Kuttar stipend til studentar frå sør

Hilde Kristin Strand
statsbudsjettet2026 kortnytt

— NORSTIP var eit plaster på eit ope sår. Eit dårleg plaster, men betre enn ingenting. Når regjeringa no kuttar over hele linja, er det fullstendig uakseptabelt.

Det skriv Henriette Reierson Johnstone, leder i SAIH, i ei pressemelding.

Ordninga Norsk stipendordning for studentar frå utvalde partnarland (NORSTIP) skal supplera eksisterande ordningar for akademisk samarbeid med det globale sør, og bidra til å styrka samarbeida, rekruttera til vidare forskingssamarbeid og legga til rette for meir strategiske partnarskap, heiter det i forslaget til statsbudsjett. Ifølge HK-dir, som organiserer ordninga, er det planlagt opptak av 166 nye NORSTIP-studentar hausten 2025.

Det blir ikkje lyst ut nye stipend for 2026, heiter det i statsbudsjettdokumentet. Utanriksdepartementet vil no sjå på uforminga av ordninga, og vurdera korleis ho kan sjåast i samanheng med andre ordningar innanfor høgare utdanningar.

Les alle Khrono sine saker om statsbudsjett 2026 her.

Powered by Labrador CMS