nobelpris

Pandemien var bra for likestilling, meiner nobelprisvinnar

Når kvinner giftar seg, kastar mange likestillinga under bussen. Men under pandemien skjedde det noko, seier nobelprisvinnar Claudia Goldin.

Claudia Goldin på Nobelmuseet i Stockholm. Her skal ho ha eit føredrag måndag, dagen etter sjølve prisutdelinga. 77-åringen er framleis ein aktiv forskar, og ho bloggar i tillegg om hundane sine på heimesida si på Harvard.

Stockholm (Khrono): Ho var den første kvinnelege kvinna som fekk fast stilling ved økonomisk institutt på Harvard og er den tredje kvinna gjennom tidene som får Alfred Nobels minnepris i økonomi. Og 77 år gamle Claudia Goldin er framleis ein aktiv forskar, som skal ha fleire kurs til våren.

Fakta

Nobelveka 2023

6.-12. desember er det Nobelveke i Stockholm og Oslo, med prisutdelingar og andre arrangement. Khrono er til stades i Stockholm

Prisen får ho for å ha funne nøkkelfaktorane bak kjønnsskilnader i arbeidsmarknaden. I fleire tiår har Godlin forska på kvinner si deltaking i arbeidslivet, og ho har mellom anna undersøkt kva utviklinga av p-pillen har hatt å seia for yrkesaktiviteten til kvinner.

— Tidlegare måtte ein velja: Jobb eller familie. Karriere eller familie. No kan ein velja jobb og familie, og karriere og familie, sa Goldin på pressekonferansen for mottakarane av nobelprisane i økonomi, fysikk og kjemi i Stockholm 7. desember.

Ein har fått oppvaskmaskin …

Det er tre prismottakarar i kjemi i år og tre i fysikk. Goldin fekk økonomiprisen åleine.

— Hennar forsking er delvis grunnen til at eg valde å ta doktorgrad og forska nettopp på arbeidsmarknadsøkonomi og likestilling, sa lektor Sanna Bergvall ved Göteborgs universitet då prisen vart kjent.

Fakta

Nobelprisvinnere 2023

  • Fysikk: Pierre Agostini (Tunisia), Ferenc Krausz (Ungarn) og Anne L’Huillier (Frankrike)
  • Kjemi: Louis Brus (USA), Alexei Ekimov (Russland) og Moungi Bawendi (Frankrike)
  • Fysiologi eller medisin: Katalin Karikó (Ungarn) og Drew Weissman (USA)
  • Fredsprisen: Narges Mohammadi (Iran)
  • Litteratur: Jon Fosse (Norge)
  • Nobels minnepris (økonomi): Claudia Goldin

Bergvall var berre ein av fleire som jubla, og som peika på at forskinga til Goldin er viktig mellom anna for dei som skal fatta vedtak i eit samfunn.

Sjølv meiner Goldin det er eit stykke att til likestilling. Under pressekonferansen peika ho på at det er eit gap mellom kvinner og menn som særleg oppstår etter at kvinnene har gifta seg.

— Det handlar både om individet og om kva marknaden tillèt, sa Goldin.

— Likestilling no handlar ikkje så mykje om husarbeid, ein har trass alt fått oppvaskmaskin, men om å ta vare på både barn og gamle foreldre. Der kastar mange likestillinga under bussen. Dette er problemstillingar kvinner veit om, men som ikkje er nok diskutert, sa ho.

Treng ikkje reisa vekk

Dei sju som svara på spørsmål på Kungliga vetenskapsakademiet torsdag, vart óg spurde kva dei synest om PISA-undersøkinga. Den viser at skuleelevar gjer det dårlegare enn før, både i lesing, matematikk og naturfag.

— I USA ser me òg dårlegare resultat etter pandemien, sa Goldin, og viste til at skulane var stengde.

Men i eit likestillingsperspektiv er ho ikkje sikker på om pandemien var like ille.

— Det var ein forferdeleg situasjon, der mange menneske mista livet. Men det pandemien har vist oss er at menneske med omsorgsoppgåver, altså særleg kvinner, kan jobba utan å reisa vekk, sa Goldin, og viste til særleg digitale møteplassar.

Powered by Labrador CMS