storbritannia
Britiske universitet gjer seg avhengige av studentar frå Kina
Meir enn 40 prosent av dei internasjonale studentane ved toppuniversitet i Storbritannia kom i fjor frå Kina.
To av fem internasjonale studentar ved dei såkalla Russel Group-universiteta i Storbritannia kom i 2025 frå Kina, skriv Financial Times.
Der var nesten 105.000 kinesiske studentar i studieåret 2024-25 ved desse universiteta. Det utgjorde 42,5 prosent av den internasjonale studentmassen.
Dette er den høgaste andelen som nokon gong er registrert, og fem gonger så høgt som i resten av universitetssektoren. Ved dei andre universiteta utgjorde kinesiske studentar samla berre 8,7 av dei utanlandske.
Russel Group ei samanslutning av 24 renommerte og prestisjetunge universitet i Storbritannia.
Spionasje og eksport
«Utdanningseksport» er eit heitt tema i Storbritannia. For få dagar sidan la den britiske regjeringa fram ein ny utdanningsstrategi med mål om auke inntektene frå og gjere utdanning til ei hovudnæring for landet.
Det skjer samstundes som styresmaktene har stramma inn på visum og immigrasjon — og risikoen for spionasje, blant anna frå Kina, står høgt på dagsordenen.
I november kom det fram at press frå kinesiske styresmakter hadde hindra publisering av forsking på mogleg menneskerettsbrot i Xinjiang-provinsen. Ifølgje Financial Times har britiske akademikarar åtvara universiteta om faren for sjølvsensur som følgje av at dei gjer seg meir økonomisk avhengige av studieavgiftene frå kinesiske studentar.
Tar utdanning i India
Universiteta i Storbritannia har vore ramma av økonomiske kutt over lang tid, noko som har forsterka behovet for inntektene frå internasjonale studentar.
Kombinert med politiske mål om å stramme inn på innvandring, blir universiteta no oppmoda om å satse i utlandet, ifølgje Financial Times. Ni britiske universitet fekk i fjor løyve til å opne studiestader i India.
Tala som den britiske finansavisa har lagt fram, viser at talet på studentar som tar britiske gradar i utlandet auka med 7,9 prosent. I studieåret 2024-25 var om lag 670.000 på studium i utlandet med mål om å fullføre ein heil grad. Nær 46.000 av desse var ved utanlandske campusar som blir drivne av britiske universitet.

Nylige artikler
Hva er greit å si når du er professor?
253 millioner kroner til nye forskningsprosjekter. Se hvem som fikk mest
Hvilket problem prøver dere å løse, Forskningsrådet?
Snudde innstilling. No får han likevel jobben
Printerrot og kvalitetssystem på styremøte ved OsloMet
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)