Debatt ● Klaus Mohn

Oppklaring om styre og rektor

Hatlebakk sine resonnement er ikkje eigna til å rokke ved min hovudkonklusjon: Nytt styre bør tilsette ny rektor.

Det som let til å gå Hatlebakk hus forbi er at modellen for styring og leiarskap er heilt annleis ved UH-institusjonar som har tilsett rektor enn ved institusjonar som har valt rektor, skriv UiS-rektor Klaus Mohn.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I eit debattinnlegg 11. desember UiB-stipendiat fører Peter Sebastian Hatlebakk det han kallar nokre «enkle og praktiske motargumenter» mot mitt forslag om at påtroppande styre bør tilsette påtroppande rektor.

Om argumenta er enkle og praktiske får bli opp til lesaren. Verre er det at dei kvilar på fleire premiss som ikkje stemmer. Difor er det på sin plass med ei oppklaring.

Hatlebakk skriv at eg grunngjev min hovudbodskap med at « … rektor da lettere arbeider seg sammen med styret han leder». Dette stemmer ikkje. For som tilsett rektor er eg ikkje styreleiar. 

Det som let til å gå Hatlebakk hus forbi er at modellen for styring og leiarskap er heilt annleis ved UH-institusjonar som har tilsett rektor enn ved institusjonar som har valt rektor.

For nærmare ti år sidan vedtok Universitetet i Stavanger å gå over til ei ordning med ekstern styreleiar, tilsett rektor og einskapleg leiing. Dette inneber at rektor er dagleg leiar for både vitskapleg og administrativ verksemd ved universitetet, og at rektor formelt sett er sekretær for styret. Ordninga med ekstern styreleiar og tilsett rektor er føretrekt (normalmodellen) frå Kunnskapsdepartementet si side, og er no innarbeidd ved om lag 2/3 av dei statseigde UH-institusjonane. 

Det er for desse institusjonane at eg tilrår ei justering for å sikre at eit nytt styre får tilsette ny rektor.

Med valt rektor og todelt leiing er situasjonen annleis, for då har rektor sikra seg legitimitet som styreleiar gjennom valet blant tilsette og studentar i forkant av åremålsperioden. Slik er det ikkje når rektor blir tilsett. 

Dette var eg tydeleg på i mitt innlegg, og min hovudbodskap gjeld ikkje for institusjonar med valt rektor.

Ved institusjonar med valt rektor har institusjonen ein administrerande direktør (universitetsdirektør), med ansvar for heile den administrative sida av verksemda. Universitetsdirektøren førebur saker for styret, og fungerer dermed formelt som styrets sekretær, medan den valte rektoren er styreleiar. Dette blir gjerne omtalt som todelt leiing. 

Om Hatlebakk engster seg for mektige universitetsdirektørar og for lite vitskapleg leiing, så er det slett ikkje opplagt at situasjonen er så mykje betre med valt rektor enn med tilsett rektor.

Klaus Mohn

Institusjonar med tilsett rektor har til forskjell einskapleg leiing, der alle rapporteringslinjer på vitskapleg og administrativ side ender hos rektor, som igjen førebur og presenterer saker for eit styre med ekstern styreleiar.

Med ekstern styreleiar og tilsett rektor vil prorektorane normalt ha resultatansvar. Ved Universitetet i Stavanger har den vitskaplege leiinga soleis ansvar for universitetsbiblioteket, forskingsavdelinga, avdeling for innovasjon og eksternt samarbeid, kommunikasjon og samfunnskontakt, utdanningsavdelinga, internasjonalt samarbeid, universitetspedagogikk, etter- og vidareutdanning, og dessutan utvikling av digitale læremiddel.

Med valt rektor og ekstern styreleiar ville alle desse delane av verksemda rapportert til universitetsdirektøren. Om Hatlebakk engstar seg for mektige universitetsdirektørar og for lite vitskapleg leiing, så er det slett ikkje opplagt at situasjonen er så mykje betre med valt rektor enn med tilsett rektor. Men det er ikkje dette mitt opphavlege innlegg handla om.

Hatlebakk åtvarar vidare om at mitt forslag vil «innebere en videreutvikling av universitetsledelse som en egen sfære styrt av et lag profesjonelle rektorer og styremedlemmer, hvor flertallet til dels oppnevner hverandre, til dels med tette bånd til Kunnskapsdepartementet.» 

Slike vurderingar får stå for Hatlebakks rekning, men eg kan verkeleg ikkje sjå at mitt enkle justeringsforslag vil påverke ei slik utvikling korkje i den eine eller andre retninga.

«Ved institusjonene som har ansatt rektor er det flertall av eksterne styremedlemmer — med rektor.» Det stemmer ikkje. Med fire av elleve er eksterne styremedlem i utgangspunktet i mindretal ved alle statseigde universitet og høgskular, om dei har valt eller tilsett rektor.

I eit vidfemnande sveip fører Hatlebakk deretter ei rekke resonnement rundt overordna utfordringar og utviklingstrekk for universitet og høgskular, med eit spenn frå historie, teknologi, politikk, styringskultur og akademiske verdiar. 

Slike viktige tema fortener uavbroten merksemd og debatt. Men argumenta er ikkje enkle, og heller ikkje praktiske. Og som motargument mot mitt forslag har dei avgrensa relevans.

Mitt enkle forslag til justering gjeld for universitet og høgskular som sjølv har valt ekstern styreleiar, tilsett rektor og einskapleg leiing som modell for styring og organisering.

Dermed kan eg ikkje sjå at Hatlebakk sine resonnement er eigna til å rokke ved min hovudkonklusjon: Nytt styre bør tilsette ny rektor.

Powered by Labrador CMS