Debatt ● Klaus Mohn

USA truar forskings­sikkerheita

President Trump har kasta ein diger stein i den akademiske andedammen. Min uro er at plasket kan sette flekkar på oss alle.

Det er vel og bra at norske styresmakter mobiliserer midlar til å rekruttere misnøgde amerikanske forskarar, skriv forfattaren. — Men det blir litt smått i den store samanhengen.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Gjennom dei siste åra har me sett nokså gjennomgripande endringar knytt til internasjonal stabilitet, økonomi og politikk. Det har vore endringar i vekst, inflasjon, renter, og forsyningskjeder, med marknadsuro attåt. Me har sett endringar i forholdet mellom Kina og USA, vore gjennom covid-19-pandemien, og vore vitne til krigen i Ukraina og på Gaza. 

Og no møter me Donald Trumps USA.

Etter kvart har desse endingane også sett sitt preg på politiske signal og rammevilkår for høgare utdanning og forsking i Noreg. Me har fått ein Forsvarskommisjon, Totalberedskapskommisjon, Totalberedskapsmelding, og den nye nasjonale sikkerheitsstrategien som kom førre veke.

Temaet har naturleg nok fått aukande merksemd også i Kunnskapsdepartementet, og ikkje minst i forventningane til norske universitet og høgskular. Det påverkar internasjonalt samarbeid og rekruttering, kartlegging av sikkerheitsverdiar og eksportkontrollforskrift, for å nemne noko.

Dette bakteppet er godt reflektert i regjeringa si ferske melding om forskingssystemet (Meld St. 14 (2024-2025)), som fekk tittelen «Sikker kunnskap i en usikker verden.» Samstundes går utviklinga på området no så raskt at det krev mykje å halde tritt, ikkje berre teknologisk, men jamvel politisk.

Systemmeldinga reflekterer i store trekk EU sin definisjon av forskingssikkerheit. Her legg ein vekt på identifisering og handtering av risiko knytt til

1. Uønskt kunnskapsoverføring

2. Uønskt påverknad og innblanding

3. Brot på forskingsetikk og fagleg integritet gjennom bruk av kunnskap og teknologi til å underminere sentrale samfunnsverdiar

Omsynet til uønskt kunnskapsoverføring har hatt stor merksemd dei siste åra, og er godt representert både politikken og i Systemmeldinga, og langt på veg og i oppfølging blant norske universitet og høgskular. 

Men når det gjeld påverknad, innblanding og trugsmål mot akademisk integritet, har me framleis ein veg å gå. Ikkje minst gjeld dette i lys av regimeskiftet i USA.

I viktige spørsmål har ein av våre viktigaste akademiske allierte vendt seg mot oss. 

Det offisielle USA har blitt ein trussel mot klimaet for sikkerheit, stabilitet og samarbeid, også innan høgare utdanning og forsking. Forskingstunge statlege institusjonar er under avvikling i USA, og president Trump har jamvel foreslått å legge ned det føderale Utdanningsdepartementet.

Den politiske kringsettinga av akademia omfattar no og National Science Foundation (NSF), som finansierer store delar av grunnforskinga i USA. NSF fekk først direktiv om å stoppe forskingssøknadar som ikkje passa med Trump-regjeringa sin politiske agenda. Så sa direktøren opp. Og no er det klart at budsjettet for NSF vil bli nær halvert, og alle nye tildelingar er stoppa med umiddelbar verknad.

Ei rekke direktiv frå presidenten legg føringar for innretting av universiteta si verksemd, for å bringe dei i tråd med regjeringa sin politiske agenda. Det politiske omslaget truar sentrale verdiar knytt til autonomi, sjølvstende, internasjonalisering, mangfald og akademisk fridom. 

Det nye er at løyvingar frå regjeringa til universiteta no berre kjem på vilkår om tilslutning til regjeringa sin politiske agenda. Det er vanskeleg å sjå dette som noko anna enn politisk utpressing.

Det er vanskeleg å sjå dette som noko anna enn politisk utpressing.

Klaus Mohn

Columbia University bøygde av for regjeringa sine krav, medan Harvard University tek opp kampen. Men kvar på sitt vis er begge desse universiteta svekka av den siste utviklinga. Ressursmessig råkar svekkinga så godt som alle amerikanske universitet, og tre organisasjonar av leiande amerikanske universitet har no reist søksmål for å utfordre lovlegheita i dei reduserte løyvingane.

Alle kan være einige om at denne utviklinga vekker djup uro. Men litt for mange let framleis til å tenke at dette ikkje gjeld oss, at europeiske og norske verdiar er annleis, og at rammevilkåra for vår akademiske verksemd er robuste for det som no skjer i USA.

Trump-regjeringa si demontering av amerikansk akademia har ringverknadar over heile verda, og det finst neppe ein effektiv vaksine. 

Årsaka er sjølvsagt at akademisk verksemd er gjennomsyra av internasjonalt samarbeid. President Trump har kasta ein diger stein i den akademiske andedammen. Min uro er at plasket kan sette flekkar på oss alle. 

Allereie har me sett forskar-til-forskar-samarbeid og sampublisering er påverka. Det same vil gjelde samarbeid på institusjonsnivå, og ikkje minst gjennom amerikansk-dominerte sektororganisasjonar.

Eit eksempel er den amerikanske akkrediteringsorganisasjonen Association to Advance Collegiate Schools of Business, med handelshøgskular over heile verda som medlem. AACSB bøygde av for Trump-regjeringa, og redigerte formuleringar i verdigrunnlaget knytt til mangfald, rettferd og inkludering. Resultatet er at verdigrunnlaget kan bli justert for handelshøgskular verda over.

Når akademiske kjerneverdiar vert utsett for politisk utpressing i verdas viktigaste forskingsnasjon, er det mykje som står på spel. Det er vel og bra at norske styresmakter mobiliserer midlar til å rekruttere misnøgde amerikanske forskarar. Men det blir litt smått i den store samanhengen, og tiltaket gjer lite for å løyse hovudproblemet.

Ei stormakt på kunnskapsfeltet har gått frå viktig alliert til å utfordre akademiske kjerneverdiar. Store kutt i budsjetta til høgare utdanning og forsking er følgt opp av politisk motiverte vilkår for vidare statleg finansiering. Dette handlar om uønskt påverknad og innblanding, og dessutan brot på forskingsetikk og fagleg integritet. 

I sum utgjer politikkskiftet i USA ein risiko for forskingssikkerheita, ikkje berre i USA, men indirekte og i Europa og Noreg.

Korleis norske universitet og høgskular skal møte denne utviklinga gjennom vernebuing, oppdemming og effektive mottiltak er noko me må snakke mykje om i tida som kjem.

Powered by Labrador CMS