Endrar reglane — studentar kan tape tusenvis

Joar Hystad
notis lånekassen

Ei regelendring frå Lånekassen kan koste studentar over 16.500 kroner. Formålet er å få fleire til å fullføre ei grad.

Det skriv NRK.

Regelendringa det er tale om, er enkelt forklart at studentar som anten ikkje fullfører grada dei statar på, «berre» tek eit årsstudium eller nokre enkeltfag, vil få mindre av studielånet sitt omgjort til stipend.

I dag får ein heiltidsstudent 166.859 kroner i året. Inntil 40 prosent av studielånet kan gjerast til stipend. Tidlegare blei 25 prosent gjort om for studiepoeng ein hadde bestått, mens 15 prosent er for å ha fullført grada.

Dersom ein student no droppar ut, tek eit årsstudium eller enkeltfag, får hen berre 15 prosent av lånet gjort om til stipend. Dermed kan studentene tape neste 17.000 kroner i forhold til korleis det var tidlgarea, har NRK rekna ut.

Les meir om endringa her.

Ei regelendring i Lånekassen kan få konsekvensar for studentar.
Powered by Labrador CMS