vis meg ditt kontor

Janne deler kontor med Kalle Kanin

— Eg har ikkje sett nokon som har artigare kontor enn meg, seier universitetslektor Janne Vik Lossius. 

Kalle Kanin bur i hylla saman med både rev, sau og løve. Av og til er han med universitetslektor Janne Vik Lossius i undervisninga, men han er veldig sjenert.

Bodø (Khrono): — Kalle Kanin er litt sjenert, seier Janne Vik Lossius.

FAKTA

Vis meg ditt kontor

  • I en artikkelserie presenterer Khrono mangfoldet av kontor i akademia.
  • Har du et kontor eller en kontorplass du ønsker å vise fram — eller kjenner du noen som burde være med i Khronos kontorserie?
  • Ta kontakt med redaksjonen@khrono.no

Kaninen, som altså strengt teke er ei handdokke, liksom kryp oppover frå brystet hennar og gøymer seg litt vekk. Det er nok tryggast å sitja i hylla på kontoret til Lossius, der han no bur. Opphavleg budde han heime hos universitetslektoren, det vil seia hos sonen hennar, men no er Emil 21 år og har flytta heimanfrå.

Janne Vik Lossius underviser i drama på barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanninga, barnevernspedagogutdanninga og sosionomutdanninga ved Nord universitet. Og truleg har ho det mest gøyale kontoret ved campus Bodø. Her er det barnebøker i hyllene, ein elefant på skrivebordet, fargerik kunst på veggane og plysjdyr i hyllene.

— Eg veit ikkje om nokon som har så artig kontor som meg, seier Lossius.

Måleriet til høgre er laga av Mia Jensen. Det til høgre er laga av Janne Vik Lossius si dotter Maja. På denne veggen, som elles på kontoret, har universitetslektoren samla ting som er viktige for henne.

Arva dokke

FAKTA

Janne Vik Lossius

  • Arbeidsstad: Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag,  Nord universitet, studiestad Bodø
  • Stilling: Universitetslektor
  • Alder: 49
  • Flytta inn: For omlag ti år sidan

På den eine veggen heng det ei stor dokke. Den vart att då Inger Susæg flytta ut.

— Eg trur aldri eg hadde vore der eg er i dag dersom det ikkje hadde vore for henne. Ho drifta Bø barneteater der eg byrja som barn. Då eg byrja på det som då var Høgskolen i Bodø arva eg dokka, seier Lossius.

På ein av dei andre veggane heng eit stort måleri, laga av Mia Jensen. Ho er ein tidlegare kollega av Janne Vik Lossius.

— Ho sa at ho måla meg! Biletet viser store bygningar, som er universitetet, og eit lite menneske. Men det er mennesket som er viktig, og som gir liv, seier Lossuis engasjert og peikar på den knall raude figuren i biletet.

— Og det er så viktig at universitetet gir rom til at menneske kan vera kreative og skapande!

Eit anna bilete har ho laga sjølv. Det er mellom anna sett saman av teikningar barna hennar har laga.

— Emil teikna mor si med øks. Det likte eg.

Ho legg til:

— Det gjeld å vera slagkraftig!

Bøker sortert etter farge og eit lite pustehol, med mellom anna ein engel, ein snømann og ein fiskar.

Jobba ved barneteater

Fleire dokker og ein revefigur som Janne Vik Lossius har laga saman med studentar. Om det er Reveenka? Ja, kanskje det er det!

Bokhyllene er organisert etter fargar på bokryggane, på ei korktavle heng det skattar frå då barna var mindre, og i ei hylle finn ein fleire bøker som står tett saman. Det var ei julegåve frå Minken Fosheim (ingen som var barn på 1980-talet kan gløyma då ho las høgt i NRK-programmet God bok, journ.anm), som Lossius jobba saman med i Oslo.

— Ho var heilt fantastisk, seier ho om å jobba ved barneteateret, Minken Fosheims barne- og ungdomsteater, som Fosheim (1956—2018) drifta.

— Ho tok så godt vare på instruktørane sine, sytte føre at me delte kunnskapen vår, at me fekk læra av kvarandre og hadde det artig.

I ei anna hylle finn ein eit lukketroll, snømannen Olaf frå Frost — Lossuis har barn i rett alder til å kjenna godt til det universet — og ein liten fiskarfigur.

— Den fekk eg hos far min. Han hadde sett figuren i ein butikk og bestemte seg for å gå tilbake og kjøpa han til meg. Sånn såg du ut då du var lita og ikkje fekk det som du ville, sa far min, seier Lossius og humrar.

Mykje av det ho har på kontoret brukar ho i undervisninga si.

— Nokre av handdokkene er jo støtta opp av vinflasker når dei står her i hyllene. Så når eg brukar dei til undervisning, er det berre flaskene som står att på kontoret. Kollegaene mine må jo tru både det eine og det andre!

Dette biletet har Janne Vik Lossius laga sjølv. Teikninga av kvinna med øks er det sonen Emil som står bak — rett nok for nokre år sidan.

Ein stad å vera åleine

Kontoret er ikkje veldig stort om ein tel kvadratmeter. Men det er Lossius sitt — og det er ho glad for.

— Dersom ein hadde teke vekk kontoret mitt hadde eg ikkje hatt ro til å kunne søka innover i meg sjølv. Det er på den måten eg kan vera kreativ. Eg underviser mykje, og eg brukar mykje energi i møte med studentane. Så det er på kontoret mitt eg hentar energi. Det er viktig for meg å ha ein plass der eg kan vera åleine.

— Kva er det viktigaste du har på kontoret?

Elefanten er ei gåve frå ein tidlegare kollega. Hadde han snudd seg rundt, hadde han hatt utsikt mot fjella Børvasstindan.

— Reint praktisk er det nok PC-en, men dersom eg fekk beskjed om at eg berre fekk ta med meg ein ting ut …

Ho tenkjer.

— Gurimalla, det var frykteleg vanskeleg!

Ho tenkjer litt til.

— Eg ville sagt at eg måtte få ta med meg to ting. Det eine er måleriet Mia Jensen har laga. Men det andre er det biletet der eg mellom anna brukar teikninga av meg med øks. Det har begge ungane mine bidrege til.

Har rydda

Janne Vik Lossius har vore tilsett ved Nord universitet i tjue år, og har hatt det same kontoret i om lag ti. Ganske nyleg har ho hatt ei opprydding, fortel ho.

— Eg har jo sett at kontor etter kvart vert ganske overfylte.

— Har du det alltid så ryddig som dette?

— Eg har rydda pulten før du kom. Der kan det gjerne flyta litt. Men elles har eg det ryddig. Dersom ein ikkje har det, kjem ikkje alt det fine fram!

Powered by Labrador CMS