Samla inn pengar på rekordtid for å støtte Bheki

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

På litt over eitt døgn er det samla inn over 80 000 kroner av totalt 100 000, for å støtte demokratiforkjemparen Bhekumusa «Bheki» Dlamini økonomisk i hans juridiske kamp mot norske styresmakter.

288 personar har så langt bidrege til innsamlinga.

Never have I imagined myself taking the Norwegian government to court. This is the government that gave new hope to me...

Posted by Bheki Nkosi on Wednesday, 15 January 2020

Leiaren for Redd Barna i Bergen, Mia Milde, skriv på Twitter at ho er stolt over engasjementet kring innsamlinga i Bergen by.

Dlamini har stemna Utlendingsnemnda (UNE) for retten for å overprøve deira vedtak om avslag på søknad om politisk asyl i Norge. Årsaka til at UNE har avslått asylsøknaden hans er fordi dei ikkje trur på at han er frå Swaziland, men frå Sør-Afrika.

Dlamini kom til Norge og Bergen gjennom studentprogrammet Students At Risk i 2015.

Nyttårsaftan stod han i fare for å bli sendt ut av landet, men Politiets utlendingseining innvilga i siste liten Dlamini og hans advokat Brynjulf Risnes sin søknad om å få utsett utreisefristen til 29. februar.

Rettssaka som no skal sjå nærare på avslagsvedtaket frå UNE, er sett til 24. og 25. februar i Oslo tingrett.

Innsamlinga som er sett i gang skjer via nettstaden Spleis og tek omsyn til tap i to rettsinstansar.

Dlamini takkar i dag varmt for støtta og alle bidrag som har kome inn i ein lengre Facebook-post.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS