Debatt ● Pavlova, Hestholm, Gjelstad, Aaberge og Leirpoll

Utdanning på nett — småskalaerfaringar frå Sogndal

Sosiologmiljøet i Sogndal er ferdige med eit følgjeforskingsprosjekt på Noregs første heildigitale studieprogram i sosiologi. Her deler dei av kunnskapen dei har fått for å lukkast med slike studium.

Heildigital undervisning i sosiologi ved Høgskulen på Vestlandet. Fem personar er med i eit digitalt møte i kvart si rute på skjermen.
Heildigital undervisning i sosiologi ved Høgskulen på Vestlandet
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

«Studiet gir muligheter til faglig påfyll og utdanning til personer som ikke har økonomisk mulighet til å slutte i jobb for å bli student.»

«For min del så er det avgjerande for i det heile tatt få tid til å studere pga. jobb og familie (med 3 barn) og fordi eg er busett ein stad det ikkje finst høgskulestudium.»

«Jeg syns det er veldig interessant å lære om samfunnet og mennesker i samfunnet. Valgte nettstudie fordi jeg ikke er i stand til å studere fysisk nå pga helse»

Dette er nokre av grunnane til at studentar har valt den heildigitale utdanninga i sosiologi ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Kartleggingsundersøkinga vår ved studiestart identifiserte ei heterogen gruppe studentar med tanke på alder, livssituasjon og arbeidserfaring. Grovt sett kan vi seie at studentane våre har to hovudmotivasjonar for studiar — ein fagleg motivasjon (hovudsakleg i form av interesse for faget, ønskje om fagleg påfyll og ettertrakta kompetanse) og ein arbeidslivsretta motivasjon (enten i form av karrierestiging, karriereskifte, auka jobbmoglegheiter eller høve for å arbeide fullt/deltid ved sidan av studiet).

Vi har følgt debatten i Khrono og i andre medium kring nettbaserte utdanningsprogram. Vi har også høyrt bekymringa til forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland kring digital utdanning og fråfall. Og for å ikkje hamne i synsefella, og ikkje minst for å få eit betre kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling av studiet har vi som kollegium starta eit følgjeforskingsprosjekt på Noregs første heildigitale studieprogram i sosiologi. Vi har samla inn data via kartleggingsundersøking, studentintervju ved studiestart og etter avslutta første år på studieprogrammet (vi har også snakka med studentar som har valt å avslutte studiane), via emneevalueringar og monitorering av Canvas-bruken, vår digitale læringsplattform.

Funna våre seier noko om vårt «case» og vil ikkje nødvendigvis vere representative for alle nettstudium på tvers av fagområde. Vi trur likevel det har ein verdi i å dele våre funn med kollegaer i UH-sektoren:

  • Tid er alt. Tid til lesing og sjølvstendig arbeid er heilt sentralt for å lukkast i studieløpet. Tidsaspektet er for mange hovudgrunnen til å slutte på studiet. Bachelorgraden vår er eit heiltidsstudium og krev systematisk jobbing over tid. Nokre fortel om ein arbeidsgjevar som ikkje er villig til å gje lesedagar / eksamensdagar. Nokre fortel om at dei var tidsoptimistar, men ser no at studiet tek meir tid enn venta, og dermed er det jobb / familie som blir prioritert. Samtidig fortel mange studentar om kreative tilpassingar for å få det til å gå rundt.
  • Eit fysisk læringsrom. Studentane fortel om kor viktig det er å etablere fysiske rom i huset («mitt eige lille klasserom» som ein student kallar det) og vere disiplinerte til å vere i det fysiske rommet medan dei følger undervisning eller samarbeider med medstudentar. Å følgje med på førelesinga på toget, i bilen eller medan barna er på fotballtrening er noko dei gjer i tillegg, ikkje i staden for djupnelesinga.
  • Verdien av fagleg dialog på uformelle arenaer. Etablering av læringsfellesskap og felles læringskultur er viktig, men kan vere utfordrande på nett. Å anerkjenne den uformelle arenaen (utanfor vårt digitale fellesskap) har vore viktig. Studentane «snakkar fag» med sine kollegaer, sambuarar, barn, venner, osv. På desse arenaene blir kunnskapen utvikla, delt og brukt i praksis. Sosiologifaget gjev refleksjonar på kvardagslivet og vi ser at studentane i stor grad internaliserer kunnskapen frå studiet og brukar den i kvardagen. Sosiologistudentane fortel om eit meir aktivt forhold til samfunnet rundt seg etter at dei har starta på studiet.
  • Dei vil ikkje ha «ein fabrikk». Kvalitet på undervisninga er eit sentralt punkt for å halde oppe motivasjonen i studentgruppa. Dei ønskjer ikkje ein «Youtube-kanal» med ferdiginnspelte videoar, men ekte folk som presenterer dagsaktuelle døme, som deltek i samtalen etter førelesinga, som legg opp til digital fredagskaffi med påfyll ein gong i blant og som kjem med eit kritisk blikk på fagstoffet. Som fagmiljø er vi ganske ferske som nettundervisarar, men det som går igjen i datamaterialet er at studentane opplever å bli kjende med oss på ordentleg.

Sosiologimiljøet i Sogndal skreiv ein kronikk om den digitale vendinga på studieprogrammet i sosiologi i ei lokalavis for eit år sidan. Der argumenterte vi for at samfunnet framleis har ein stor «talentreserve» vi bør sleppe til, høyre på og samtale med i høgare utdanning. Ein talentreserve som av ulike grunnar ikkje kan velje campusbaserte tilbod. Vi meiner ordskifte og forståing blir rikare og betre, om fleire stemmer kjem fram. Desse håpefulle vyane ser delvis ut til å gå i oppfylling: Dette er eit tilbod til studentar som elles ikkje ville ha studert. I arbeid og innsats er nettstudium ikkje ein billigare veg til studiepoeng og gradar, sjølv om studentane sparar pengar på reiser og hyblar. Ein god del som startar på studiet kastar inn handkledet når dei ser kva som krevst av tid og innsats. Og dei som gir opp (for denne gongen) gjer det utan å klandre fagmiljøet. Dei som blir verande klarar godt å sjå relevansen av sosiologien i roller dei elles har som arbeidstakarar, politisk engasjerte borgarar, eller gjennom opplevingar som har ført dei ut av arbeid eller utdanning.

Men vi vil ikkje rosemåle nettstudium. Det å vere student har mange fleire sider enn berre å lære eit fag. Sosialt liv og lausriving heimanfrå er noko dei fleste veks på og minnest med glede. På lik linje med Sigrun Aasland meiner også vi at eit campusstudium er best for 18- 19- åringar som elles ikkje har gode grunnar for å studere på nett. Men dei vi møter flest av er folk som ser vårt tilbod som det einaste moglege, og som er glade for at det finst.

Digitaliseringa har for lengst skylt over sektoren, men mykje av høgare utdanning er framleis analog og stadbunden, noko som er bra. Auken i fleksible og digitale studietilbod (ilag med økonomiske innsparingar) har skapt uvisse om korleis dette påverkar kunnskaps- og kompetanseutviklinga i høgare utdanning. I dette landskapet meiner vi at erfaringane våre med småskalaforsøk som den nettbaserte utdanninga i sosiologi ved HVL er verdfulle.

 

Powered by Labrador CMS