Debatt ● Åse Wetås

Kva seier eigentleg språklova?

UiA jobbar for at nynorsken skal vera synleg, og universitetet gjer det ved å satsa på bruk av mykje nynorsk i visse typar tekst. Det er bra, men det oppfyller ikkje intensjonane i språklova.

Kvinne i blå jakke står innendørs og ser alvorlig mot kamera.
Det er mogleg å nå målet om 25 prosent nynorsk, men det krev gode rutinar, og lovkravet må vera forankra i heile verksemda, skriv direktør Åse Wetås i Språkrådet.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I eit innlegg i Khrono 4. februar kjem språkutvalet ved Universitetet i Agder med nokre utsegner om språkpolitikken og tilsynet med bruken av nynorsk og bokmål som det er naudsynt å kommentera.

UiA jobbar for at nynorsken skal vera synleg, og universitetet gjer det ved å satsa på bruk av mykje nynorsk i visse typar tekst. Det er bra, men det oppfyller ikkje intensjonane i språklova. 

Regelen om veksling mellom skriftspråka gjeld for alle allment tilgjengelege dokument, til dømes nyhendesaker, rettleiingar om eksamen, studieplanar og emnesider. Lova seier at ein skal veksla i heile denne mengda, og lova krev at ingen av dei to skriftspråka over tid skal vera representerte med mindre enn 25 prosent av den totale tekstmengda.

Lovkravet om veksling mellom skriftspråka er eit krav som verksemdene må integrera i planverk og rutinar, nett som ein gjer når ein syter for økonomistyring i tråd med gjeldande regelverk, sikrar at arbeidsmiljøet svarer til krava i arbeidsmiljølova og ser til at alle følgjer sakshandsamingsreglane. På desse områda godtek ein ikkje at det utviklar seg ein «de facto» lokal politikk, og ein har klare mål som ein rapporterer på i heile verksemda.

Korleis fungerer tilsynet? Språkrådet fører tilsyn med etterleving av dei reglane i språklova som handlar om veksling mellom nynorsk og bokmål. Kontrollverksemd og føring av statistikk er ein naudsynt del av tilsynet, for Språkrådet har sett gjennom mange år at få verksemder stettar krava på eige initiativ.

Hausteroboten til Nasjonalbiblioteket og Språkrådet haustar data frå nettstadene til alle dei sentrale statsorgana kvart år. Utrekninga av prosenttala for nynorsk og bokmål er basert på ordmengd, ikkje sidetal eller dokument, sidan det er vanskeleg å bruka side og dokument som måleining for digitalt publisert tekst.

Før vi starta med robothausting, måtte verksemdene sjølve føra full manuell rekneskap over bruken av nynorsk og bokmål. Dette var ein tidstjuv for dei, og difor er arbeidet no sett ut til hausteroboten. Vi meiner dette er eit framsteg, sjølv om robothaustinga ikkje er feilfri.

Det som kjenneteiknar verksemder med jamt høg nynorskprosent, er at dei dagleg skriv mykje nynorsk i heile organisasjonen. 

Åse Wetås

Haustemetoden er uansett den same for alle verksemdene vi fører tilsyn med. Når hausten frå UiA omfattar mindre nynorsk enn hausten frå andre universitet, er det truleg ikkje eit resultat av innhaustingsfeil. Vi utviklar tilsynet vårt heile tida, og dialogen med verksemdene er ein viktig del av dette arbeidet.

Tilsynsarbeidet vårt omfattar ikkje berre kontroll, men også rettleiing og dialog, som er svært viktig i arbeidet. Det som kjenneteiknar verksemder med jamt høg nynorskprosent, er at dei dagleg skriv mykje nynorsk i heile organisasjonen. 

I 2024 hadde 30 verksemder ein nynorskprosent på mellom 25 og 75 i ny tekst på nett. Det er meir enn i åra før. Dette viser at det er mogleg å nå målet om 25 prosent nynorsk, men det krev gode rutinar, og lovkravet må vera forankra i heile verksemda.

Powered by Labrador CMS