Fryktar korona kan bli klimabrems
Ber om grøne krisepakkar
Det internasjonale energibyrået åtvarar mot reduserte investeringar i fornybar energi som følgje av økonomiske nedgangstider i kjølvatnet av koronakrisa.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
På kort sikt kan den globale stillstanden føre til nedgang i dei globale klimagassutsleppa. Den økonomiske nedgangen som koronakrisa fører med seg kan likevel true klimatiltak på lengre sikt, åvarar det internasjonale energibyrået IEA (International Energy Agency).
Derfor oppmodar direktøren i IEA, Fatih Birol, regjeringar til også å lage grøne krisepakkar som sikrar investeringar i fornybar energi.
— Det er ingen grunn til å feire ein sannsynleg nedgang i utslepp som følgje av økonomisk krise, for kjem ikkje dei rette politiske og strukturelle tiltak kjem denne nedgangen ikkje til å bli berekraftig, seier Birol til avisa The Guardian.
Oljeprisane er på det lågaste på 30 år og påfører olje- og gassnæringa store tap. IEA-direktøren fryktar store og nødvendige, men svært kostbare investeringar i Prein energi kan bli bremsa opp.
IEA meiner styresmakter bør sjå krisa som ei viktig opning til å få det nødvendige grøne skiftet til å skyte fart.
— Vi bør ikkje tillate at dagens krise hindrar overgangen til grøn energi, seier han.
Nylige artikler
Dei er i gang med andre runde i arbeidslivet: — Kan ikkje berre gå heime
To studentar vart drepne i masseskyting under eksamen
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Ikke legg ned Akademisk dugnad
NTL og de andre
Mest leste artikler
Delstaten Florida boikotter fem norske universiteter
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Svarer «langsom professor»: — Ikke mulig å drive toppforskning med norsk arbeidsmoral
Hardt ut mot stempel som ekstrem. — Orwellsk nytale
Student fekk stryk etter bibelske svar om kjønn. Sensor suspendert