Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Storbritannia
1. august kom det nye lover med forskrifter frå The Office for Students i Storbritannia: Den eine handlar om ytringsfridom, den andre om seksuell trakassering.
Forskrifta om seksuell trakassering handlar om både å førebygga seksuell trakassering og grenseoverskridande oppførsel, men òg om å handtera slike hendingar på ein effektiv måte dersom det skjer:
Institusjonane skal ha tydelege og effektive retningslinjer — lett tilgjengeleg — som forklarar kva som vert sett på som seksuell trakassering eller grenseoverskridande oppførsel, dei skal tilby støtte til studentar som vert utsette for seksuell trakassering, og dei skal setja i verk tiltak som skal verna studentar mot interessekonflikter og maktmisbruk.
Slik oppsummerer Susan Lapworth, administrerande direktør for det statlege organet, på The Office for Students sine eigne nettsider.
Times Higher Education (THE) skriv at The Office for Students også har oppmoda universitet og høgskular om å innføra eit forbod mot forhold mellom tilsett og student. Det ønskjer utdanningsinstitusjonane ikkje.
THE har kartlagt retningslinene ved dei ulike universiteta i Russell Group. Der finn ein mellom anna prestisjeuniversiteta i Oxford og Cambridge, og også institusjonar som King´s College og London School of Economics.
Fleire av universiteta frårår eit forhold mellom tilsett og student, men dei har ikkje noko forbod mot det. Andre, som universiteta i Birmingham, Bristol, Oxford, Manchester og Sheffield, har eit forbod mellom forhold mellom tilsett og student dersom den tilsette har eit relevant eller direkte ansvar for studenten, men dei har ikkje innført eit generelt forbod.
Graham Towl, professor i rettspsykologi ved Durham University, seier til tidsskriftet at eit delvis forbod mot tilsett-student-forhold er eit steg i rett retning. Men eit fobod hadde vore det mest opplagde, meiner han.
— Dersom ein lærar i vidaregåande skule hadde hatt eit seksuelt forhold til ein 18 år gamal elev, kunne ein ikkje berre seia at «eg underviser i kjemi, ho tok engelsk». Då hadde ein vorte kasta ut med ein gong.
Lova som no er innført, var eigentleg føreslege å vera strengare. I fjor sommar skreiv THE at The Office for Students eigentleg hadde ein plan om å krevja at universitet og høgskular fører eit register over det som vart kalla intime personlege forhold mellom tilsette og studentar. Dette vart droppa, men i staden vart institusjonane oppmoda om å innføra eit generelt forbod mot slike relasjonar.
Framleis er det altså ikkje kome eit tydeleg forbod. Rettleiinga opnar for at institusjonane kan oppfylla dei nye krava dersom dei har teke grep for å redusera risikoen for interessekonflikter og maktmisbruk gjennom andre tiltak.
1. august 2025, altså dagen då dei nye reglane vart innført, skriv THE at fleire av universiteta verkar uførebudde på dei nye reglane, og at dei ikkje har svara konkret på kva dei no eventuelt vil innføra av retningsliner.
Nylige artikler
Søknad klar. Kan bli landets første private universitet
Skulle se forelesninger og skrive oppgaver for studentene. Nå er «Einstein AI» lagt ned
To kulturer blant administratorene
Samme forskningssystem — men hvor er viljen til kompromiss?
Historielause namn på NTNU-bygg
Mest leste artikler
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat