samordna opptak

Edvard (23) skal verta lærar. Håpar fleire unge menn vel som han

I 2025 gjekk søkjartala til grunn­skule­lærar­­utdanningane opp. No håpar leiaren for det nasjonale rekrutterings­prosjektet at oppgangen held fram. Edvard Nystad har tatt sitt val.

Edvard Nystad (23) brenn for å verta lærar, og synest det er synd at ikkje fleire menn vel å gå same karriereveg som han.
Publisert

— Eg håpar eg vert overtalig, seier Ingvild Brekke og ler.

Ho er seniorrådgivar ved Høgskulen på Vestlandet og leier Nasjonalt prosjekt for lærarutdanning.

Då Khrono snakka med henne i 2024, var ho uroa: I 2023 klarte heller ikkje lærarutdanningane i dei største byane å fylla studieplassane.

— For HVL var det først Stord, og deretter Sogndal, som merka ein nedgang i søkjartal. I fjor kom denne trenden òg til Bergen, sa Brekke.

Søkjartala vart ikkje så mykje betre i 2024 enn i 2023. 

Men i 2025 snudde trenden: 3200 studentar hadde grunnskulelærar som førsteval på søknaden sin til Samordna opptak — ein auke på 15 prosent samanlikna med året før. Ser ein på kor mange studentar som faktisk møtte til studiestart, og vart verande i alle fall fram til dei hadde betalt semesteravgift, var det også her ein vekst: 2946 frammøtte i 2025 mot 2590 året før — og langt færre ledige studieplassar.

No er det berre nokre dagar att til årets søknadsfrist til Samordna opptak.

— Eg håpar at trenden held fram. Eg håpar også at søkjarane vel tilboda med realfagsprofil, både innanfor grunnskulelærarutdanninga og lektorutdanninga, seier Brekke.

— I tillegg håpar eg at trenden for barnehagelærarutdanninga, som fekk ein ekstra dupp i søkjartala i fjor, snur.

Sender unge menn ut til yngre menn

Det nasjonale prosjektet skal arbeida med å styrka kunnskaps­grunnlaget som kan bidra til auke i rekrutteringa til lærar­utdanningane og læraryrket, og arbeida med tiltak som er relevante for fleire av lærarutdannings­­institusjonane og for andre aktørar som har ansvar for rekruttering av barnehagelærarar og lærarar til skulen.

Men i tillegg til at ein ønskjer seg fleire søkjarar totalt sett, er det ei gruppe ein særleg jaktar på: Unge menn.

Tal frå Komite for kjønnsbalanse og mangfald i forsking og høgare utdanning viser at 60 prosent av dei som tek høgare utdanning, er kvinner. Men kva ein studerer, er ulikt for kvinner og menn. Profesjons­utdanningar har skeivast kjønnsbalanse, med 72 prosent kvinnelege studentar på lærarutdanning og pedagogikk og 80 prosent kvinner blant dei som tek helse- og sosialfag eller idrettsfag.

Tal frå Database for høgare utdanning (DBH) viser at 15,8 prosent av barnehagelærar­­studentane er menn og 19,8 prosent av dei som tek grunnskule­lærarutdanning (GLU) 1—7 er menn.

En av få menn

Ein av dei unge mennene som har vald læraryrket, er Edvard Nystad (23). Han er snart ferdig med det tredje året av grunnskulelærar­­­utdanninga (GLU) 1. — 7. trinn på HVL.

Etter å ha vore i Forsvaret, trong Nystad ein jobb. Han begynte i jobb på ein barneskule, og enda opp med å falla pladask for læraryrket.

— Eg trivst utruleg godt som lærar, og eg kjende at det var dette eg ville vidare.

Læraryrket gir han utruleg mykje, seier Nystad.

— Eg kjenner på meistring ved at eg lærer og får til nye ting i kvardagen, og kan påverka barna på ein positiv måte. Barn viser takksemd gjennom kroppsspråket, og ein kjenner seg veldig verdsett.

HVL har eit eige prosjekt som har som mål å få fleire menn til å verta lærarar for dei yngste grunnskule­elevane og å verta barnehage­lærar.

Seniorrådgivar Bente Cathrine Janby Bakke leier rollemodell­prosjektet. Det går ut på at mannlege grunnskulelærar- og barnehagelærar­studentar vert kursa og sendt ut i klasserom i dei vidaregåande skulane.

— Rollemodellane tek del i eit skreddarsydd kurs der dei vert trent i å verta ein betre formidlar og skapa si eiga lærarforteljing. Dei får opplæring av dramapedagogar hos oss, og dei snakkar om kva det var som fekk dei til velja læraryrket. Det er altså ikkje akkurat ein powerpoint-presentasjon dei held, seier Bakke.

— Me har tru på å senda ut studentar som berre er eit par år eldre enn dei elevane dei snakkar til.

Dårlegare rekruttering til særleg barnehagelærar­utdanningane har gjort at ein dei siste åra ikkje berre har hatt mannlege rollemodellar å senda ut i dei vidaregåande skulane. Dei siste åra har dei gjerne sendt ei kvinne og ein mann saman.

— Kan det at ein sender både kvinner og menn ut i klasseromma bety noko for rekruttering av begge kjønn?

— Det handlar jo om å utvida handlingsrommet. Det me veit, er at barnehagar med mange mannlege tilsette rekrutterer fleire menn. Men dei rekrutterer også fleire kvinner! Kvinner ønskjer også å jobba i eit miljø med både mannlege og kvinnelege tilsette, seier Bakke.

Fire unge vaksne i like T-skjorter poserer ved ein sofa framfor ei vegg med trebord.
ROLLEMODELLAR: Studentar ved lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet deltek i rekrutteringsarbeid for å få fleire unge til å velja læraryrket. Fire av dei er Stine Marie Laub Varpe, Malin Isaksen, Robin Opdahl og Sebastian Sjøvold.

Kvinnene dominerer

Student Edvard Nystad meiner ein må jobba for å endra den skeive kjønnsfordelinga i læraryrket.

— Eg trur det er viktig å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn. Det er sunt for både elevane, og for profesjons­fellesskapet, seier han.

— Nokre elevar trivst betre med ein mannleg lærar, og motsett. Barn treng rollemodellar frå begge kjønn.

Nystad trekkjer spesifikt fram eit døme der han sjølv fekk kjenna på kor viktig det kan vera å ha menn til stades på skulen:

— Eg hadde ein elev som har hatt vanskelege situasjonar knytt til farsrolla, og strevde mykje på skulen. For henne vart det ein stor tryggleik å ha trygge menn rundt seg, som representerte noko ho ikkje møtte andre stadar.

Lærarstudenten trur det finst fleire grunnar til at menn ikkje søkjer mot lærarutdanning.

— Eg trur det er ein litt vond sirkel: få menn søkjer, så difor søkjer det færre menn neste år, og så har du det gåande.

— Sosiale medium er alfa omega

Adrian Holt Valdresbråten (30) studerer til å verta barnehagelærar ved Dronning Mauds Minne høgskole for barnehagelærer­utdanning. I motsetnad til Nystad, var han ikkje sikker på studievalet frå starten.

— Eg tok ein sjanse, og så enda eg opp med å trivast veldig godt, seier Valdresbråten. 

Valdresbråten anslår at rundt éin av ti studentar på studiet hans er menn, og peikar på sosiale medium som ei forklaring på skeivfordelinga.

— Biletet av suksess i sosiale medium handlar mykje om å tena mykje pengar og vera veltrent. Dei fleste koplar ikkje barnehagelæraryrket til eit vellukka liv. Det verkar ikkje så attraktivt, fortel han. 

Ifølgje han er det nettopp i sosiale medium ein når unge menn. Difor meiner han at fleire må vera med på å løfta fram barnehagelæraryrket der.

— Om eg kunne svinge ein tryllestav, skulle kjende førebilete som Oskar Westerlin eller Mads Hansen snakka positivt om barnehagelærar­yrket. Det kunne gjort det langt meir attraktivt for gutar, spekulerer Valdresbråten. 

— Du må berre hoppa i det. Eg var i tvil, men dei fine augneblikka gjer det verd det. Eg ville valt det igjen kvar einaste gong, slår han fast. 

Du må berre hoppa i det. Eg var i tvil, men dei fine augneblikka gjer det verd det, seier Adrian Holt Valdresbråten.

Låg løn og negativ omtale

Men kvifor ønskjer ikkje unge — både kvinner og menn — å jobba i skule eller barnehage? Det veit ein ikkje så mykje om, seier seniorrådgivar Ingvild Brekke.

— Me veit ein god del om dei som vel dei ulike lærarutdanningane, men me veit jo ikkje noko om kven som vurderte det — men enda med å ikkje søkja.

Ho seier at i løpet av få år har det vorte tusen færre unge kvinner som har søkt seg til barnehagelærar­utdanningane.

— Kva gjer desse på i staden? Eg er uroa for at søkjartalet går ned. Nokre snakkar om at barnetalet går ned, og om at ein får det til i barnehagane, til dømes gjennom å omstrukturera. Men når ein ikkje får nok tilsette med relevant utdanning, gjer det noko med den faglege diskusjonen i barnehagen, han vert svekt — sjølv om det er nok hender der og omsorgsfulle hjarte.

Me veit ikkje kven som vurderte ei lærarutdanning, men som enda med å ikkje søkja, seier Ingvild Brekke. Ho leier det nasjonale prosjektet for lærarrekruttering.

— Eg trur mange kan tenka på «lærar» som et utakksam yrke, med mykje arbeid, utan å få noko igjen for det. Eg trur dette er feil på alle moglege måtar, seier student Edvard Nystad.

Han seier at han trur fleire treng å verta eksponerte for jobbar med barn tidleg, anten på ungdomsskulen eller vidaregåande. 

Det er Brekke heilt samd i. Ho heiar på tiltak der unge får prøvd seg, særleg i barnehagar, gjerne så tidleg som i ungdomsskulealder.

— Då får dei røynsle med kva det vil seia å bety noko for andre.

— Dei siste åra har ein hatt ymse tiltak, som LæreriNord, og ein har løysingar med arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. Er dette vegen å gå for å få fleire inn i yrket?

— Tradisjonelt har ein nok tenkt at barnehagelærar og andre lærar er hyllevare — det får ein alltid tak i. Men no ser me, og det gler meg, at fleire aktørar jobbar saman for å rekruttera, seier Brekke.

Ho seier at LæreriNord samarbeider med både kommunar, næringslivet og idretten.

— Barnehage- og skuleeigar må visa seg fram som attraktiv arbeidsgivar. Nyutdanna må oppleva å verta tekne godt imot med tilbod om mentor og rettleiing, og gode rammevilkår. Dei som alt arbeider i sektoren utan utdanning er ofte motiverte til å arbeida med barn og ungdom, men treng tilrettelegging og kanskje stipend som kan kompensera for tapt inntekt.

Ein trenger å omtala læraryrket på ein meir positiv måte, meiner student Nystad, og gjera lærarstudiet meir attraktivt.

— I respons på at eg skal verta lærar får eg ofte høyra at «oi, det kunne aldri eg gjort». Då seier eg alltid at jo, det kunne du fint.

— Eg trur det er mange dyktige pedagogar der ute, som aldri vil finna ut av det.

Powered by Labrador CMS