Debatt ● Verónica Pájaro og Magnhild Selås

Målingar frå Språkrådet hjelper oss lite i arbeidet med å fremje nynorsk på UiA

I år kjem vi ikkje til å leggje vekt på statistikkane frå Språkrådet over bruken av nynorsk. Målingane er for upresise. Vi skal heller jobbe med å gjere nynorsk meir synleg.

To smilende personer vist side om side i et delt portrettbilde
Vi reknar det som vanskeleg — eigentleg umogleg — å nå 25 prosent nynorsk på alt offentleg digitalt nærvær i 2026, skriv forfattarane. — Det vi ser på som god språkpolitikk, forsvinn i desse prosentane.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I skrivande stund er språkrådets bot-ar godt i gang med å samle data over språkbruk i høgare utdanningsinstitusjonar. Innsamla data vil bli brukte for å lage statistikk om bruk av målform på nettsider, sosiale medium og offentlege innlegg ved alle dei norske universiteta og høgskolane.

På denne måten bidrar Språkrådet med å gi ei oversikt over status til norsk språkpolitikk i UH-sektoren. I 2025 kom UiA på ein pinleg botnposisjon i statistikken, slik Khrono rapporterte 21. juli 2025 og sektoren debatterte i fellesferien.

Rektoren vår, Sunniva Whittaker, svarte med å framheve den aktive rolla UiA har tatt i språkpolitisk arbeid, både lokalt og nasjonalt, og lova Khrono at vi skulle oppnå 25-prosentkravet i språklova i 2026. 

Men det når vi ikkje.

Dette har vi visst heilt sidan vi fekk tilsendt meir fullstendige data frå Språkrådet om korleis målingane blir utførte og vi gjorde ein grundig analyse av UiAs tal.

Så kvifor klarer vi det ikkje? Det har til dels å gjere med korleis bruk av nynorsk blir målt ved hjelp av automatiserte verktøy, dels med statusen til nynorsk i samfunnet og dels med korleis språkpolitikk fungerer i praksis på institusjonsnivå. 

UiA oppfyller ikkje krava i språklova. Ifølge statistikken frå i fjor er under 4 prosent av UiAs nettsider på nynorsk. Det lovpålagde målet er 25 prosent.

Det er eit kvantitativt faktum. Talet gir likevel eit ufullstendig bilde og dannar eit dårleg grunnlag for språkpolitisk arbeid og språkplanlegging.

Påstanden frå direktør Åse Wetås i Språkrådet om at dette viser manglande vilje og at ingen ser ut til å bry seg, er forenkla og lite konstruktiv. I eit innlegg no i februar skriv ho i Fædrelandsvennen at Språkrådet held fram med å måle alle typar tekst for å sjå endringar i bruken av nynorsk. Innlegget bringar ikkje noko nytt inn i debatten.

I målinga inngår ikkje berre hovudområdet, i vårt tilfelle uia.no: Roboten samlar informasjon frå både statiske og dynamiske sider, frå studieplanar, reportasjar og innlegg i sosiale medium. Alle tekstar er likestilte i målinga.

Kartlegginga er omfattande, men tar ikkje omsyn til kvalitative forskjellar i innhaldet som er målt. For eksempel er framsida på uia.no og informasjon gitt til nye studentar svært sentrale og synlege tekstar. Arkiverte, omfangsrike saker som ingen les, er omtrent usynlege. Dette er ein viktig nyanse om ein er interessert i å vurdere kva slags status og synlegheit kvart av skriftspråka har på institusjonen.

UiA slit på Språkrådets målingar fordi Agder og Noreg slit på dei same måla.

Vidare blir statistikken danna med utgangspunkt i talet på ord, ikkje talet på tekstar. Dermed kan ein lang tekst frå eit lite synleg underdomene telje meir enn fleire kortare, sentrale tekstar.

Ei enkel løysing for å betre nynorskstatistikken kan då vere å automatisk omsette store mengder tekst frå lite synlege underdomene som blir styrt sentralt av leiinga eller kommunikasjonsavdelinga.

Det ville betra statistikken utan å forandre praksis eller status til målformene elles. Vi oppfattar ikkje dette som intensjonen bak lova. Derfor vil vi ikkje bruke Språkrådets måling som eit mål eller verktøy for vårt språkpolitiske arbeid.

UiA er ein del av det større norske samfunnet, og språkbruk internt på universitetet speglar utfordringar som eksisterer elles i samfunnet, både på nasjonalt og regionalt nivå. UiA slit på Språkrådets målingar fordi Agder og Noreg slit på dei same måla.

Språkpolitisk arbeid ved eit universitet skjer ikkje gjennom vedtak, men gjennom levande språkbruk. Universitetets tekstar er skrivne av mangfaldige kjelder og forfattarar.

Her skriv alt frå administrative og vitskaplege tilsette med ansvar for studieplanar og emnebeskrivingar, til kommunikasjonsmedarbeidar og studentar som lagar saker på sosiale medium og interne sider.

Mangfaldet av skrivande gjer det vanskeleg å sette i verk enkle tiltak. Dei språklege vala til kvar enkelt utgjer UiAs de facto språkpolitikk, noko som er vanskeleg å forandre gjennom sentralstyrte politiske avgjerder eller intervensjonar frå leiinga.

Språkpolitisk arbeid ved eit universitet skjer ikkje gjennom vedtak, men gjennom levande språkbruk.

Som språkpolitisk utval meiner vi at rolla vår er å arbeide for likestilling mellom målformene i universitetets digitale og fysiske landskap.

Men vårt arbeid i utvalet er ikkje å optimalisere statistikken, men å styrke status og synlegheit for nynorsk der det faktisk betyr mest. Vi vil vere med på å auke nærværet og statusen til nynorsk i samfunnet. Vi har derfor valt å ikkje legge vekt på måling i utforming av strategien og arbeidet vårt nå. 

Dette er ikkje fordi vi ikkje bryr oss eller manglar vilje til å halde oppe lovpålagde krav, det er i mandatet for det språkpolitiske utvalet ved UiA, men heller fordi vi forstår språkpolitisk arbeid annleis. 

Kva jobbar vi då med? Den komplekse, samansette situasjonen som forklarer statistikken for bruk av nynorsk på UiA, gjer at vi jobbar frå ulike frontar. For oss er det viktigast at nynorsken er synleg overfor studentar på UiA.

Studentar som skriv nynorsk, skal kjenne seg sett, ivaretatt og representerte på universitetet. Vi vil prioritere å arbeide for ein meir balansert bruk av målformene overfor dei. Det gjeld sentrale praksisar som målform i eksamen, informasjon på nettsider retta mot studentar og innlegg på sosiale medium. 

I kommunikasjonen til UiA ønsker vi å prioritere synleg nynorsk på statisk innhald om organisasjonen, innhald på fakultets- og instituttsider, i nyheitsartiklar og forskingsformidling.

Kommunikasjonsavdelinga er allereie godt i gang med dette arbeidet og har, for eksempel nådd mellom 25 og 30 prosent nynorsk på våre eigne saker på UiA.no. 

Det finst ingen enkle løysingar for korleis vi kan oppnå den lovpålagde fordelinga i bruk av målformene. Språkpolitikk er eit demokratisk fenomen som blir forma ut i og av fellesskapet. Dette kan gjere språkplanlegging krevjande, men også spennande.

Dermed reknar vi det som vanskeleg — eigentleg umogleg — å nå 25 prosent nynorsk på alt offentleg digitalt nærvære i 2026. Det vi ser på som god språkpolitikk, forsvinn i desse prosentane.

Vi vil prioritere i tråd med det vi tolkar som formålet til kravet: at nynorsk er synleg og til stades på UiA, særleg i kommunikasjon overfor studentane våre, sjølv om vi ikkje kjem til å nå 25 prosent nynorsk i år heller.

Powered by Labrador CMS