Høgskulen i Volda
Framleis stramt i Volda: — Kan ikkje avlysa økonomisk utfordrande framtid
Resultatet frå Høgskulen i Volda vart betre enn frykta i 2025. Men framleis er det stramme økonomiske rammer, der mellom anna tilsetjingar skal drøftast i dekanmøte.
Volda (Khrono): «Det er lagt inn reduksjoner som de ansatte vil kjenne på videre fremover».
Det heitte det då styret ved Høgskulen i Volda (HVO) hadde det siste styremøtet i 2025. Då styret var samla til møte denne veka, viste det seg at dei endelege 2025-tala vart betre enn frykta: Ein går ikkje i minus på drift, og har nokre avsetjingar som mellom anna skal brukast til investeringar.
Men det er opptil fleire «men» her:
— Me har færre tilsette, og me har framleis utfordringar, særleg med mindre statlege løyvingar og fall i bidrags- og oppdragsinntekter (BOA). Så me kan ikkje avlysa ei økonomisk utfordrande framtid, men me har litt betre tid, sa rektor og styreleiar Odd Helge Mjellem Tonheim i innleiinga si.
Ikkje stillingsstopp
— Kva betyr det at ein har færre tilsette?
— Me er meir restriktive med tilsetjingar, både når det gjeld mellombelse og faste stillingar. Alle tilsetjingar skal drøftast på dekannivå, seier Tonheim til Khrono.
— Kor mange færre kan ein verta før det vert problematisk?
— Det er ei viktig vurdering me må gjera i kvart einskilt tilfelle. Det er ikkje slik at me seier nei til alle tilsetjingar, og me har ikkje stillingsstopp.
Økonomidirektør Janicke Driveklepp gjekk meir i djupna av tala: Lønskostnadene er elleve millionar lågare, og bidrags- og oppdragsinntektene er også lågare enn venta.
— Nokre BOA-inntekter, særleg øyremerka midlar til vidareutdanning av lærarar, er lagt inn på annan post. Men me har også ein generell nedgang, sa Driveklepp.
— Me kan ikkje forventa meir BOA-inntekter i år heller dersom me ikkje klarar å skaffa meir aktivitet. No ligg me på 2021-nivå.
Vil ha debatt om BOA
— Ein bør ha ein skikkeleg debatt om BOA dersom ein ønskjer reell handlefridom, sa eksternt styremedlem Roar Tobro.
— Problemet er at nedgangen no er løn. Det underliggande er at ein målar seg inn i eit hjørne der det underliggande er at det berre er løn ein kan ty til.
Tusenkronersspørsmålet kom frå studentrepresentant Mathea Dagestad: Korleis kan ein få meir pengar gjennom dei ulike utlysingane i Forskingsrådet?
Det hadde ikkje styret noko svar på på ståande fot.
— Men det som er viktig å vita, er at me i dag finansierer mellom 26 og 28 stillingar med BOA-midlar, sa Janicke Driveklepp.

Nylige artikler
Kunnskap er vår viktigste beredskap
Rektor vil ha mindre negativt snakk om ledelse
25 prosent flere vil lære seg fransk. — Utrolig gledelig
Podkast som vurderingsform
Studentenes rettssikkerhet, personvern og opphavsrett skal ivaretas
Mest leste artikler
Foreleseren kaster ut alle som bruker skjermer under forelesningene
Studenter skriver bevisst dårligere for å unngå KI-mistanke. — Ikke gjør det
Nav står fast på at ekstern sensor ikke får sykepenger
Stor vekst i søkertallene
Flere vil la rektor bortvise studenter raskere