Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
lønsoppgjeret 2020
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Måndag ettermiddag vart det klart at YS Stat, Unio Stat, LO stat og Akademikerne bryt lønsforhandlingane med staten.
Leiaren i YS Stat, Pål Arnesen, er skuffa over at staten ikkje vil føra det han kallar reelle forhandlingar.
— Me har fremja rimelege krav i tråd med frontfaget, men møter ein arbeidsgjevar ein ikkje er viljug til å forhandla, seier han i ei pressemelding.
Unio stat la fram krav om reallønsvekst og sentrale, prosentvise tillegg då forhandlingane starta i haust. Men ifylgje forhandlingsleiar Guro Elisabeth Lind vart det aldri reelle diskusjonar om økonomien.
– Me var svært innstilte på å koma til semje i år, men det vart diverre uråd når staten ikkje ein gong ville diskutera økonomien, seier forhandlingsleiar for Unio Stat Guro Elisabeth Lind i ei pressemelding.
LO stat kravde mellom anna at disponible pengar i år skulle gjevast som eit generelt kronetillegg på hovudlønstabellen, men nådde ikkje fram.
Leiar for LO Stat Egil André Aas seier i ei pressmelding han er svært skuffa over manglande forhandlingsvilje frå staten si side.
— Dette forhandlingsbrotet må staten ta på seg ansvaret for. Me var viljuge til å finna ei løysing der me tek omsyn til den spesielle situasjonen landet, og norsk arbeidsliv er i under pandemien. Men me møtte ein motpart som openberrt hadde bestemt seg på førehand, seier han.
Også forhandlingsleiaren til Akademikerne stat er skuffa.
– Staten har late att døra for forhandlingar både om økonomi og betring av tariffavtalen. Difor ber me no om bistand frå Riksmeklaren for å koma til semje, seier Anders Kvam i ei pressemelding frå Amademikerne.
Og bistand får dei når oppgjeret no kjem på bordet til Riksmeklaren 23. september. Fristen for å koma til ei løysing og unngå streik er 14. oktober.
Nylige artikler
Indiana vil droppe studier som ikke gir nok lønn etter eksamen
Mener UiO driver bevisst hemmelighold for å redde eget omdømme
Nøkler til bedre undervisning
Det er tid for KI-dugnad
Stortingsflertallet sier nei til å grunnlovsfeste akademisk frihet
Mest leste artikler
Klart best kvalifisert, ifølgje fagekspertane. Vraka til fordel for intern kandidat
10 av 13 som mister jobben her er kvinner: — Mange er overrasket
Professoren som hjelper akademikere ut av konfliktområder på fritiden
Store deler av artikkelen var plagiat: — Ikke veldig alvorlig
Sensor reagerte på «uvanlig utsmykket og sterkt polert» språk