ein av dei leiande medieutdanningane i landet og regjeringa er glad for å kunne vere med på å gi høgskulen eit topp moderne mediebygg. Det skal vere tilpassa nyare og framtidsretta medieproduksjon, undervisning og forsking. Samstundes som det skal støtte opp under digital læring, sa dåverande forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø då ho tok turen til Volda for å meddele den glade bodskap.

Bygginga starta i november same året, og ein tok på det tidspunktet sikte på at bygget på 3 900 kvadratmeter, med ein prislapp på over 200 millionar kroner, skulle stå klart for innflytting i mai 2021.

Heile vegen håpte høgskulen at regjeringa også ville løyve pengar til utstyr til bygget. Dei kring 30 millionar kronene høgskulen venta på låg ikkje inne i statsbudsjettet for 2020.

Rektor Roppen frykta at koronapandemien gjorde at pengane lét vente på seg, men hadde eit håp for pengeløyving i statsbudsjettet i 2021.

Men det kom heller ikkje der og på tampen av fjoråret kom det klar og tydeleg beskjed frå Kunnskapsdepartementet om at leigetakar sjølv måtte stå for desse kostnadane.

Slik ser bygget ut frå utsida, plassert i klynge saman med fleire andre av høgskulen sine bygg.
Powered by Labrador CMS