Debatt ● Aksel Mjøs og Arnt Ove Hopland

Språkdebatt på feil premiss

Det finst meir hensiktsmessige måtar å sikre eit levande norsk fagspråk på enn å tvinge unge forskarar i mellombelse stillingar til å ta eit kurs mange av dei korkje ønskjer eller ser noko nytte av.

Å senke debatten til nivået til Mette Elisabeth Nergård er ikkje formålstenleg, meiner kronikkforfattarane. — Premissen for diskusjonen bør heller vere korleis vi kan gjere oss endå meir attraktive for internasjonale kandidatar, for vi treng dei!
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Norskdidaktikar ved OsloMet Mette Elisabeth Nergård harselerer i eit Khrono-innlegg 23.2 over motstanden mot å pålegge utanlandske stipendiatar og postdoktorar eit obligatorisk norskkurs. 

Når ho tillèt seg å bruke uttrykk som at «utenlandske akademikere tas på med silkehansker» og at motargument «ligner trusler fra barn», er det freistande å svare med same mynt og spørje kor mykje ein veletablert heilnorsk dosent utan internasjonale publiseringar sjølv eigentleg veit om arbeidssituasjonen for unge forskarar. 

Å senke debatten til det nivået vil likevel ikkje vere formålstenleg.

Vi vil heller starte med å forkaste det som verkar å vere premissen i Nergårds tekst. Den gjennomgåande tonen er at det at utlendingane skal lære seg norsk er det minste vi kan forlange når dei er så heldige å få lov å kome hit og arbeide. Dette meiner vi er heilt feil måte å tenke om akademisk migrasjon på. 

Det er ikkje dei flinke unge forskarane som er priveligerte fordi dei får lov til å kome og jobbe hjå oss. Det er vi som er priveligerte fordi dei vel å koma til oss i den utkanten som Noreg er. At råsterke kandidatar frå heile verda ønskjer å halde til nokre år på våre institusjonar er med på å løfte norsk akademia. Både direkte gjennom at vi får dra nytte av arbeidskrafta deira, og ikkje minst indirekte gjennom at vi i møte med internasjonal målestokk òg lokalt vert stimulerte til å arbeide for å bli endå betre sjølve. 

Premissen for diskusjonen bør derfor vere korleis vi kan gjere oss endå meir attraktive for internasjonale kandidatar, for vi treng dei! 

Det er vi som er priveligerte fordi dei vel å koma til oss i den utkanten som Noreg er.

Aksel Mjøs og Arnt Ove Hopland

Så vil vi seie nokre ord om arbeidssituasjonen for forskarar i mellombelse stillingar, for å opplysa lesarane. Eit fireårig doktorgradsløp kan i litt grove trekk (det varierer òg frå program til program) delast inn slik: kandidaten brukar om lag eitt år (60 studiepoeng) på ein kursdel. Denne skal sikre at kandidaten har det teoretiske og metodemessige fundamentet på plass til å gjennomføre doktorgradsstudiet. Vidare er eitt år, ikkje samanhengande men samla over heile løpet, «pliktteneste» for instituttet, det vil seie undervisningsoppgåver og liknande. Då attstår det effektivt to år til å skrive avhandlinga. 

Dette er svært lite tid samanlikna med gode internasjonale kandidatar som gjerne arbeider samla 5—6 år på sin doktorgrad. Forslaget om å krevje 15 studiepoeng i norskopplæring vil få konsekvensar for dei utanlandske kandidatane som føl dette løpet, og for oss er det uklårt korleis ein skal få dette til.

Eitt alternativ er å senke kravet om andre kurs for utanlandske kandidatar, slik at kursdelen framleis er 60 studiepoeng. Men dette vil bety at dei norske kandidatane får ei grundigare fagleg innføring gjennom kursdelen og det står fram som lite rettferdig. 

Eitt anna alternativ er å forlenge doktorgradsløpet tilsvarande eit halvt semester, i praksis tre månader, for utanlandske kandidatar. Det vil vere ei rettferdig, men nokså kostbar løysning. 

Likeins kan ein redusere «plikttenesta» til dei utanlandske for å kompensere for norskkurset. Det er òg ganske rettferdig, sjølv om det tek frå dei utanlandske ein del verdifull praksis. Det er likevel òg ei dyr ordning, sidan ein vil trenge å hente inn ekstra personalressursar for å dekke desse oppgåvene. 

Ein politisk skrivebordsteoretikar vil òg i fullt alvor kunne seie at vi berre skal senke krava til avhandlinga tilsvarande eit halvt semester. Det er likevel meiningslaust, fordi potensielle arbeidsgjevarar ikkje let seg imponere av ein kandidat som legg ved ein norskkurs som grunngjeving for at avhandlinga ikkje er like god som andre sine og i praksis er det identisk med å pålegge eit ekstra arbeidskrav til dei utanlandske. Arbeidsmarknaden for forskarar er også internasjonal og då er det det du kan fagleg som tel.

Det er heilt sikkert at det vil skremma vekk det beste søkjarane som har gode alternativ i andre land.

Aksel Mjøs og Arnt Ove Hopland

Postdoktorar er på mange vis i ein liknande situasjon som doktorgradsstudentar. Stillingane deira er ofte fire år, der eitt av åra er «pliktteneste». For dei fleste postdoktorar er målet med perioden å kvalifisere seg til fast stilling. Konkurransen om desse stillingane er veldig tøff, og arbeidspresset i desse fire åra er derfor for mange allereie langt utover dei 37,5 timane norsk arbeidsliv legg opp til. 

Å berre avfeie at det å pålegge desse ekstra arbeidskrav er problematisk er heilt useriøst. Skal dei påleggast norskkurs, må vi anten forlenge perioden deira eller gje dei mindre «pliktarbeid». Begge delar kostar, og vi kan ikkje seie vi er overtydde om at betalingsviljen er til stades i regjeringskvartalet.

Det er òg viktig å ha med i tankane at mange som kjem til Noreg for å ta doktorgrad eller arbeide som postdoktor ikkje har planar om å bli buande permanent i Noreg. Kva som er poenget med å tvinge desse til å gjennomføre norskkurs står fram for oss som høgst uklårt. Det er heilt sikkert at det vil skremma vekk det beste søkjarane som har gode alternativ i andre land. Det er heilt utenkeleg at dei i løpet av så få år kjem til å undervise på norsk. Om dei heller ikkje sjølv ser på det som nyttig å lære seg litt norsk til privat bruk må dei stå fritt til å vurdera dette sjølv.

Det finnast meir hensiktsmessige måtar å sikre eit levande norsk fagspråk på enn å tvinge unge forskarar i mellombelse stillingar til å ta eit kurs mange av dei korkje ønskjer eller ser noko nytte av.

Powered by Labrador CMS