Debatt ● Vidar Lund
Biblioteksatsing = studentsatsing
OsloMet er den utdanningsinstitusjonen som utdannar dei fleste bibliotekarane i Noreg, og har eit ekstra ansvar for å utvikle sitt eige bibliotek på ein framtidsretta måte, skriv Vidar Lund.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Norsk Bibliotekforening synest det er ei dårleg løysing at OsloMet sine planar om etablering av eit nytt samla universitetsbibliotek på universitetet sin campus i Oslo sentrum, er skrinlagde. Dei siste åra har Oslo fått et nytt og stort folkebibliotek i sentrum som har vist for alle kva biblioteket har å seie som møteplass, kulturarena og byutviklar. På same måte er vi overtydd om at eit samla nytt universitetsbibliotek i Oslo sentrum ville vore ei stor betring for studentane på OsloMet. Vi registrerer at det er eit stort offentleg ordskifte om einsemd og psykiske utfordringar for studentar. Vi ser at biblioteket har ei stor rolle i å motarbeide desse problema gjennom å vera ein open, uforpliktande og gratis stad med fokus på læring.
Det ville også vore viktig for innbyggarane i Oslo å ha eit ope universitetsbibliotek i sentrum som eit sentrum for forskingsformidling, med tilgang til kunnskap som ein viktig del av universiteta sitt samfunnsoppdrag.
Vi synest det er veldig synd at det store arbeidet som vi skjønar er lagt ned i å planleggje dette nye biblioteket ikkje nådde opp i prioriteringskampen i Oslomet.
Det er alltid kamp om ressursar. Vi synest det er veldig synd at det store arbeidet som vi skjønar er lagt ned i å planleggje dette nye biblioteket ikkje nådde opp i prioriteringskampen i OsloMet. Vi håpar likevel at universitetsleiinga i framtida finn rom til ei satsing på bibliotektenestene. OsloMet er den utdanningsinstitusjonen som utdannar dei fleste bibliotekarane i Noreg, og har eit ekstra ansvar for å utvikle sitt eige bibliotek på ein framtidsretta måte.
Nylige artikler
En drivkraft i nord har forlatt oss
Anne Husebekk har gått bort
Det amerikanske ekkoet i Helgheim-debatten
Forskningsintervjuene ble en befriende møteplass for Bente
150 år med ingeniørutdanning er historia om menneska som bygger Noreg
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Så mye tjente «kjendisene» i akademia