Debatt ● Hella Veierud Busch og Ann-Tove Eriksen

Kva skjer med nynorsken i den nye rammeplanen for lærar­utdanningane?

I lærarutdanningane ventar vi no på ein ny, felles rammeplan. Mellom oss som har ei ibuande haldning om at alle språk er verdifulle, går diskusjonen: Kva vil skje med kravet om å meistre både nynorsk og bokmål?

Mange ferdig utdanna lærarar har ikkje tilstrekkeleg kompetanse i begge språka, skriv forfattarane.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I rammeplanen for grunnskolelærarutdanningane står det per i dag at ein ferdig utdanna lærar «behersker norsk muntlig og skriftlig, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng». Dette gjeld uansett kva fag ein skal undervise i og skal mellom anna vere med på å sikre at alle grunnskolelærarar kan arbeide på skolar over heile landet og at alle barn får den opplæringa dei har rett på. 

Men dette kravet finst ikkje i rammeplanane for lektorutdanninga eller PPU. Samtidig viser Rapport om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane (2023) at det står litt dårleg til blant institusjonane når det kjem til å oppfylle krava i dei nemnde rammeplanane, og mange ferdig utdanna lærarar har ikkje tilstrekkeleg kompetanse i begge språka. 

Her finst det altså klare teikn på at ein bør styrke dette kravet i den nye, felles rammeplanen som er under utarbeiding. 

At alle språk har ein verdi, er noko dei fleste i dagens samfunn kan einast om. Slik har det ikkje alltid vore. 

Ein treng ikkje gå langt tilbake i tid for å finne annonsar i aviser som ekskluderte til dømes nordlendingar frå å leige bustad eller søke på jobb eller til og med frå å vere potensiell ektefelle og kjærast(!) – berre på grunn av dialekten og det nordlege opphavet. 

Nokre døme kan gje eit inntrykk av korleis det var å leve med ei slik stigmatisering. I 1953 sto dette på trykk i Aftenposten: «Stor møbl. stue med sentralv. led. i byggebeltet for to skolegutter. B.m. «'Ikke nordlendinger, 2896'». I same avis i 1956 var det ein las ebileigar som ville prøve lykka: «Lastebileier ønsk. forb. m. dame 35-40 år. Skriv til meg og svar du får. B.m. 'Ikke nordlending, 7406'». 

Så lenge du ikkje var nordlending, var det altså mogleg å finne både kjærast og få leige husrom.

I dag veit vi at slik diskriminering er uakseptabel og nesten utenkjeleg. Vi har blitt meir språktolerante, kan ein kanskje seie, vi får nytte dialekta vår overalt, og vår språktoleranse har etter kvart også gjort oss til dei som forstår nabospråka våre klart best – men toleransen har framleis sine grenser. 

For gjeld toleransen også for nynorsk?

12. mai 1885 vedtok Stortinget å jamstille «det norske Folkesprog» med «det almindelige Skrift- og Bogsprog» (det som no er skriftspråka nynorsk og bokmål) gjennom det kjente «jamstillingsvedtaket». Dette markerer vi årleg med «Nynorskdagen» 12. mai. 

Begge språk er viktige i vår kulturarv og høgst levande språk i dag. 140 år etter jamstillingsvedtaket opplever likevel nynorskbrukarar framleis å bli stigmatiserte.

Lærar- og lektorstudentar som, oppmoda av engasjerte lærarutdannarar, prøver å bruke nynorsk i undervisninga, møter ofte motstand. Elevar vegrar seg både for å lese og skrive nynorsk, og kommentarar som «dette er ikkje norsk, men nynorsk» sitt laust. Kvar kjem slike haldningar frå? 

Desse studentane prøver å ufarleggjere nynorsken og vise at han slett ikkje er så rar eller framand som mange trur – han er norsk han òg, og for mange er han til og med det skriftspråket dei brukar kvar dag. Likevel blir dei kommande lærarane ofte overraska – og litt motlause – over haldningane dei møter. 

Heldigvis er det elevar som forstår at alle språk har ein verdi – også nynorsk; det har ein verdi vi saman må ta ansvar for å forvalte. 

I dagens samfunn er det likevel slik at det er meir populært å seie at ein vil fjerne sidemålsordninga (og det er alltid nynorsken ein vil til livs), og fleire parti går i haust til val på nettopp ei slik haldning. 

Eitt av dei norske språka har visst ikkje verdi. Det er ikkje jamstilt.

At alle språk har ein verdi, er eigentleg lett å slå fast. Men i Noreg er ikkje dei jamstilte språka jamstilte. No vonar vi at verdien av nynorsk blir anerkjent i den kommande felles rammeplanen for lærarutdanningane, slik at nynorsk kan leve jamsides med bokmål i alle klasserom – uansett om ein har det som hovudmål eller sidemål – og uansett kvar i landet ein bor. 

Vi ønskjer nynorsk i skolen – for alle!

Powered by Labrador CMS