Debatt ● Unni Eikeseth
Kom opp av skyttargrava, Nammo!
Informasjonsdirektør Thorstein Korsvold i Nammo kjem med skarp skyts mot boka Krigens laboratorium som bommar kraftig på målet, svarar Unni Eikeseth.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I eit innlegg kjem informasjonsdirektør i Nammo med kritikk av mine argument på bakgrunn av eit intervju om boka mi Krigens laboratorium.
Før eg svarar på kritikken vil eg først rose Nammo for å vere ein av dei norske våpenprodusentane som viste førebiletleg openheit då eg kontakt i samband med bokprosjektet.
Dei sleppte meg inn, gav meg tilgang til fagfolk og brukte ressursar på å vise meg rundt og hjelpe meg til å forstå kva Nammo driv med. Som eg skriv i takkeordet i boka mi er denne type openheit eit kjenneteikn på eit fungerande demokrati. Dette ville ein kanskje tru er sjølvsagt, men var ikkje tilfelle for alle våpenprodusentar eg kontakta.
Så til kritikken.
Korsvold vil tydelegvis gjerne sette meg i båsen naiv fredsaktivist. Det er forståeleg, det er enklare å lage ein stråmann og avfeie mine argument på denne måten. Men det er ureieleg, og her tar Korsvold også feil.
Når han les boka mi vil han sjå at eg er open og genuint interessert i å forstå kva for rolle vitskap og teknologi har i norsk våpenutvikling. Eg har forståing for synspunkta om at våpen også kan redde liv, og eg skriv at det ikkje er nokon moralsk skilnad på dei som produserer og utviklar våpen og norske borgarar som har bestemt at vi skal ha våpenproduksjon. Boka mi tar heller ikkje stilling til om våpenproduksjon skal eksistere.
Det eg påpeikar er at det er eit paradoks at dei etiske reglane seier at vitskap og teknologi skal brukast til menneskets og verdas beste, men at vi nyttar det til å lage dødelege våpen.
Det er dessutan interessant at informasjonsdirektør Korsvold forsøker å diskreditere mine synspunkt fordi dei fell saman med fredsrørsla, som om han sjølv skulle vere ein nøytral aktør i desse spørsmåla. Som kjent er det vanskeleg å sjå utfordringar ved ei verksemd, når ein blir løna av same verksemd.
I sin kronikk framhevar Korsvold velkjente synspunkt som at våpenkappløp og opprusting er naturgitt og umogleg å stoppe. Derfor treng våpenindustrien dei beste hovuda, som han seier. Det er nettopp denne type mytar og argumentasjon eg håpar å få ein debatt om med boka.
Vi treng ein forskingsbasert diskusjon om våpenkappløpet, og om å bruke ressursar på dette verkeleg er den beste måten å trygge norske interesser.
Det kan vere greitt å hugse på at Korsvold sin jobb først og fremst er å forsvare Nammo sine interesser, og det er ikkje einstydig med norske interesser.
Han har tidlegare stått på barrikadane for Nammo sin rett til å selje panservernvåpen til Israel via Nammo sitt underselskap i USA. At Nammo sine våpen kan ha blitt brukt til drap på sivile i Gaza bidrar til å undergrave folkeretten, og det er slett ikkje i Noregs interesse.
Til sist oppfordrar informasjonsdirektøren i Nammo norske forskarar til å engasjere seg i forsvarsindustrien, som er eit pent ord for våpenindustri. Det er forståeleg at Nammo vil ha innpass i norske utdanningsinstitusjonar og forskingsinstitusjonar for å dra nytte av forskingsarbeid og rekruttere dyktige studentar. Men dette er det ikkje Nammo som skal avgjere.
Universitetsdemokratiet og den norske allmenta må diskutere om vi ønsker tette band mellom våpenindustri og statleg finansierte institusjonar.
Til sist vil eg komme med ei oppfordring; sjølv om Nammo har rikeleg tilgang på ammunisjon betyr det ikkje at dei må grave seg ned i skyttargraver og skyte med skarpt. I realiteten har eg invitert til fredeleg dialog og diskusjon om eit viktig tema som angår alle i Noreg, nemleg korleis vi ønsker å bruke våre ressursar og våre kloke hovud i ei tid der vi står overfor store utfordringar som klima- og naturkrise og uro.