USA

Protesterer mot Trump-krav om «jødeliste» frå universitetet

Universitetet og jødiske organisasjonar går rettens veg for å stanse krav om utlevering av informasjon om jødiske tilsette og studentar.

Jødiske studentar og tilsette ved University of Pennsylvania er sterkt kritiske til kravet frå styresmaktene om å levere lister med informasjon om jødar.

Rettslege krav om utlevering av namn og personlege opplysningar om jødiske tilsette og studentar møter motkrav — frå jødiske tilsette og studentar.

Ei rekke vitskapeleg tilsette og organisasjonar går imot Trump-administrasjonens forsøk på innhente informasjon om jødiske studentar, professorar og andre tilsette på University of Pennsylvania, melder fleire aviser.

Ifølgje Philadelphia-avisa Philly Voice vart rettslege krav om utlevering av opplysningane lagt fram i november i fjor. Då hadde universitetet nekta sidan juli.

No har representantar frå universitetet, jødiske organisasjonar og andre gått saman om eit motsøksmål for å stanse kravet, som dei meiner vekker assosiasjonar til dei nazistiske jødeforfølgingane. Det å samle inn og overlevere «lister over jødar» gir assosiasjonar til skremmande hendingar i historia, heiter det i rettsdokumenta, referert i Philly Voice.

Samlar seg om søksmål

Det er EEOC (The US Equal Employment Opportunity Commission) som står bak kravet om utlevering av informasjon. Ifølgje EEOC skal informasjonen brukast som eit ledd i å kartlegge antisemittisme, og føremålet skal vere å førebygge trakassering av jødar.

Blant anna ønsker EEOC tilgang til medlemslistene i jødiske organisasjonar og foreiningar, i tillegg til personlege e-postadresser, telefonnummer og heimeadresser.

Trump-administrasjonen har lenge brukt påstandar om antisemittisme som argument for åtak på fleire universitet i USA og dramatiske kutt i løyvingane. University of Pennsylvania er eitt av universiteta som har vore under gransking, og det var som ledd i dette at kravet kom. 

Universitetet skal ha samarbeidd, men sette foten ned då kravet om utlevering av personopplysningar kom frå EEOC.

— Brukt mot jødar

Steven Weitzmann, ein jødisk professor i religionsstudiar ved universitetet, seier til avisa The Guardian at kravet om lister utløyser særleg sårbare kjensler hos jødar.

— Noko av det som får alarmklokkene mine til å ringe, er at jødiske lister historisk har blitt brukt mot jødar. I kampanjen mot jødane var nazistane avhengig av at institusjonar som universiteta overleverte informasjon til styresmaktene.

EEOC vart etablert I 1965 for å motverke mellom anna rase- og kvinnediskriminering på arbeidsplassane. Under president Trump har organet fått heilt andre oppgåver, mellom anna med fokus på hindre diskriminering av kvite menn.

Powered by Labrador CMS