arendalsuka
Meiner Noreg ikkje bør jakta på dei akademiske stjernene
Kvifor skal toppforskarane velja Noreg, spør Lise Lyngsnes Randeberg i Akademikerne. Ho meiner Noreg bør satsa på ei anna gruppe.
Arendal (Khrono): Å få toppforskarar til Noreg tek tid. I nokre tilfelle kan det ta månadsvis frå dei er tilsette til alt er på plass av visum og opphaldsløyve. Då har sjølve tilsetjingsprosessen kanskje allereie tatt ein gode del månader før dette.
— Kvifor skal toppforskarar velja å koma til Noreg dersom det tek dei eit år eller to å koma hit, spurde Lise Lyngsnes Randeberg, leiar i Akademikerne, under Arendalsuka forrige veke.
Ho har eit anna forslag: I staden for å jakta på dei akademiske stjernene, er det ei anna gruppe forskarar ein bør prøva å få til Noreg.
Noko anna enn løn
Denne gruppa kallar ho dei vitskapelege nomadane, altså forskarar som førebels ikkje har slege seg til ro ein gitt plass. Dette er gjerne forskarar som er i postdok-kategorien.
— Me må tenkja praktisk: Dei aller beste forskarane vil sjeldan velja Noreg. Så kven kan verta dei beste? Dei vitskapelege nomadane kan ein bygga opp frå botnen, seier Randeberg til Khrono.
Eit trygt og fredeleg samfunn, med høg levestandard og tilgang til natur, det er, som Khrono nyleg har skrive, viktige årsaker til at studentar vel Noreg som land å studera i. Og kanskje er dette verdiar òg tilsette set pris på.
Noreg er ikkje øvst på den akademiske rangeringa, og difor kan det vera enkelt å velja landet vekk, meiner Randeberg. Men ho meiner at Noreg har andre fortrinn:
— Me må verta betre på å selja kulturen vår.
Det same sa Tord Lien, tidlegare Frp-statsråd, no direktør i TrønderEnergi, i debatten i Arendal.
— I Noreg er ein for dårleg til å selja inn kvaliteten samfunnet vårt har. Eg trur amerikansk akademia kjem til å lekka folk no, sa Lien.
Han sa vidare at Noreg aldri kjem til å verta best på løn — då må ein bruka andre fortrinn ein har.
Nettverk
For stipendiatar har Noreg vore lukrativt, fordi dei her får løn som stipendiat. At stipendiatar reiser ut av landet når dei har disputert, er ikkje ei ulempe, sa forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland i debatten.
— På den måten får ein faglege nettverk, sa ho.
Det er Randeberg samd i, men ho er svært usamd i at ein skal ha skulepengar for internasjonale studentar.
— Det er ein stor verdi å få folk inn til oss. På den måten får ein nettverk og kontaktar for livet, og er viktig for den vidare rekrutteringa.

Nylige artikler
Full samarbeidsstans i nord. — Mer usikkerhet og uforutsigbarhet
Hvorfor utdannes det ikke flere lektorer i psykologi?
Selv når vi skal bruke KI, er menneskelig kunnskap uunnværlig
Robert Buch (1982—2026)
Ny rapport om amerikansk akademia under Trump: — Katastrofeår
Mest leste artikler
Universitet må selge splitter ny milliard-campus for å dekke underskudd
Professor med bokanmeldelse på 203 sider: «Blottet for intellektuelt innhold»
Han trykte «like» på Trump-kritisk innlegg. Da reagerte amerikanske myndigheter
Lærerstudenter uten karakterkrav stryker mest
Fikk undervisningspris i fjor. Nå fjernes emnet fra bachelorgraden