Høgskulen på Vestlandet

Forhandla om 41 millionar. Topp­stillingar fekk mest

Styret ved Høgskulen på Vestlandet får ei orientering om det endelege lønsoppgjeret for 2025 når det har møte 5. februar. Sjå møtet direkte her.

Styret ved Høgskulen på Vestlandet får ei orientering om korleis lønsoppgjeret for 2025 til slutt enda.

Khrono har tidlegare skrive om misnøye med at mellombels tilsette fekk mindre lønsauke enn andre ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) i lønsoppgjeret for 2025.

Når styret ved høgskulen har årets første møte 5. februar, er ei orientering om dei lokale forhandlingane ei av sakene på dagsordenen.

Møtet ser du direkte her frå klokka 8.30.

Dei i toppstillingar fekk mest

Det var tre grupper som forhandla med HVL: LO Stat, YS Stat og Unio og Akademikerne. Den siste gruppa, der mellom anna Forskerforbundet er med, er den største.

For alle tre gruppene er det eitt fellestrekk, viser orienteringa: Dei i vitskaplege toppstillingar og administrative leiarstillingar har fått mest.

Om LO Stat heiter det at det er ei høvesvis jamn fordeling av potten mellom vitskaplege og administrativt tilsette, og at vitskaplege toppstillingar og førstestillingar har fått ein større prosentvis auke enn andre grupper. 

Om YS Stat heiter det at administrative leiarstillingar har fått eit høgare individuelt tillegg for å imøtekoma og sjå til at stillingar på tvers av avtaleområda vert handsama likt.

Også for Akademikerne og Unio er resultatet at vitskaplege toppstillingar og førstekompetente har fått ein større prosentvis auke enn andre grupper. Det same har administrative leiarstillingar.

Dette fekk toppleiarane

Også lønnsauken til leiarane kjem fram i orienteringa. Rektor fekk ein auke på 3,3 prosent, noko som utgjer 54.000 kroner. Leiarar på nivå to, det vil seia prorektorar, dekanar og direktørar, har fått ein auke på mellom 2,8 og 5,6 prosent. I kroner og øre er det mellom 37.000 og 73.000 kroner.

Totalt vart det forhandla om nær 41 millionar kroner, heiter det i saksframstillinga. Og: «Ved at meir av lønnsutviklinga for tilsette blir lagt ut til dei lokale forhandlingane, får arbeidsgjevar eit større ansvar for å sikre ei heilskapleg lønnsutvikling i HVL. Det fordrar at vi held fram, og vidareutviklar det arbeidsgjevar opplever som eit godt samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane om lønsutviklinga i HVL».

Dette skal dei drøfta

Andre saker som skal drøftast er mellom anna utkast til årsrapport, utviklingsavtale og tildelingsbrev.

  • 1/26-B — Godkjenning av innkalling og saksliste til styremøte 1/2026
  • 2/26-B — Årsrapport 2025 (Kap. 1 — Styrets fråsegn) — Høgskulen på Vestlandet
  • 3/26-B — Forslag til årsplan for internrevisjonen ved HVL for 2026
  • 4/26-B — Utviklingsavtale 2027—2030. Revisjon av strategi

Orienteringssaker

  • O-1/26 — Tildelingsbrev 2026
  • O-2/26 — Evaluering av Handlingsplan for berekraft ved HVL 2023—2026
  • O-3/26 — Orientering om lokale forhandlingar etter HTA 2.5.1 for 2025

Referatsaker

  • O-4/26 — Orienteringar frå rektor — styremøte 1/2026
  • E-1/26 — Eventuelt — styremøte 1/2026
Powered by Labrador CMS