dødsfall

Finn-Erik Vinje er død

Den kjende språkprofessoren Finn-Erik Vinje døydde onsdag, 90 år gammal.

Finn-Erik Vinje var i tillegg til arbeidet som akademikar aktiv i roller i NRK og Språkrådet i ei årrekke. Han var også ein svært aktiv og omstridd debattant.

Det var Finn-Erik Vinjes son, Vetle Vinje, som melde dette på Facebook torsdag, ifølgje NTB.

Vinje var professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO). Han var kjend som ein av Noregs mest markante filologar og for sitt offentlege engasjement for godt språk og populærvitskapeleg formidling. Vinje stod bak ei rekke bøker og artiklar om språk og språkbruk.

I tillegg til å vere professor ved UiO fram til 2006, var han frå 1971 og meir enn 20 år framover språkkonsulent for bokmål i NRK. Han hadde også ein sentral posisjon i arbeidet med språknormering gjennom Norsk språkråd.

Vinje vart gjennom media kjend som ein fritalande og samstundes omstridd språkrøktar. Blant anna var hans sterke og kontroversielle meiningar om forholdet mellom nynorsk og bokmål og normert talemål i radio og fjernsyn gjenstand for debatt.

Han var medlem av Norsk språkråd frå 1972—76 og i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur frå 2005. I 1992 fekk han pris for populærvitskapeleg formidling av Det historisk-filosofiske fakultet ved UiO.

Powered by Labrador CMS