podkast
Applauderer amerikansk rektorprotest
Det var på høg tid at amerikanske universitetsleiarar samla seg mot president Donald Trump, meiner trioen bak Khrono-podkasten Campus. Høyr siste episode her.
— Det er ei god stund sidan det begeret fløymde over, seier Khrono sin Europa-korrespondent Kristin Jonassen Nordby i siste episode av Khrono sin podkast Campus.
Som Khrono har skrive før, har 806 amerikanske universitetsleiarar gått saman om eit opprop mot president Donald Trump. Der skriv dei at dei talar med ei stemme mot den statlege overstyringa og innblandinga.
Det var på tide, meiner Nordby, og får støtte frå både politisk redaktør Tove Lie og administrativ redaktør Ragnhild Bjørge.
— Fram til no har rektorane vore mest opptekne av å redda sitt eige universitet, noko som har gitt Trump-administrasjonen eit overtak. Det verkar som dei har tenkt at dersom eg sit heilt stille no, så tek han kanskje ikkje meg — kanskje han tek noko som er større, seier Lie.
Siste utgåve av podkasten kan du høyra her:
Henga saman — eller verta hengt åleine
Trioen i studio snakkar om verdien av at amerikanske universitetsleiarar no finn saman.
— Er det eit godt tidspunkt å samla seg, spør programleiar Bjørge.
— Trump sin oppslutnad stuper, så det er eit godt tidspunkt å samla seg på, meiner Nordby.
Lie er samd. Ho viser til det Benjamin Franklin sa tilbake i 1776, eit sitat som mellom anna vart adoptert av Jan P. Syse (H): «No må me henga saman — viss ikkje vert me hengt kvar for oss».
— Det er ei tyngde i at 800 universitetsleiarar går saman, seier Lie.
Psykologi og gåveprofessorat
Podkasten drøftar også meir heimlege saker: Søkjartala til høgare utdanning er offentleggjorde, og trioen i studio snakkar om både svært gode søkjartal til dei nye psykologistudia i Agder og Stavanger, og om ein liten, men likevel gledeleg oppgang for barnehagelærarutdanningane.
I tillegg drøftar dei næringsliv og forsking. Norges Handelshøyskole sitt samarbeid med Norgesgruppen har skapt reaksjonar. Korrupsjon, sa SV-politikar Ingrid Fiskå. Rektor snakkar usant, sa Kristian Gundersen, professor ved Universitetet i Oslo.
NHH-rektor Helge Torbjørnsen har avvist kritikken.
Trioen i studio drøftar forsking betalt av næringslivet. At næringslivet skal bidra meir, er ein tydeleg uttalt politikk frå regjeringa. Men er det heilt uproblematisk?

Nylige artikler
Fire av fem får godkjent
Applauderer amerikansk rektorprotest
Et pedagogisk problem eller føre-var-prinsippet?
Lektorstudenter bruker mindre tid på studier, skylder på jobb i skolen
Fikk avslag fra Nokut
Mest leste artikler
Foreleseren kaster ut alle som bruker skjermer under forelesningene
Stor vekst i søkertallene
Disse studiene har bare kvinner satt øverst på listen
Mener akademia må våkne: — Skjermene er vårt nye folkehelseproblem
Student innrømmer bruk av forbudt hjelpemiddel. Saksøker staten