Min doktorgrad

Kollektive lønsforhandlingar gjer at lønsskilnader vert haldne nede. Det finn Siri Hansen Pedersen i sitt doktorgradsarbeid.

— Det er lett å seia etterpå at «nei, nei, eg har ikkje angra»

Kvifor valde eg ikkje noko tryggare, spurde Siri Hansen Pedersen seg sjølv om då ho var undervegs i doktorgradsløpet.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Siri Hansen Pedersen (31)

  • Har levert avhandlinga  «Wage Inequality in Rich Democracies: Policies and Politics»
  • Disputerte ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen 9. august

— Det heng saman med det eg skreiv om både på bachelor og master rundt same tema. Etter å ha teke mastergrad jobba eg som vitskapeleg assistent ved Institutt for politikk og forvaltning. Medan eg jobba der, vart det lyst ut eit prosjekt på naboinstituttet, Institutt for samanliknande politikk, med regulering av lågtlønsarbeid og politiske tiltak. Oi, det var eit spanande tema nær det eg har jobba med før, tenkte eg.

— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?

— Eg har sett på lønsulikskap i rike demokrati, og på kva staten kan gjera for å handtera ulikskapar. Eg har sett på kva politiske tiltak statane brukar, og eg har òg sett på regjeringane sin ideologiske bakgrunn og undersøkt om skilnadane har noko å seia for ulike politiske tiltak.

— Kva finn du?

— EU har eit minstelønsdirektiv. Eg finn at sjenerøse nasjonale minsteløner er eit godt tiltak for å førebygga aukande ulikskap. Men i land som ikkje har dei statlege minstelønene, som Noreg, Sverige og Danmark, fungerer kollektive lønsforhandlingar og avtalar godt til å halda ulikskapane nede.

Eg har nok undervegs tenkt på kva eg skulle etterpå og på kvifor eg ikkje valde noko tryggare.

Siri Hansen Pedersen

— Kva har vore det mest krevjande med doktorgradsperioden?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Ein har så mykje fridom! Det er eigentleg det beste, men det å skapa ein kvardag og driva eit prosjekt kan til tider vera einsamt. Motivasjonen går opp og ned, og ein tenkjer på om det ein gjer er godt nok og på om det faktisk er bra. I tillegg var eg koronastipendiat, eg begynte i 2019. Eg hadde ikkje eit prosjekt der eg måtte ut og samla inn data, men eg gjekk glipp av kurs og konferansar, som er viktig for nettverksbygging.

— Kom du i mål til normert tid?

— Eg fekk ein månad forlenging på grunn av pandemien.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Det er lett å seia etterpå at «nei, nei, eg har ikkje angra». Men i akademia er det mykje usikkerheit og mange mellombelse stillingar, og eg har nok undervegs tenkt på kva eg skulle etterpå og på kvifor eg ikkje valde noko tryggare. Men no er eg veldig nøgd!

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— Eg har veldig lyst til å halda fram med forsking. Det er stor konkurranse om dei gode stillingane, så no søkjer eg jobbar. Eg tenkjer òg at det kunne vera spanande å jobba innanfor offentleg sektor med relevante fagområde.

Powered by Labrador CMS