høgskulen i volda

Siste styremøte før ny direktør er på plass

I mars får Høgskulen i Volda ny høgskuledirektør. På det siste møtet før han kjem, skal styret mellom anna drøfta utviklingsavtale og etatsstyringsmøte. Sjå møtet direkte her.

Styret ved Høgskulen i Volda legg opp til fire styremøte dette semesteret. Biletet er frå eit av møta i 2025.

Jan Olav Baarøy byrjar i stillinga som høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda (HVO) 1. mars. Då er det nesten eitt år sidan Ann-Kristin Emblem, etter ein lang prosess, sa opp stillinga si. Frå våren 2025 er det Oddrun Rangsæter som har vore konstituert som høgskuledirektør. Ho har vore lånt ut frå Universitetet i Oslo.

29. januar skal høgskulestyret samlast til årets første møte, og til det siste møtet der det er Rangsæter som sit ved sida av rektor og styreleiar Odd Helge Mjellem Tonheim. Møtet ser du direkte her frå klokka 10.

Ny doktor

Blant sakene som skal drøftast er utviklingsavtalar, som forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland til humring frå salen trekte fram som årets nyord under Kontaktkonferansen tidlegare i januar. Også tildelingsbrev og etatsstyringsmøte er blant sakene som skal drøftast.

Styret skal også tildela ein kandidat doktorgrad. Som Khrono har skrive før, har høgskulen fått sitt første eigne doktorgradsprogram. I tillegg har HVO ei fellesgrad saman med Høgskulen i Molde, og no er det ein kandidat som har vore knytt til dette doktorgradsprogrammet som formelt vert kreert til doktor av styret. Disputas vart halde før jul.

Dette skal dei drøfta

Her er heile sakslista til styremøtet:

  • 1/26 — Godkjenning av innkalling og sakliste
  • 2/26 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret 11.12.2025
  • 3/26 — Orientering frå rektor
  • 4/26 — Tildelingsbrev 2026 — Høgskulen i Volda
  • 5/26 — Utvklingsavtale -arbeidsplan
  • 6/26 — Etatsstyringsmøte med Kunnskapsdepartementet
  • 7/26 — Styreseminar mai 2026
  • 8/26 — Tildeling av graden Philosophiae doctor (ph.d.) — Astrid Gravdal Vølstad
  • 9/26 — Årleg lønsvurdering og lønsfastsetting rektor
  • 10/26 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
  • 11/26 — Ymse
Powered by Labrador CMS