arendalsuka

Professor: Dette kan truga den akademiske fridommen i Noreg

Ein må ikkje vera naiv, åtvarar professor Tore Wig. Han meiner Donald Trump har gjort skade på det amerikanske samfunnet, men seier at også i Noreg kan ein få autoritære leiarar.

— I Noreg står dei aller fleste opp for den akademiske fridommen, seier professor Tore Wig. Men forsking han har gjort saman med Peter Langsæther og Sirianne Dahlum viser at det ikkje er gitt at ein autoritær politikar ikkje hadde fått oppslutnad i Noreg.

Arendal (Khrono): — Risikoen er nesten 50/50 for at Donald Trump vil gjera uoppretteleg skade på USA sitt demokrati dersom han igjen vert president, sa professor Tore Wig i Nettavisen nokre månader før Trump vart vald til president i USA.

Sidan den gong har presseoppslaga vore mange, om fy-ord, kutt i forskingsfinansiering og forskarar som flyktar frå USA.

— Det Trump driv med, er å vilja avgrensa den politiske diskusjonen. Det betyr ein krig mot akademiske institusjonar, fordi dei representerer politiske motstemmer.

Det sa Wig, som er professor i statsvitskap, under ein debatt om akademisk fridom under Arendalsuka. Der viste han ferske tal frå V-Dem, som viser at ein ser ein nedgang i akademisk fridom i fleire land — mellom anna i USA.

— Dette gjeld land som Kina, Russland, og USA. Trump har sagt at «the professors are the enemies», sa Wig.

— Autoritært regime

— Har Trump gjort uoppretteleg skade?

— Ja, det meiner eg. Han har teke landet langt i ein autoritær retning, og han undergrev normer som å respektera utfall av val og at det er legitimt med politiske motstemmer, seier Wig til Khrono.

Under debatten sa han at MAGA-rørsla i USA er eit autoritært regime.

— Ein ønskjer mest makt på eigne hender og går hardt ut mot både akademia, politiske motstandarar og dommarar. Ein følgjer ei oppskrift frå andre land, som Ungarn og Venezuela, seier Wig.

Rektor: Politikarane ønskjer å styra

Også i Noreg har ein sett ønske om meir politisk styring. Det sa Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen (UiB) i si innleiing.

— Det såg me med Senterpartiet i regjering, og ein ser det no med partia på høgresida, sa Hagen, og viste til debatten om tullestudium, som òg har vore livleg debattert under Arendalsuka.

— Ein må legga vekt på kva universiteta betyr for samfunnet, og ein må ikkje ha eit instrumentalistisk syn på at det som betyr noko, er kva forskinga kan brukast til her og no, åtvara Hagen.

At politikarar uttaler seg om kva studium ein meiner ein bør ha, er innanfor, meiner Tore Wig, sjølv om han synest det er fagmiljøa som bør ta desse diskusjonane.

— Det er viktig at akademia forsvarar rolla si. Difor er det relevant å ha ein debatt om kvalitet, seier Wig, og viser til det han sjølv skreiv i Morgenbladet i starten av august:

«For å minske utvanning av grader og universitetsbegrepet bør terskelen for å bli universitet være høy, og internasjonal forskning bør veies tungt i finansieringsmodellen. Deretter kutter man alle luftige politiske mål fra kunnskapssektoren, til fordel for den grunnleggende ideen om at sektoren skal levere best mulig forskning og undervisning – punktum.

Så konkurrerer utdanninger om studenter, studenter om studieplasser, og arbeidsgivere om studenter. De er alle tre aktører med betydelig «skin-in-the-game» og tonnevis mer innsikt i hvilket faglig innhold som er relevant enn det politisk ledelse eller byråkrater har».

Under Arendalsuka tek ein alle lokale i bruk. Aksel Kjær Vidnes frå forskning.no leia debatt med UiB-rektor Margareth Hagen, statsråd Sigrun Aasland, preses i vitskapsakademiet Annelin Eriksen og Eva Grinde, kommentator i Dagens Næringsliv.

Vil mobilisera

Det er eit stykke frå USA til Arendal. Og sjølv om forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland i debatten var tydeleg på at politikarar må kunna seia noko om kva ein vil prioritera, var ho like tydeleg på at ein ikkje skal peika på enkeltfag og seia at dei treng ein ikkje.

Statsråden var oppteken av at ein, for å ta vare på den akademiske fridommen og ein open debatt, må unngå siloar, polarisering og lukka fora.

— Sjølvsagt er det slitsamt med universitet dersom ein ikkje ønskjer ein offentleg debatt, sa ho.

Annelin Eriksen, professor ved UiB og preses i Det norske Vitenskabsakademiet, har sagt i Khrono at tida er inne for å bruka utestemme. Ho er uroa over det ho ser i USA.

— Trump er enklare å lesa enn ein del andre aktørar. Men eg trur det er viktig at me mobiliserer no, og me bør særleg stå opp for dei fagfelta Trump angrip, sa Eriksen.

Peikar på akademia

Så er spørsmålet korleis utviklinga i Noreg er. Ein må ikkje vera naiv, meiner Tore Wig.

— I Noreg står dei aller fleste opp for den akademiske fridommen. Men forsking eg har gjort saman med Peter Langsæther og Sirianne Dahlum viser at det ikkje er gitt at ein autoritær politikar ikkje hadde fått oppslutnad i Noreg. Dette handlar ikkje om partifarge, men det er ting som tyder på at ein er meir tilbøyeleg til å stemma på ein slik type politikar enn før, seier Wig.

Han utdjupar:

— Diskursen er at ein peikar på eliten, på akademia og på media for å seia at noko er gale. Ein politikar som er opportunistisk kan få gjennomslag her.

Powered by Labrador CMS