Debatt ● Gudrun Kløve Juuhl
Om verdien av forsking på norsk
Det har ein verdi at det eg og kollegaene mine har sett og tolka oss fram til, vert lese, brukt, reflektert over og også kritisert, skriv Gudrun Kløve Juuhl.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I ordskiftet om norsk fagspråk som har gått i Khrono vert motsetnaden mellom meritterande publisering på engelsk for eit internasjonalt publikum og formidling av allereie utført forsking for eit norsk publikum sett opp som den store motsetnaden av alle sider, både av Blikstad-Balas, Wetås og Jambak, og representantar for Universitets- og høgskulerådet. Eg ser også denne motsetnaden, men er redd for at når alle snakkar om det, forsvinn eitt anna av dei viktige temaa Språkstatus 2025 tok opp, nemleg eit stort og aukande domenetap frå norsk til engelsk når det gjeld vitskapleg publisering. For å kunna snakka om dette på ein ordentleg måte, må me også diskutera verdien av det å publisera forsking på norsk.
Så langt i denne runden har eg ikkje sett forskarar som har sagt noko eksplisitt om verdien av forskingspublisering på norsk. Eg mistenkjer at det er av frykt for å verta sett på som b-lagsforskarar som ikkje når opp i den internasjonale konkurransen. Den frykta deler eg!
Likevel vil eg koma med nokre grunnar til at forsking og forskingspublisering på norsk er verdifullt, fordi frykt ikkje kan få vera den einaste motivasjonen i akademia. Eg driv med forsking på tekstar og tekstbruk i skjeringspunktet mellom utdanningsinstitusjonen og alt det livet som føregår utanfor utdanningsinstitusjonen. Difor vil døma mine vera prega av det.
Så langt i denne runden har eg ikkje sett forskarar som har sagt noko eksplisitt om verdien av forskingspublisering på norsk. Eg mistenkjer at det er av frykt for å verta sett på som b-lagsforskarar som ikkje når opp i den internasjonale konkurransen. Den frykta deler eg!
Den fyrste grunnen handlar om profesjonane. Det er nemnt at lærarar og sjukepleiarar treng norsk pensum som handlar om norske forhold. Eg er samd i det. Men når eg no forskar på korleis ungar i barnehagen utforskar tekstar og skriftspråk, eller kva høve born som skal verta nynorskelevar på skulen har til å møta nynorsk i barnehagen, så har det ein sjølvstendig verdi at den forskinga er tilgjengeleg ikkje berre for andre forskarar, men også for dei som arbeider i feltet: i barnehagelærarutdanninga og barnehagen. Det har ein verdi at det eg og kollegaene mine har sett og tolka oss fram til, vert lese, brukt, reflektert over og også kritisert. I kvalitativ forsking på praksisar i profesjonar som handlar om fellesmenneskelege ting som omsorg og læring, skjer det ei viktig validering av forskinga gjennom at folk i praksisfeltet les, prøver ut og tek stilling til henne. Dette vil i større grad skje om forskinga vert publisert på norsk, og er skriven på ein nokolunde forståeleg måte. Portalen Utdanningsforskning.no kviler på ein slik premiss. Eg veit ikkje kor mange lærarar og barnehagelærarar som faktisk les dei vitskaplege artiklane som vert lagde ut der, men at denne tenesta finst, viser at eg ikkje er den einaste som har tenkt tanken at det er ein verdi at forsking og praksisfelt møtest og kan diskutera – og ikkje berre gjennom tilrettelagde tekstar om allereie utført forsking.
Den andre grunnen handlar om tilgang til det unike og lokale versus omsetjing. Eg forskar på ganske kontekstavhengige tekstar, tekstar som born og unge lagar på eige initiativ. Det finst mange måtar å forska på tekstar på, men om ein no driv med slikt som inneber nærlesing av tekstutdrag, og der ein også må gje att nokre tekstutdrag i den vitskaplege publikasjonen for lesarane skal kunna vurdera tolkingane på ein nokolunde informert måte, så har det ein verdi at tekstmaterialet kan gjevast att og lesast og forståast på originalspråket. Omsetjing til engelsk er sjølvsagt mogleg, men mykje går tapt på vegen. Då er ein i større grad utlevert til å måtta påstå kva som eigentleg vart sagt og kva nyansar som låg i det, heller enn at skrivar og lesar kan ha eit felles utgangspunkt, som forskaren kan basera tolkinga si på.
Eit siste moment: Forskingspublisering på norsk vert ikkje berre skriven til ei norsk forskingsålmente. Både me som driv med ymse slags tekst- og skriveforsking, og me som driv med utdanningsforsking, har til ein viss grad ei felles nordisk fagålmente der me kan lesa språka til kvarandre. Det bidreg til ein større fagfellesskap enn berre den norske, og ei anna form for internasjonalitet enn den engelskspråksbaserte. Denne viser seg mellom anna gjennom dei vitskaplege tidsskrifta med «nordisk» eller «skandinavisk» i tittelen.
Og til slutt: Heller ikkje dette er ein argumentasjon for å slutta å publisera forsking på engelsk.
Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager