Kortnytt

Slik opnar NHH for fysisk undervisning

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Norges handelshøgskule (NHH) opnar gradvis for fysisk undervisning komande måndag, 5. oktober.

Bachelorstudentane slepp til først, skriv K7 Bulletin, som siterer ei oppdatering på læringsplattforma Canvas.

— Vi ser fram til å få aktivitet på campus, og ikkje minst å kunne tilby fysisk undervisning igjen. Likevel vil eg sterkt oppmode alle om å følgje smittevernreglane slik at vi ikkje får ei ny oppblomstring av smitte, seier viserektor for utdanning Malin Arve i meldinga.

Malin Arve, prorektor for utdanning ved NHH.
Malin Arve, prorektor for utdanning ved NHH.

NHH stengte først ned den fysiske masterundervisninga den 23. august, for deretter stenge ned all fysisk undervisning den 31. august.

Måten dei no tenkjer å opne opp igjen på er slik:

  • Måndag 5/10 opnar all undervisning av obligatoriske kurs for førstekull bachelor. I tillegg opnar all gruppeundervisning på bachelor, samt valfaget ENG10.
  • Onsdag 7/10 opnar all masterundervisning.
  • Måndag 12/10 opnar all undervisning.

Til saman 147 studentar har blitt smitta med covid-19 sidan studiestart, skriv K7 Bulletin.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS