doktorgrader

Ein av fem stipendiatar kjem aldri til disputas

Etter ti år har om lag tjue prosent av dei som starta på ein doktorgrad framleis ikkje disputert. Og mange av dei veit ein ikkje kor det blir av, seier forskar.

Det synlege provet på at doktorgraden er i hamn. Men mange av dei som skriv under ein doktorgradsavtale kjem aldri fram til disputas . Av dei som kjem fram jobbar halvparten i akademia.

— Nokre har nok fått ein annan jobb. Andre har funne ut at dette ikkje var noko for dei. Nokre kan ha eit lukkelegare liv ein annan stad, akademia er ikkje for alle.

Det seier Mathilde Skoie, viserektor ved Universitetet i Oslo (UiO). 

Khrono skreiv nyleg om talet på underkjente doktorgrader. Men sjølv om dette talet er lågt samanlikna med talet på gjennomførte disputasar, er det slik at langt frå alle som har inngått ein doktorgradsavtale nokon gong får ei doktorgrad. 

Fråfallet er om lag tjue prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Då har ein sett på dei som starta på avhandlinga si heilt tilbake til 2005. Framleis er det nærare tjue prosent av desse som ikkje har disputert.

Rettleiar nokre vekk

Skoie seier at avskalinga i talet på stipendiatar skjer før ein kjem så langt som til disputas.

— Kva oppfølging har universitetet av dei som ikkje kjem i mål?

— UiO rettleiar alle, og av og til rettleiar ein nokon vekk frå doktorgradsprogrammet. I praksis er det likevel litt skilnad mellom dei me har arbeidsgivaransvar for og ikkje. For dei som er tilsett hos oss, har me fleire verktøy for enn dei som er tilsette på eksterne midlar, til dømes gjennom medarbeidersamtalar, seier Skoie.

Portrett av Mathilde Skoie
Mathilde Skoie, viserektor ved UiO seier at dei rettleiar nokon ut av universitetet også.

— Ein må vera ærleg og seia at ein del av dei som sluttar, nok kunne ha kome i kategorien underkjente avhandlingar.

Vil vita meir om dei som sluttar

Kva som skjer med dei som sluttar, har ikkje SSB heilt oversikt over. 

Tala deira viser at av dei som starta på ei doktorgrad i åra 2005-2015, men ikkje hadde disputert per 2021, var det om lag 25 prosent som jobba i akademia. 40 prosent jobba andre stader. 

33 prosent av dei som ikkje hadde disputert var ikkje sysselsette i Noreg i det heile. Mange i denne gruppa hadde meldt flytting frå Noreg.

— Me ønskjer å vita meir om denne gruppa, seier Kaja Wendt, seniorrådgivar i SSB.

Portrett av Kaja Wendt.
— Me ønskjer å vita meir om denne gruppa, seier Kaja Wendt, seniorrådgivar i SSB.

Ho seier at 26 prosent av dei som ikkje kjem til disputas er i kategorien «ukjent». 

— Nokre i gruppa som ikkje kjem til disputas får nok underkjent, slik Khrono har vist, men her finst det ikkje nasjonale tal. Men me vil sjå nærare på ukjent-gruppa. Ein del i denne gruppa vil av ulike årsaker stå utanfor arbeidslivet, dei kan vera utan arbeid, pensjonerte eller døde. Me vil også sjå nærare på sjølvstendig næringsdrivande  og på dei som står registrert som at dei framleis er utan utdanning.

Wendt seier at SSB plar seia at etter 10-12 år har om lag 80 prosent fullført doktorgraden sin. 

— Det må nok kvalitative analyser og spørreskjema til for å finna ut meir om årsaka til at ein del ikkje fullfører graden sin.

Ser ein på dei som faktisk har disputert tilbake til 2005, jobbar halvparten av dei i akademia.

Forskning.no skreiv om dei som ikkje kom i mål med avhandlingane sine allereie for ti år sidan. I 2015 hadde berre 65 prosent av dei som starta løpet i 2008 disputert. Redaksjonen fann at i fag som medisin, odontologi og idrettsfag kom dei fleste i mål — berre 14 prosent fullførte ikkje. 

Innan humaniora, samfunnsvitskapelege fag og pedagogikk var det er over tretti prosent som ikkje hadde blitt ferdige. Ein av tre som tok doktorgrad i økonomiske- og administrative fag braut avtalen med institusjonen, eller var svært forseinka.

Får jobb før dei er ferdige

Tal frå SSB frå desember 2025 viser at av dei som inngjekk doktorgradsavtale i 2019 har 49 prosent framleis ikkje disputert.

I ein fersk Nifu-rapport vert gjennomføringsgrad tematisert. Her vert det peika på fleire ting: Det er viktig at dei som vert tilsett som stipendiatar både har dei kvalifikasjonane som skal til, og er motiverte for heile doktorgradsløpet. 

I tillegg er det innan nokre fagområde, særleg matematikk, naturvitskap og teknologi, ei utfordring at stipendiatane får jobb i næringslivet før dei er ferdige med doktorgraden. Då vert det krevjande å få dei tilbake til universitetet for å koma i mål. 

Prorektor for forskning og innovasjon ved NTNU, Toril Nagelhus Hernes ser at mange får jobbtilbod før dei er ferdige..

Slik er det til dømes ved NTNU, trur prorektor Toril Nagelhus Hernes. Ho skriv i ein e-post til Khrono at universitetet veit at mange av kandidatane deira er ettertrakta i arbeidslivet.

— Mange får nok jobbtilbod undervegs i studiet, noko det kan vera freistande å takka ja til, seier ho.

Hernes seier også at inntrykket hennar er at alle som startar på ei ph.d.-utdanning ønskjer å gjera eit godt arbeid.

— Men finansieringa strekkjer ikkje alltid til å gjera ferdig dei forskinga dei ønskjer å inkludera i doktorgraden.

— Ikkje undervurdera

I Nifu-rapporten kjem det fram at gjennomføringsstipend er noko som vert nytta fleire stader. Dersom ein gjennomfører til normert tid, til dømes tre år, kan ein få finansiering av eit fjerde år som ein kan bruka til karrierefremjande arbeid.

Mathilde Skoie ved UiO fortalde i Khrono måndag at ho har vore med på dugnad for å få kandidatar i mål med avhandlingane sine. 

Men også det motsette kan skje:

Ein kan få med seg mykje på vegen sjølv om ein ikkje kjem i mål, meiner Kristoffer Chelsom Vogt.

— Kandidatar som har stått lenge i programmet utan tydeleg progresjon vert typisk skrive ut av programmet, skriv Ketil Eiane, prorektor ved Nord universitet, i ein e-post til Khrono.

Og kanskje gjer ikkje det noko.

— Det skjer mykje i unge menneske sitt liv som kan forklara at dei ikkje kjem i mål, seier Kristoffer Chelsom Vogt, viserektor ved Universitetet i Bergen.

— Fullføring er sjølvsagt målet, men nokre finn ut at det å ta doktorgrad ikkje passar for dei. Ein skal heller ikkje undervurdera den kompetansen ein kan ha fått ved å fullføra delar av eit doktorgradsløp. Ein kan få med seg mykje på vegen sjølv om ein ikkje kjem i mål, som ein kan gjera god bruk av i både samfunnsliv og arbeidsliv.

Powered by Labrador CMS