Debatt ● Ivar Wathne Oftedal
Ein dum og deilig sjargong – i ein smart og «udeilig» marknad
Egil Kristensens LinkedIn-kritikk har noko fundamentalt riktig i seg, men skytset blir retta feil veg, skriv Ivar Wathne Oftdal.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Egil Kristensen sitt debattinnlegg frå 17. juli var gøyal lesing. Han set ord på det han sjølv kallar eit «hat» mot LinkedIn og den rådande språklege sjargongen der. Eg vil tru at fleire kjenner seg igjen i denne avsmaken for det syltetøysminka biletet ein blir servert på nettsida, noko som delvis stadfestast av enkelte kommentarar under innlegget hans.
I tillegg til å vera gøyalt, syntest eg at innlegget tangerer kjernen av ein generell kritikk av jobbmarknaden som ein kan referera til fleire for å illustrera. Eg vil visa til Erich Fromm og hans Flukten fra Friheten (1941) for å spe på med nokre treffande ord:
«Mennesket selger ikke bare forbruksvarer, han selger seg selv og han føler seg selv som en vare. (…) forretningsmannen (…) selger sin «personlighet». De må ha en «personlighet» for å selge sine produkter eller tjenester. Denne personligheten bør være tiltalende, men den bør også ha visse andre egenskaper: energi og den spesielle form for initiativ som virksomheten fordrer.»
Med dette i mente er det på sin plass å forsøka å setja halen på den rette grisen: korfor vekkast dette hatet i Kristensen – og presumptivt hos fleire – av noko som i utgangspunktet ikkje er anna enn eit kompleks samansett av i seg sjølv harmlause script og algoritmar (her må informasjonsteknikarar og andre EBD-kyndige gjerne korrigera mi rudimentære forståing av kva ei nettside er)?
Er det ikkje heller på sin plass å retta kanonane mot LinkedIn i seg sjølv, mot menneska som brukar det, og kanskje aller helst mot marknaden – det vil seia bedriftene som i uviss grad dannar seg inntrykk av moglege framtidige tilsette basert på kva LinkedIn-profilane deira har å «bjuda på»?
Kristensen skildrar språket i eit nettsamfunn – kanskje kan det kallast eit sosialt medium? – kor deltakarane på ukritisk vis løftar fram sine eigne prestasjonar, samstundes som dei panegyrisk hyllar ei kvar oppnåing presentert av andre.
Uansett kor forståeleg det er at desse fenomena framkallar autonome reaksjonar som oppgulp i munnen og eit eitrande sinne, er det for det første kanskje ikkje LinkedIn som bør leggast først på hoggestabben, all den tid den same tendensen, berre endå sterkare, eksisterer i mykje større omfang på andre sosiale medium. For det andre kan LinkedIn inkluderast om ein då også tar for seg dei andre sosiale media, pluss det sosiale nettrommet desse opererer i.
For å ta LinkedIn-skaparane på deira eigne ord: LinkedIn er eit profesjonelt nettverk. Reint bokstaveleg gjev ikkje dette reint lite meining – på LinkedIn kan ein «linka seg in» med og på andre profesjonelle yrkesaktørar, og dermed utvida nettverket sitt. I så måte er det ikkje så merkeleg at brukarar sel inn dei beste sidene av seg sjølv gjennom å forhalda seg til mediet som ein dynamisk CV.
Ingen skriv vel i CV-en sin om lite tilfredsstillande tidlegare tilsetjingsforhold, eller om arbeid ein sjølv har utført som rett og slett var ganske dårleg? Om ein skal hissa seg opp over bodskapen, synest eg i dette tilfellet at bodbringarane, og mølla som har pressa papiret bodskapen er skriven på, bør få passera.
Det som derimot kan kritiserast, er den ovannemnde marknaden. Her trekk eg igjen fram Erich Fromm, som i fortsetjinga av førre sitat skriv:
«Som for enhver annen vare er det markedet som bestemmer verdien av disse menneskelige egenskaper, ja, endog deres tilstedeværelse. Er det ikke noen avsetning for de verdifulle egenskaper en person tilbyr, har han ingen; akkurat som en uselgelig vare er verdiløs selv om den kan ha sin bruksverdi.»
Kven og kva utgjer den aktuelle marknaden i dette tilfellet? Kven bør sjå seg sjølv i spegelen dersom kritikken frå Kristensen skal takast til følgje? Sit kanskje til og med Kristensen sjølv, som fakultetsdirektør ved Handelshøgskulen UiS – ein utdanningsinstitusjon som uteksaminerer nettopp dei som kan, eller bør, eller må bli superbrukarar på LinkedIn, sjølv med sin del av ansvaret for å fora studentar til ein jobbmarknad som favoriserer dei som best sel inn seg sjølv og sine prestasjonar på det profesjonelle nettverket?
Hensikta mi er ikkje at Kristensen skal føla seg skuldig. Hensikta mi er heller at kanskje både han, og alle andre (meg sjølv inkludert) som kan sympatisera med hans uttalte agg mot juba-juba-stemninga på LinkedIn, tenker over kva marknadsdynamikk som fasiliterer, jublar for og held ved lag denne stemninga.
I kva grad bør me innretta oss etter det marknaden – premissleverandøren – bestemmer er verdien av dei menneskelege eigenskapane som ein uunngåeleg blir møtt av i scrollinga på nettverket sitt?
Vidare, er det mogleg å tenka parallelt – å både stilla seg kritisk til delar av innhaldet på LinkedIn, men samstundes akseptera at mediet også kan brukast til ekte kunnskapsformidling og nettverksbygging?
Eg trur kritikken til Kristensen har noko fundamentalt riktig i seg, men at skytset rettast feil veg.
Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager